The Rivieras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Rivieras
AliasThe Playmates (1962-1963)
Wildcat (2000-2010)[1]
OpphavSouth Bend i Indiana i USA
Aktiv1962–1966, 2000-2010
SjangerRock and roll, surferock, garasjerock
PlateselskapRiviera, Columbia, Vogue Schallplatten
Tidlegare medlemmerMarty Fortson (død)
Paul Dennert
Doug Gean
Otto Nuss
Joe Pennell (død)
Jim Boal
Willie Gaut
Bill Dobslaw
Terry McCoy
Stanley «Chip» Baginski
Jeff McKew

The Rivieras var ei USA-amerikansk rock and roll-gruppe,[2] som vart skipa tidleg i 1960-åra i South Bend i Indiana i USA. Dei er mest kjende for hitten «California Sun», skriven av Henry Glover. Trass i bakgrunnen frå landsbygda i Midtvesten vart dei populære med sin eigen variant av surfemusikk, med ein unik organbasert stil. Bandet var òg kjend som eit av dei siste amerikanske rock and roll-banda som gjekk til topps på singellistene før den britiske bølgja. Etter forskjellige endringar i besetninga gav bandet seg i 1966. Sidan den gongen har det vore fleire gjenforeiningar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Rivieras bestod av tenåringar frå South Bend Central High School. Gruppa må ikkje forvekstlast med eit R&B-band med same namn som hadde hittar på slutten av 50- og tidleg på 60-talet. Dei kalla seg først The Playmates, men vart tvungen til å enre namn då det alt var eit band med dette namnet. Dei valte då å kalle seg Buick Riviera.[3]

The Rivieras var ein av mange grupper i Amerika som vart ein del av «frat rock»-rørsla tidleg i 1960-åra. Gruppa fekk den størtste hitten sin i 1964 med «California Sun», og nådde femteplassen på den amerikanske pop-lista. Faktisk var «California Sun» ein av dei siste reine, amerikanske rock and roll-songane på Billboard Hot 100-lista før «den britiske bølgja», og nådde den høgaste plasseringa si same dag som The Beatles toppa lista med «I Want to Hold Your Hand».[4]

I tillegg til den eine hitten deira, fekk The Rivieras tre songar til inn på Billboard Hot 100 i 1964: «Let's Have a Party» (#99), «Little Donna» (#93) og «Rockin' Robin» (#96).[4] Same året kom debutalbumet Let's Have a Party, som nådde 115. plassen på Billboard 200.[4]

Både personlege årsaker og drastiske endringar i popmusikken førte til at gruppa vart oppløyst i 1966.[4]

Nuss, Gean og Fortson starta opp att The Rivieras i 1980 og i 1987 spelte denne besetninga inn eit album som dei selde på konsertane sine.[5]

I 2000 vart bandet starta opp att nok ein gong med namnet Wildcat med dei originale medlemmane Marty Fortson (vokal, rytmegitar), Joe Pennell (sologitar) og Paul Dennert (trommer) i tillegg til Kevin Szucsits (klaverspelar, bass). Namnendringa kom av at dei originale Rivieras-medlemmane Otto Nuss (orgel) og Doug Gean (bass) trekte seg attende. Det nye bandet spelte ein meir moderne, hardare rock.[1]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Marty «Bo» Fortson (fødd 1945): vokal og rytmegitar (1962-1963)
  • Doug Gean (fødd 1951): bassgitar (1962-)
  • Joe Pennell: gitar (1962-1963)
  • Otto Nuss: orgel (1962-1966)
  • Paul Dennert: trommer (1962-1964)
  • Stanley «Chip» Baginski: trommer
  • Bill Dobslaw: solovokal (1963-)
  • Willy Gaut: vokal, rytmegitar (1963-1965)
  • Jim Boal: sologitar (1963-1965)
  • Bobby Wantuch: trommer
  • Clifford Nolte: bassgitar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Let's Have A Party (1964)
  • Let's Stomp with The Rivieras (1964)
  • Campus Party (1965)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

1964
  • «Played On / California Sun» (Riviera #1401) La Porte, Indiana.
  • «California Sun / H.B. Goose Step»(Riviera #1401) South Bend, Indiana.[6]
  • «Let's Have a Party / Little Donna» (Riviera #1402) La Porte, Indiana.
  • «Rockin' Robin / Battle Line» (Riviera #1403) La Porte, Indiana.
1965
  • «Whole Lotta Shakin' / Rip It Up» (Riviera #1405) South Bend, Indiana.
  • «Whole Lotta Shakin' / Whole Lotta Shakin'» (Riviera #1405 DJ) South Bend, Indiana.
  • «Let's Go to Hawaii / Lakeview Lane» (Riviera #1406) South Bend, Indiana.
  • «Somebody New / Somebody Asked Me» (Riviera #1407) La Porte, Indiana.
  • «Never Feel the Pain / Bug Juice» (Riviera #1409) Mishawaka, Indiana.
  • «California Sun / Little Donna / Back In The Sun» (Riviera #1410) South Bend, Indiana.
  • «California Sun '65»[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 HOWARD DUKES (22. april 2011). «Friends, bands honor Rivieras singer». Articles.southbendtribune.com. Henta 3. mai 2018. 
  2. «The Rivieras». Discogs. Henta 3. mai 2018. 
  3. «The Rivieras». Rockabilly.nl. 25. januar 1964. Henta 3. mai 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Koda, Cub. «The Rivieras». AllMusic. Henta 3. mai 2018. 
  5. «The Rivieras». Rockabilly.nl. 25. januar 1964. Henta 3. mai 2018. 
  6. «The Rivieras - California Sun». YouTube. 16. august 2009. Henta 3. mai 2018. 
  7. «The Rivieras - California Sun '65». YouTube. 7. april 2010. Henta 3. mai 2018.