The Roop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Roop
Aktiv2014–
SjangerPoprock, softrock, dance-rock, elektronika, indie
PlateselskapMusica Publica
MedlemmerVaidotas Valiukevičius
Robertas Baranauskas
Mantas Banišauskas

The Roop er eit litauisk poprock-band frå Vilnius. Gruppa vart skipa i 2014 og består av songaren og keyboardspelaren Vaidotas Valiukevičius, trommeslagaren Robertas Baranauskas og gitaristen Mantas Banišauskas. Gruppa skulle ha representert Litauen i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med låten «On Fire», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Roop vart skipa i november 2014 i Vilnius.[2] Dei tre medlemmane hadde alle erfaring frå musikkbransjen tidlegare, og vokalisten Vaidotas Valiukevičius hadde òg erfaring som skodespelar og programleiar. Debutplata To Whom It May Concern vart produsert av plateselskapet DK Records og gjeve ut i 2015.[3][4]

I 2018 deltok The Roop i musikktevlinga Eurovizijos med låten «Yes, I Do». Vinnaren av tevlinga fekk representera Litauen i Eurovision Song Contest, og gruppa enda på tredjeplass.[5]

I 2020 deltok gruppa på nytt i tevlinga, denne gongen med låten «On Fire». I finalen 15. februar 2020 vann gruppa både jury- og telefonrøystinga og vann dermed konkurransen samanlagt.[6] Dei skulle dermed ha representert Litauen i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam. Litauen var trekt til å deltake i semifinale 1 tysdag 14. mai. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 så EBU seg nøydt til å avlysa tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[7]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2015: To Whom It May Concern
  • 2017: Ghosts

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2016: «Hello»
  • 2017: «Dream On»
  • 2017: «Keista draugystė»
  • 2018: «Yes, I Do»
  • 2019: «Silly Me»
  • 2019: «Dance with Your Hands»
  • 2020: «On Fire»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021». Eurovoix (engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «About». THE ROOP (engelsk). Henta 19. februar 2020. 
  3. «THE ROOP». www.facebook.com (norsk bokmål). Henta 19. februar 2020. 
  4. «Lithuania chooses The Roop for Rotterdam». eurovision.tv. 15. februar 2020. Henta 19. februar 2020. 
  5. «Lithuania has decided: It's Ieva Zasimauskaitė!». eurovision.tv. 11. mars 2018. Henta 19. februar 2020. 
  6. «Lithuania: The Roop's grand final televote figures revised». wiwibloggs (engelsk). 19. februar 2020. Henta 19. februar 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  8. «Vaidotas Valiukevičius | TEMA». 15min.lt (litauisk). Henta 19. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]