The Royal Scam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Royal Scam
Studioalbum av Steely Dan
Utgjeve 31. mai 1976
Innspelt November 1975 til mars 1976
Studio
Sjanger
Lengd 41:11
Selskap ABC
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi
Katy Lied
(1975)
The Royal Scam Aja
(1977)


Singlar frå The Royal Scam
  1. «Kid Charlemagne»
    Utgjeve: Mai 1976
  2. «The Fez»
    Utgjeve: 1976
  3. «Haitian Divorce»
    Utgjeve: 1976

The Royal Scam er det femte studioalbumet til Steely Dan, opphavleg gjeve ut av ABC Records i 1976. Albumet selde til gullplate og nådde 15. plassen på den amerikanske albumlista.[3] The Royal Scam er meir gitardominert enn det førre Steely Dan-albumet Katy Lied, som hadde vore det første utan den opphavlege gitaristen Jeff Baxter. Gitaristane på albumet var Walter Becker, Denny Dias, Larry Carlton, Elliott Randall og Dean Parks.

Som mange andre Steely Dan-album har The Royal Scam mange kryptiske antydingar til folk og hendingar som var både verkelege og oppdikta. I eit intervju med BBC i 2000,[4] sa Becker og Fagen at «Kid Charlemagne» er laust basert på Augustus Owsley Stanley, den berykta «dopkokken» som var kjend for å produsere hallusinogene stoff, og «Caves of Altamira», basert på ei bok av Hans Baumann, handlar om tap av uskuld og soga om ein som vitjar Altamiragrotta der han vert forbløffa av dei førhistoriske teikningane. Han er òg inspirert av grotteallegorien til Platon og Keats-diktet «Ode to a Grecian Urn».

Albumet kom ut på ny på MCA Records i 1979, etter at ABC Records vart selt til MCA.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner ein mann i dress som søv på ein radiator og tilsynelatande drøymer om eit skyskrapar-liknande monster. Plateomslaget vart måla av Zox og eit fotografi av Charlie Ganse. Det vart eigentleg laga for eit album av Van Morrison frå 1975 som aldri kom ut, Mechanical Bliss, der konseptet var ein satire over den amerikanske draumen. I teksten til plateomslaget til den ommastra utgåva frå 1999 hevda Fagen og Becker at det var «det mest grufulle plateomslaget i 70-åra, kanskje utanom Can't Buy a Thrill

Eagles-referanse og meir[endre | endre wikiteksten]

I songen «Everything You Did», seier teksten «turn up the Eagles, the neighbors are listening.» Glenn Frey frå Eagles sa «Visstnok elska kjærasten til Walter Becker Eagles, og ho spelte dei heile tida. Eg trur han vart sprø av det. Så soga går at dei krangla ein dag og at det var starten på den linja.» Sidan dei to banda hadde same manager (Irving Azoff) og at Eagles hevda å vere stor fan av Steely Dan, var dette meir vennleg enn vondsinna.[5]

Seinare det året sende Eagles ein takk attende til Steely,[6] og inspirert av tekststilen til Steely Dan,[7] skreiv dei teksten, «They stab it with their steely knives but they just can't kill the beast» i hitten «Hotel California». Frey sa «Men ønskte å berre antyde til Steely Dan i staden for å nemne dei direkte, så 'Dan' vart endra til 'knives,' som på eit vis framleis er ein penismetafor.».[5] Timothy B. Schmit, som song korvokal på «The Royal Scam» vart seinare med i Eagles.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[8]
Chicago Tribune3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[9]
Christgau's Record GuideB[10]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
The Great Rock Discografi6/10[12]
MusicHound Rock3/5[13]
Pitchfork8.3/10[14]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[15]
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[16]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[17]

Albumet fekk ikkje like god omtale som dei tidlegare albuma deira og dei fleste kritikarane var samde i at det ikkje synte noko musikalsk framgang. Den originale meldinga i Rolling Stone var derimot meir positiv,[18] og gav til slutt fem av fem stjerner i ei seinare Hall of Fame-melding.[16] I 2000 vart albumet plassert på 868. plassen på Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Walter Becker og Donald Fagen, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Solo(ar)Lengd
1.«Kid Charlemagne» gitar: Larry Carlton4:38
2.«The Caves of Altamira» tenorsaksofon: John Klemmer3:34
3.«Don't Take Me Alive» gitar: Larry Carlton4:16
4.«Sign in Stranger» piano: Paul Griffin, gitarsolo: Elliott Randall, men ein trur det var i røydna Larry Carlton4:23
5.«The Fez»Becker, Fagen, Paul Griffingitar: Walter Becker4:01
Side to
Nr.TittelSolo(ar)Lengd
6.«Green Earrings»gitar: Denny Dias (1.) og Elliott Randall (2.)4:05
7.«Haitian Divorce»talkbox-gitar: Dean Parks, endra av Walter Becker5:53
8.«Everything You Did»gitar: Larry Carlton3:55
9.«The Royal Scam»gitar: Larry Carlton6:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

[20]

Steely Dan

Andre medverkande


Produksjon

  • Gary Katz – produsent
  • Roger Nichols – lydteknikar
  • Barney Perkins – miksing
  • Dinky Dawson – lydkonsulent
  • Walter Becker – blåsearrangement
  • Donald Fagen – blåsearrangement
  • Chuck Findley – blåsearrangement
  • Ed Caraeff – kunstnarisk leiar
  • Zox – plateomslag
  • Tom Nikosey – typografi


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1976 US Albums 15[3]
1976 UK Albums 11

Singar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Selskap & nummer Listeplassering
1976 «Kid Charlemagne» (B-side: «Green Earrings») ABC 12195 US 82[21]
1976 «The Fez» (B-side: «Sign in Stranger») ABC 12222 US 59[21]
1976 «Haitian Divorce» (B-side: «Sign in Stranger») ABC 4152 (britisk versjon) UK 17[22]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stuessy, Joe; Lipscomb, Scott David (2006). Rock and Roll: Its History and Stylistic Development (5th utg.). Pearson Prentice Hall. s. 320. ISBN 0131930982. The Royal Scam (1976) also utilized numerous extra players and had a clearer jazz-rock fusion sound. 
  2. Obrecht, Jas (1989). «20 Important Rock Albums». I Cassabona, Helen. Rock Guitar. Hal Leonard Corporation. s. 117. ISBN 0881889083. ...Steely Dan issued its funk-oriented The Royal Scam... 
  3. 3,0 3,1 The Royal ScamAllmusic. Henta 13. januar 2021.
  4. «BBC Chat - 3/4/00». www.steelydan.com. Arkivert frå originalen 13. april 2009. Henta 1. desember 2018. 
  5. 5,0 5,1 Excerpted from the 2006 book Is Tiny Dancer Really Elton's Little John?: Music's Most Enduring Mysteries, Myths, and Rumors Revealed, published by Three Rivers Press, skriven av Gavin Edwards.
  6. Was there any kind of a feud going on between Steely Dan and the Eagles in the '70s? Rule Forty Two.com. Glenn Frey: «We just wanted to allude to Steely Dan rather than mentioning them outright, so 'Dan' got changed to 'knives'»
  7. Quotes: Here are quotes from Don and others about his career Feldermusic. «At the time we were also quite fond [of] Steely Dan and listening to a lot of their records. And one of the things that impressed us about Steely Dan was that they would say anything in their songs and it did not have to necessarily make sense you know»
  8. Erlewine, Stephen Thomas. «The Royal Scam – Steely Dan». AllMusic. Henta 14. januar 2021. 
  9. Kot, Greg (16. august 1992). «Thrills, Scams and Nightflys». Chicago Tribune. Henta 13. januar 2021. 
  10. Christgau, Robert (1981). «Steely Dan: The Royal Scam». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 14. januar 2021. 
  11. Larkin, Colin (2011). «Steely Dan». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  12. Strong, Martin Charles (2002). «Steely Dan». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  13. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). «Steely Dan». MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. ISBN 1-57859-061-2. 
  14. Cook-Wilson, Winston (20. november 2019). «Steely Dan: The Royal Scam». Pitchfork. Henta 13. januar 2021. 
  15. «Steely Dan: The Royal Scam». Q (London) (165): 131. June 2000. 
  16. 16,0 16,1 Scoppa, Bud (14. oktober 2004). «Steely Dan: The Royal Scam». Rolling Stone (New York) (959). Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 14. januar 2021. 
  17. Sheffield, Rob (2004). «Steely Dan». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 778–79. ISBN 0-7432-0169-8. 
  18. Tucker, Kenneth (1. juli 1976). «Steely Dan: The Royal Scam». Rolling Stone (New York) (216). Arkivert frå originalen 25. juli 2008. Henta 14. januar 2021. 
  19. Colin Larkin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 267. ISBN 0-7535-0493-6. 
  20. «The Royal Scam - Steely Dan - Credits - AllMusic». AllMusic. Henta 1. desember 2018. 
  21. 21,0 21,1 The Royal ScamAllmusic. Henta 13. januar 2021.
  22. the highest UK chart position for a Steely Dan single