The Scarecrow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Scarecrow
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Piper at the Gates of Dawn
A-side

See Emily Play

Språk engelsk
Utgjeve 16. juni 1967
Innspelt 22. mars 1967
Studio Abbey Road Studios
(London, Storbritannia)
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:11
Selskap EMI Columbia (Storbritannia)
Tower (USA)
Komponist Syd Barrett
Tekstforfattar Syd Barrett
Låtskrivar(ar) Syd Barrett
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
«Arnold Layne»
(1967)
The Scarecrow «Apples and Oranges»
(1967)


«The black and green scarecrow is sadder than me
But now he's resigned to his fate»

Syd Barrett (1967)

«The Scarecrow» er ein song av Pink Floyd på debutalbumet deira The Piper at the Gates of Dawn frå 1967,[1][2] som først kom ut som B-side til den andre singelen deira «See Emily Play» (som «Scarecrow») to månader tidlegare. Han vart skriven av Syd Barrett og spelt inn i mars 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen inneheld gryande eksistensialist-tema, der Barrett samanliknar sin eigen eksistens med fugleskremselet (the scarecrow), som sjølv om det er tristare òg har «avfunne seg med lagnaden sin». Slike tema vart seinare mykje nytta i tekstane til bandet. Songen har eit instrumental parti som er barokk, psykedelisk folk framført med 12-strengs akustisk gitar og cello. Mange band i den tidlege psykdeliske perioden eksperimenterte med lydteknikken og her er alle instrumentane anten ekstremt til venstre eller ekstremt til høgre i stereoen, med to vokale linjer, ei talt og ei sungen. Den amerikanske singelen (Tower 356) kom ut på Tower Records tre gonger mellom juli 1967 og seint i 1968. Han fekk aldri suksessen han fekk i Storbritannia.

Musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

Ein promovideo for songen vat laga for ei filmavis av Pathé og filma tidleg i juli 1967 der bandet tullar seg på ei open eng med eit fugleskremsel. Han syner Roger Waters som fell ned som om han vart skoten og Nick Mason som byter hatt med fugleskremselet.[3] Delar av filmen har blitt nytta under Waters si konsertframføring av «Set the Controls for the Heart of the Sun».

Ein annan video vart filma i 1968 i Brussel i Belgia med David Gilmour i staden for Barrett, der Waters mimar medan han spelar på Rickenbacker-bassen sin med ein fiolinboge.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det industrielle bandet Rx spelte inn «The Scarecrow» på albumet deira Bedside Toxicology. Han vart sungen av Nivek Ogre frå Skinny Puppy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5. 
  2. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X. 
  3. http://www.nme.com/nme-video/youtube/id/4cs0PXxJKak

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]