Hopp til innhald

The Scotsman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Scotsman

LandStorbritannia
TypeDagsavis
Grunnlagd25. januar 1817
EigararThe Scotsman Publications
SpråkEngelsk
HovudkvarterEdinburgh
ISSN0307-5850
OCLC3856993
Nettstadhttps://www.scotsman.com/ (engelsk)

The Scotsman er ei skotsk riksavis som har kome ut i Edinburgh sidan 1817.

Ho hadde eit stadfesta opplag på 45 352 i 2010.[1] Opplagstalet låg på rundt 100 000 på 1980-talet.[2]

Avisa har hatt ei nettutgåve sidan 1998.

The Scotsman kom fyrst ut i 1817.[3] Etter at skatt på aviser blei avskaffa i 1850, blei The Scotsman lansert på nytt som dagsavis med pris av 1 penny og med eit dagleg opplag på 6 000.

I 1953 blei avisa kjøpt opp av den kanadiske millionæren og mediemogulen Roy Thomson. Frå 1988 til 1994 var Magnus Linklater redaktør i avisa. I 1995 blei avisa vidareselt til dei britiske milliardærane David og Frederick Barclay for 85 millionar pund. Dei flytta avisa frå dei tradisjonelle kontora i North Bridgei Edinburgh (som no er eit luksushotell) til heilt nye kontor på Holyrood Road i nærleiken av der bygningen til det skotske parlamentet seinare blei oppført.

I desember 2005 selde brørne Barclay The Scotsman til Johnston Press i ein handel på 160 millionar pund. Johnston Press er eit skotsk selskap som blei ein av dei tre største utgjevarar av lokalaviser i Storbritannia og ein stor aktør på internett. I november 2018 gjekk Johnston Press konkurs. Kort tid etter blei det kjøpt av JPIMedia, som i 2019 blei kjøpt av multimediaføretaket National World.[4][5]

  1. guardian.co.uk 11. juli 2010, besøkt 18. desember 2010
  2. Obituary Arnold Kemp
  3. The Scotsman Archive - 25th January 1817 (page 1 of 8) - The Scotsman launched
  4. «Johnston Press: News Letter owner bought over by new company». BBC News. 17. november 2018. Arkivert frå originalen 19. april 2019. Henta 22. januar 2019.
  5. «Owner of Scotsman and Yorkshire Post newspapers bought for £10m». The Guardian. 31. desember 2020. Arkivert frå originalen 6 November 2021. Henta 1. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]