The Seven Letters from Tibet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Seven Letters from Tibet
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 2000
Innspelt 1998-2000
Studio Eastgate Studios (Berlin)
Sjanger Elektronisk, ambient
Lengd 49:30
Selskap TDI
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
Antique Dreams
(2000)
The Seven Letters from Tibet The Past Hundred Moons
(2001)


The Seven Letters from Tibet er det 72. albumet og det 29. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i juni 2000.[1]

Albumet vart annonsert som ei privat og intim utgjeving. Ingen av spora inneheld trommer eller ein sequencer-rytme. Albumet vart første gongen nemnt i 1998 i heftet som følgde nyutgjevinga av albumet Quinoa, men vart då omtalt som Tibetan Cycle. Denne utgåva av Quinoa hadde eit utdrag av «The Blue Pearl», då kalla «Lhasa».[1]

På seinare nyutgjevingar står det i omslaget at albumet var «eit djupt kjenslemessig avskjedsalbum for bortgangen til Monika Frose», som var den mangeårige kona til Edgar Froese, og mor til Jerome Froese. Ho designa nokre av dei mest minneverdige plataomslaga til Tangerine Dream i 1970- og 1980-åra.[1]

I januar 2007 vart albumet tilgjengeleg i nettbutikken til Tangerine Dream. For denne utgåva var det einaste originale sporet komponert av Jerome Froese, «The Golden Heart», byta ut med eit nytt spor av Edgar Froese, kalla «The Golden Head». I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt omslag.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Edgar Froese, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelMusikkLengd
1.«The Red Blood Connection» 4:46
2.«The Orange Breath» 6:15
3.«The Golden Heart»Jerome Froese5:48
4.«The Green Land» 7:28
5.«The Blue Pearl» 14:08
6.«The Indigo Clouds» 7:07
7.«The Purple of All Curtains» 3:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Seven Letters From Tibet». Voices in the Net. Henta 21. juli 2020.