The Show Must Go On

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Show Must Go On
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Kunstrock, progressiv rock
Lengd 1:36
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

«The Show Must Go On» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Songen er truleg kommentaren til hovudrolla Pink på kontrollen manageren og plateselskapet har over det ruinerte livet hans. Alternativt kan «showet» vere ein metafor for livet. Pink diskuterer kva han skal gjere etter han er ferdig med å byggje den mentale muren sin, og forstår at eit isolert liv er keisamt. Han kjem fram til at «showet må gå vidare», men stresset dette påfører han skapar hallusinasjonen i byrjinga av «In the Flesh».

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Roger Waters ville lage eit «Beach Boys»-liknande lydbilete i bakgrunnen og fekk med seg Bruce Johnston frå bandet for å få det til.

Songen er ikkje med i filmutgåva av filmen, og heller ikkje på Roger Waters sitt konsertalbum The Wall Live in Berlin frå 1990.

Eit ekstra vers vart tatt bort frå studioutgåva av albumet, men verset stod likevel på omslaget, noko som tyder på at verset kanskje vart tatt bort i siste liten.

«Do I have to stand up
Wild eyed in the spotlight
What a nightmare Why!
Don't I turn and run»

Etter dette verset byrjar tekstlinja «It must be some mistake...».

Den heile songen, med det ekstra verset, vart framførd på konsertane, og er òg med på konsertalbumet Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Personell per Fitch og Mahon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 103.