The Show av Reddi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«The Show»
Song av Reddi

Land Danmark
Språk Engelsk
Utgjeve 10. februar 2022
Sjanger Pop rock[1]
Lengd 03:00
Selskap Universal Music Danmark
Komponist L.I.G.A, Remee, Chief 1
Tekstforfattar L.I.G.A, Remee, Chief 1
Låtskrivar(ar) Chief 1, Ihan Haydar, Julia Fabrin, Remee Jackman, Siggy Savery

«The Show» er ein song frå 2022 med det dansk-svenske punkrock-bandet Reddi. Songen vann Dansk Melodi Grand Prix 2022 og var det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«The Show» er skriven av Reddi-medlemmane Ihan Haydar og Siggy Savery. Dei har skrive songen saman med Julia Fabrin, som også var med på å skrive Eurovision-vinnaren «Only Teardrops». Låtskrivarane Chief 1 og Remee har også bidrege på låten: begge har vunne Dansk Melodi Grand Prix tidlegare.[2]

«The Show» vart plukka ut til å delta i finalen i Dansk Melodi Grand Prix 2022 laurdag 5. mars på DR1. I tevlinga gjekk Reddi vidare til superfinalen, der dei til slutt vann med 37 prosent.[3] I etterkant av tevlinga vart «The Show» møtt med negative kritikkar frå danske musikkmeldarar og Eurovision-ekspertar.[4]

Gjennom sigeren i Dansk Melodi Grand Prix vart «The Show» det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Songen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai,[5] der han rauk ut etter å ha vorte nummer 13 av 17 bidrag.[6] Dette var andre år på rad at Danmark vart slått ut i semifinalen.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «ESC 2022: Dänemark ist Reddi für "The Show"». Eurovision.de (på tysk). 6 March 2022. Henta 6 March 2022. 
  2. «'Vi er trætte af at stå i baggrunden, det er vores tid nu!': Rockgruppe snupper historisk sejr i Melodi Grand Prix». DR (på dansk). 5. mars 2022. Henta 7. mars 2022. 
  3. «Denmark brings 'The Show' to Turin: REDDI win 'Melodi Grand Prix' 🇩🇰». Eurovision.tv (på engelsk). 5. mars 2022. Henta 7. mars 2022. 
  4. «Eksperternes hårde dom: 'Danmark kommer ikke i nærheden af at vinde Eurovision'». DR (på dansk). 6. mars 2022. Henta 7. mars 2022. 
  5. «Forbudt i Eurovision: Grand Prix-vindere tvunget til at ændre i optræden». DR (på dansk). 6. mars 2022. Henta 7. mars 2022. 
  6. «REDDI - Denmark - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  7. Madsen, Maria Christine; Nygaard, Laura Rode; Torino, B. T. s hold i (11. mai 2022). «Efter endnu et semifinale-exit: 'Vi er i en af de største nedtursperioder'». www.bt.dk (på dansk). Henta 19. juni 2022.