The Sims

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om det fyrste spelet i serien. For artikkelen om heile serien, sjå The Sims-serien.
The Sims
Utviklar(ar) Maxis
Utgjevar(ar) Electronic Arts
Serie The Sims
Sjanger Livssimulering
Spelmodus Einspelar
Plattform(er) Microsoft Windows, Mac OS, PlayStation 2, Xbox, GameCube
Utgjeving Windows
NA 4. februar 2000
Macintosh
NA 25.juli 2000
PAL 15.august 2001
PlayStation 2
NA 12.januar 2003
PAL 31.januar 2003
Xbox
NA 24.mars 2003
PAL 4.april 2003
GameCube
NA 25.mars 2003
PAL 4.april 2003
EU 21.september 2003
Medium DVD
Stødde einingar tastatur, datamus

The Sims er eit strategi-simulasjons dataspel utvikla av Maxis og gjeve ut av Electronic Arts. Utviklinga vart i hovudsak leia av Will Wright, som òg skapte SimCity. Spelet kom ut i februar 2000. Spelaren styrer virtuelle personar, kalla simmar, i dagleglivet deira.

Etterfølgjaren, The Sims 2, kom ut i 2004.

Gameplay[endre | endre wikiteksten]

I The Sims skal ein kontrollere virtuelle personar, kalla «simmar» (simulation people - simulerte folk) i ein familie, der du bestemmer kva dei skal gjere og korleis dei skal ha det. Kvar sim har 8 forskjellige behov (det varierer litt på dei forskjellige aldersstega); svolt, hygiene, blære, sosial, energi, komfort, moro og miljø. Kor bra behova er stetta verkar inn på humøret deira. Dei har også ynskje som spelaren kan prøve å oppfylle, og suter som ein må prøve å sløkkje. Ynskja verkar også inn på humøret. Om ein simm er i godt humør kan det føre til at simmen vert forfremja på jobben og ein får betre råd til kjøpe nye ting til huset. Om ein Simm er i dårleg humør, kan det gå ut over arbeidet eller skulekarakterane. I verste fall kan ein vaksen simm miste jobben.

Tilleggspakkar[endre | endre wikiteksten]

The Sims er eit av dei mest utvida dataspela noko sinne og har fått til saman sju tilleggspakkar. Desse tilfører spelet meir innhald, som nye møblar, figurar og funksjonar.

The Sims: Livin' It Up
The Sims: Livin' It Up er den fyrste tilleggspakken for The Sims, og fokuserer på å legge til nye ukonvensjonelle figurar, karrierar, utstyr og funksjonar.
The Sims: House Party
The Sims: House Party er den andre tilleggspakken for The Sims. House Party gjer det mogleg å skipe til festar og samkomer i heimane til simmane. Omslaget til House Party fekk ny design oktober 2002 for å stå i stil med omslaga til tilleggspakkane Hot Date og On Holiday.
The Sims: Hot Date
The Sims: Hot Date er den tredje tilleggspakken for The Sims. Hot Date gjer det mogleg for simmar å forlate heimane sine og reise til nye destinasjonar. I denne tilleggspakken er den nye destinasjonen "Downtown", som består av ti tomter. Alle tilleggspakkane som kjem etter Hot Date tilfører nye destinasjonar. Hot Date har også eit nytt system for forhold mellom simmar, der ein målestokk viser langsiktig forhold mellom simmar og ein annan viser kortsiktig forhold. Simmar kan også bere med seg utstyr og gje gåver til andre.
The Sims: On Holiday
The Sims: On Holiday er den fjerde tilleggspakken for The Sims. On Holiday er det fyrste The Sims-spelet med norsk tekst og tilfører eit nytt område, kalla "Vacation Island" der simmar kan ta ferie med familiemedlemmer eller andre simmar. Dette er fyrste gong simmar kan bli verande på andre tomter heimanfrå, i og med at spelet kan lagrast medan simmane er på ferie. Ferieøya er delt inn i tre soner med ulike miljø: strand, skog og snødekte fjell. Simmane kan overnatte på hotell eller leige eit telt eller iglo for å sove ute. Det er også mogleg å kjøpe eller finne suvenirar.
The Sims: Unleashed
The Sims: Unleashed er den femte tilleggspakken for The Sims. Unleashed tilfører i hovudsak kjæledyr i spelet. Hundar og kattar er kontrollerte som vanlege simmar, medan andre dyr er behandla som objekt elles i spelet. Tilleggspakken utvidar nabolaget frå ti tomter til å omfatte over førti, der ein kan velje om tomtene skal vere private eller offentlege. Dei offentlege tomtene kan endrast til å ha butikkar, kafear og andre forretningar.
The Sims: Superstar
The Sims: Superstar er den sjette tilleggspakken for The Sims. Denne tilleggspakken lèt simmane til spelaren bli underhaldningsfigurar eller kjendisar. Nokre ekte kjendisar er med i spelet men kan ikkje kontrollerast av spelaren. Av desse kan nemnast Andy Warhol, Marilyn Monroe, Jon Bon Jovi, Christina Aguilera, Freddie Prinze, Jr., Sarah McLachlan, Richie Sambora, og Avril Lavigne. Superstar legg til nye karrierar og fritidsutsty, og har eit nytt område kalla "Studio Town". Dette området fungerer som arbeidsplass for kjendisar eller kan besøkast av vanlege simmar for fritid og underhaldning.
The Sims: Makin' Magic
The Sims: Makin' Magic er den sjuande og siste tilleggspakken for The Sims. Pakken introduserer magi i spelet og lèt simmane kaste trolldom og kjøpe ingrediensar for å koke magiske brygg. Makin' Magic tilfører ein ny by i spelet, som har kjøpmenn som sel magiske ingrediensar og utstyr i tillegg til eit tal magi-relaterte minispel. Det er også mogleg å busette seg på nokre eigedommar i denne byen. Dette markerer fyrste gongen ein kan bu utanfor nabolaget i The Sims, og dei nye eigedommane har nokre vriar som nye grasteksturar og andre bakgrunnslydar. Med tilleggspakken følgjer ein disk som har ei førehandvisning av The Sims 2.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikken på spelet blei komponert av Jerry Martin, [1] Marc Russo, Kirk R. Casey,[2] og Dix Bruce. Spelet inneheld trettisju spor, der femten av dei vart publisert i 2007 som eit offisielt soundtrackalbum.[3] Dei fleste av spora inneheld ikkje vokalar, men nokon av dei har Simlish (simske) tekstar.

Tilbakemelding[endre | endre wikiteksten]

I 2002 blei The Sims det mest selte PC-spelet i historia, og skauv Myst av trona ved å selje meir enn 11 300 000 eksemplar verda over.[4]Pr. 7. februar 2005 har spelet selt 16 000 000 eksemplar.[5] Kritikarar gav spelet positive vurderingar. Det har vore ein suksess på mange måtar; m.a. har det trekt til seg hobbyspelarar og kvinnelege spelarar (sistnemnte utgjer nesten 60% av spelarane).[6] I mars 2009 annonserte Electronic Arts at The Sims, som ein franchise, har selt meir enn 110 million eksemplar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. Jerry Martin Music - The Sims
  2. Kirk Casey's TayMusic.net - Credits
  3. The Sims: The Original Game Soundtrack på MusicBrainz
  4. Walker, Trey (2002-03-22). "The Sims overtakes Myst". GameSpot. CNET Networks.
  5. "The Sims Franchise Celebrates Its Fifth Anniversary and Continues to Break Records" (Press release). Electronic Arts. 2005-02-07.
  6. Patrick Huguenin (April 15, 2008). "Women really click with The Sims". NYDailyNews. "But unlike other popular video and computer games, almost 60% of the people playing The Sims are female"