The Sims 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Sims 2
Utviklar(ar) Maxis
Utgjevar(ar) Electronic Arts, Aspyr (OS X)
Komponist(ar) Mark Mothersbaugh
Serie The Sims
Sjanger Livssimulering
Spelmodus Einspelar, Split-screen multiplayer
Utgjeving NA 14. september 2004
EU 17. september 2004
Medium DVD, digital nedlasting
Stødde einingar tastatur, datamus

The Sims 2 er eit simulasjonsspel utvikla av Maxis og utgjeve av Electronic Arts. Det er oppfølgjaren til dataspelet The Sims, som kom ut i år 2000.[1] The Sims 2 blei fyrst gjeve ut den 14. september 2004 for Microsoft Windows. Det var tilgjengeleg på Apple Mac OS X i 13. juni 2005. Åtte tillegspakkar og ni stæsjpakkar, som utvidar innhaldet i The Sims 2, har seinare blitt gjeve ut. I tillegg har fleire versjnar av spelet til spelekonsollar blitt utgitt. The Sims 2 også tilgjengeleg på mobile plattformar. Oppfølgjaren til The Sims 2 er The Sims 3, som blei lansert i juni 2009.[2][3]

Spelaren kan i The Sims 2 styre simmar, som har seks alderstrinn: spedbarn, småbarn, barn, tenåring, vaksen og gammal. Nytt i The Sims 2 er at simmane no døy av alderdom, noko som ikkje gjekk an i den fyrste versjonen av spelet. Det finst også eit gensystem som gjer at barna får trekk frå foreldra sine.

Sims 2 finst på PC, og i eigne versjonar til Nintendo GameCube, PlayStation 2, Xbox, Game Boy Advance, Nintendo DS og PlayStation Portable.

Tilleggspakkar[endre | endre wikiteksten]

The Sims 2 har etter lanseringa fått fleire utvidingar som tilfører spelet meir innhald som fleire møbel, nye figurar og funksjonar. Det er til saman åtte større tilleggspakkar for The Sims 2 og ni stæsjpakkar som i mindre grad enn tilleggspakkane tilfører spelet meir innhald.

The Sims 2: Livets Skole
The Sims 2: Livets Skole er den fyrste tilleggspakken for The Sims 2 og kom ut våren 2005. Tilleggspakken tilfører eit nytt livstadium for simmane, ung vaksen, og lèt simmane ta høgre utdanning gjennom universitetet. Studieretningane ein vel å spesialisere seg i gjev moglegheiter for nye jobbar. I tillegg følgjer det med nye 125 ting, som møbel og anna utstyr.
The Sims 2: Uteliv
The Sims 2: Uteliv er den andre tilleggspakken for The Sims 2 og kom ut hausten 2005. Tilleggspakken gjer det mogleg for simmane å dra på byen og utforske nattelivet der. Her kan ein mellom anna gå på stemnemøte med kjenningar eller framande personar, og stemnemøtet vil rangerast frå «drømmedate» til «fiasko». I tillegg tilfører Uteliv spelet nye måtar å dekorere huset på, nye klede og moglegheit til å eige eigen bil og bygge garasje. Det er også mogleg for simmane å bli vampyrar i Uteliv.
The Sims 2: Forretningsliv
The Sims 2: Forretningsliv er den tredje tilleggspakken for The Sims 2 og kom ut våren 2006. I Forretningsliv kan ein med simmane starte eige føretak og til dømes drive ein restaurant eller blomsterbutikk. Dette kan ein velje å gjere i heimen eller på ei anna tomt i sentrum, nabolaget eller i det nye handledistriktet som følgjer med. Med denne pakken kan simmane konstruere roboter som kan brukast til å rydde, vatne plantar eller halde vakt i huset.
The Sims 2: Dyreliv
The Sims 2: Dyreliv er den fjerde tilleggspakken for The Sims 2 og kom ut hausten 2006. Dyreliv liknar tilleggspakken Unleashed for det fyrste The Sims av di han lèt simmane ha kjæledyr. Det er også mogleg å bli biten av varulv og bli ein sjølv i Dyreliv. Tilleggspakken er den einaste som også har fått ei konsollutgåve.
The Sims 2: Årstider
The Sims 2: Årstider er den femte tilleggspakken for The Sims 2 og kom ut våren 2007. Årstider innfører nye vêrtypar og årstider i spelet. Årstidene gjev nye moglegheiter for aktivitetar ute, som å lage snømann om vinteren, leike i lauvet om hausten eller hoppe i vasspyttar om våren. Nye utfordringar kjem i form av at simmane kan bli solbrende om sommaren, eller fryse om vinteren dersom dei ikkje er kledd godt nok.
The Sims 2: Bon Voyage
The Sims 2: Bon Voyage er den sjette tilleggspakken for The Sims 2 og kom ut hausten 2007. Tilleggspakken gjer det mogleg for simmar å dra på ferie og liknar tilleggspakken On Holiday til The Sims. Med spelet følgjer det med tre moglege feriedestinasjonar: fjellet, det fjerne austen og tropisk øy. Det er også mogleg å lage eigne feriedestinasjonar. På ferien kan simmar kjøpe suvenirar, lære seg massasje, dra på utflukt, finne skjulte kart og anna.
The Sims 2: Fritid
The Sims 2: Fritid er den sjuande tilleggspakken for The Sims 2 og kom ut våren 2008. Pakken fokuserer på fritidsaktivitetar.
The Sims 2: Byliv
The Sims 2: Byliv er den åttande og siste tilleggspakken for The Sims 2 og kom ut hausten 2008. Med Byliv kan simmar bu i leilegheiter.

Konsollversjonane[endre | endre wikiteksten]

Xbox[endre | endre wikiteksten]

På xbox-versjonen kan ein velje mellom to spele-modus: Story mode og FreePlay. Den fyrste startar med at spelaren lagar ein simm, medan ein i Free mode kan lage ein familie på opptil fire. I Story mode startar spelaren i eit nabolag der allereie bur nokon. For å kome seg til neste nabolag eller område må ein oppfylle ynska til simmen sin, og seinare må ein spele andre simmar og oppfylle ynskjer deira. Når ein spelar på denne måten kan ein låse opp 16 område. I Free Mode er det meir open speling, men det er berre 4 heimar. I motsetning til Story Mode kan ein flytte inn og ut familiar og lage fleire familiar i nabolaget.

Spelet lar deg kontrollere simmane direkte i staden for å klikke der ein vil at simmen skal gå. Simmane kan ikkje vakse eller få ungar. Dersom ein sim døyr, blir han eit spøkelse og kan ikkje forsvinne, slik som på PC. Ein kan kome tilbake til livet ved å utfordre Mannen med ljåen til ein fiolin-duell.

Ein fleirspelar-funksjon er tilgjengeleg.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

The Sims 2 til konsoll har fått generelt god kritikk. Cheat Code Central gav Xbox-versjonen 4,5 ut av 5 og X-Box Gamer gav spelet 15 ut av 20. PlayStation 2-versjonen fekk m.a. 7,75 ut av 10 av Game Informer Magazine og GameSpot gav 6.5 ut av 10 på GameCube-versjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fornotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Walker, Trey (2002-03-22). "The Sims overtakes Myst". GameSpot.
  2. Thorsen, Tor (2006-11-02). "Sims 3, next-gen Black, new SimCity & LOTR coming". GameSpot.
  3. Orry, James (2006-03-11). "Three new Sims games in development". Pro-G Media, UK.
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.