The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)»
song av Valentina Monetta
frå albumet La storia di Valentina Monetta
Land San Marino
Språk Engelsk og italiensk
Utgjeve 2012
Låtskrivar(ar) Ralph Siegel, Timothy Touchton og José Santana Rodriguez
Valentina Monetta-kronologi
«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» «Crisalide (Vola)»
(2013)


«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)», opphavleg «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)», var det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan, framført på engelsk og italiensk av Valentina Monetta. Songen er skriven av Ralph Siegel, Timothy Touchton og José Santana Rodriguez.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)»
Eurovision Song Contest 2012
Land San Marino
Artist(ar) Valentina Monetta
Språk Engelsk og italiensk
Komponist(ar) Ralph Siegel
Låtskrivar(ar) Timothy Touchton og José Santana Rodriguez
Resultat
Semifinalepoeng 31
Semifinaleplass 14
Finalepoeng X
Finaleplass X
San Marino i Eurovision Song Contest
«Stand By»
(2011)
«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» «Crisalide (Vola)»
(2013)

San Marino måtte kvalifisere seg til finalen gjennom éin av dei to semifinalane. Landet fekk plass i den fyrste semifinalen 22. mai 2012.

Diskvalifisering[endre | endre wikiteksten]

18. mars 2012 vedtok Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) å diskvalifisere «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)» fordi han braut regelen om at ingen bidrag skal innehalde nokon form for reklame, i dette tilfellet for Facebook. 22. mars 2012 valte dei ein ny versjon av songen, «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)», som sitt bidrag i Eurovision Song Contest 2012.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer elleve, etter Israel med «Time» av Izabo og før Kypros med «La La Love» av Ívi Adámou. San Marino fekk til saman 31 poeng og enda på 14. plass av totalt 18 bidrag. Landet fekk sin beste plassering sidan debuten i 2008, men gjekk ikkje vidare til finalen av di dei ikkje var mellom dei ti beste. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 25 poeng og enda på 13. plass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 48 poeng og enda på 14. plass.

12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng

Albania

Moldova

5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

Aserbajdsjan

Montenegro

Italia

Hellas

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen fekk blanda og negativ mottaking. Ewan Spence, skribent på Forbes.com, skildra det sanmarinske bidraget som «den mest flaue Eurovision-songen på mange år. Komponist Ralph Siegel, som tidlegare har skrive 19 Eurovision-bidrag, skulle visst betre».[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «"Facebook, Uh, Oh, Oh" Song Ignites The Eurovision Song Contest Community» (engelsk). Ewan Spence. 16. mars 2012. Henta 8. januar 2013. 
  2. «'Facebook' Eurovision song 'cringe-worthy'» (engelsk). MSN. 17. mars 2012. Henta 8. januar 2013.