The Spotlight Kid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Spotlight Kid
Studioalbum av Captain Beefheart
Utgjeve Januar 1972
Innspelt Hausten 1971
Sjanger Bluesrock
Lengd 35:54
Selskap Reprise
Produsent Captain Beefheart, Phil Schier
Captain Beefheart-kronologi 
Mirror Man
(1971)
The Spotlight Kid Clear Spot
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB+[2]

The Spotlight Kid er det sjette studioalbumet til Captain Beefheart. Det kom ut i januar 1972 og er det einaste albumet som er oppført som Captain Beefheart (Don Van Vliet) og ikkje Beefheart and the Magic Band. Det vert ofte rekna som det mest tilgjengelege albumet til Beefheart med ein fot grundig planta i blues, men òg med instrument som marimba og kanebjøller, som ikkje er vanleg for sjangeren. Inkarnasjonen av The Magic Band på dette albumet bestod av Bill Harkleroad og Elliot Ingber på gitar, Mark Boston på bass, John French på trommer og Art Tripp på marimba. Studiotrommeslagaren Rhys Clark var vikar for French på eitt spor, «Glider».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I perioden som førte fram til innspelinga av albumet, budde bandet i lag, først nær Ben Lomond i California, og så i Nord-California nær Trinidad.[3] Igjen brukte Beefheart fysisk vald og psykologisk manipulasjon, som han hadde gjort då bandet budde i lag medan dei skreiv og øvde inn Trout Mask Replica. I følgje John French gjekk dette verst ut over Harkleroad.[4] I sjølvbiografien sin skreiv Harkleroad at han vart kasta i ein søppeldunk, ei handling han tolka å ha ei metaforisk tyding.[5]

Bandet spelte inn fleire komposisjonar som ikkje kom med på albumet. «Well, Well, Well», med Mark Boston på vokal, var den einaste som vart fullført.[6] Resten var skisser eller tidlege versjonar av songane, somme spelte inn og gjevne ut på seinare album. «Suzy Murder Wrist» vart sidan fullført som «Sue Egypt» på Doc at the Radar Station, og «The Witch Doctor Life» kom seinare ut på Ice Cream for Crow. «Drink Paint Run Run» var ein tidleg versjon (med heilt anna tekst) av «Ice Cream for Crow».

Musikalsk innhald[endre | endre wikiteksten]

Musikken på The Spotlight Kid er enklare og meir langsam enn på dei to føregåande albuma deira, det kompromisslause Trout Mask Replica og det frenetiske Lick My Decals Off, Baby. Dette kom dels av av Van Vliet prøvde å bli meir kommersiell sidan bandet praktisk talt ikkje hadde tent nokre pengar dei føregåande tre åra. Då albumet vart spelt inn levde bandet på mat og pengeoverføringar frå foreldra sine.[7] Van Vliet meinte at han «vart lei av å skremme folk med det eg heldt på med ... eg forstod at eg måtte gje dei noko å henge hatten på, så eg byrja å arbeide meir rytme inn i musikken.»[8] Magic Band-medlemmane sa òg at dei meir langsame framføringane kom av at Van Vliet ikkje klarte å passe tekstane sine til den kjappare musikken på dei tidlegare albuma. Dette problemet vart forsterka av at han nesten aldri øvde med gruppa.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Moderne meldingar har generelt vore positive. Lester Bangs skildra albumet som appellerande til «eit nytt publikum, dei som sett tenna i feedback og boogie», erkjente at dei tidlegare albuma til Beefheart var «utafor merksemdsområdet til den gjennomsnittlege lyttaren». Kritikaren Robert Christgau gav albumet karakteren B+, men meinte at Beefheart sitt «vidkjende kommersielle bod viser seg å ha like mykje masseappell som King of the Delta Blues Singers».[9] Stereo Review skreiv at Beefheart prøvde å «gå kommersielt», men at «Kapteinen si oppfatning av kommersielt er likevel rart på ein søt måte». Colman Andrews skreiv i Phonograph Record Magazine at albumet synte at Van Vliet var «den største kvite bluessongaren i Amerika i dag». Jim Washburn skreiv at medan «Beefheart verka å prøve å møtte lyttaren på halvvegen, er musikken likevel krevande og mektig». Seinare meldingar har vore mindre positive. Beefheart-biografen Mike Barnes meinte albumet var «klossete ... det traltar berre av stad. Du får kjensla av at om spora var halvparten så raske så ville ein fått meir energi.»[10] New Musical Express skildra albumet som «manisk depressivt».[11]

Trass i at det vart nominert som månadens album i Melody Maker, selde det heller dårleg. I USA vart albumet det første av Captain Beefheart som gjekk inn på Billboard Top 200. 131. plassen her var den høgaste plasseringa Beefheart fekk i Amerika. Albumet gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia, slik dei føregåande albuma hadde gjort. Van Vliet skulda seinare på bandet for at albumet ikkje selde betre og sa «Bandet var ikkje med på det eg ønskte å gjere på den tida ... Dei mislukkast totalt på The Spotlight Kid.»[12] Tendensen til å ta all ære for suksessane og gje bandmedlemmane all skulda om det gjekk dårleg, var typisk for Beefheart, som fortalt av John French i boka Beefheart: Through the Eye of Magic.[13]

Reaksjon frå The Magic Band[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmane mislikte det enkle materiale og det langsame tempoet. Trommeslagaren John French sa «På den tida hata eg albumet ... Mykje av det var berre keisamt å spele, fordi det var så enkelt og det gjekk ingen stad. For det andre var mange av spora så langsame ... Me berre hata det.»[10] Gitaristen Bill Harkleroad sa berre «Eg hatar det albumet. Det suger.»[14] Ham meinte den labre framføringa til bandet kom av korleis Van Vliet oppførte seg mot bandet: «Me var berre kjenslemessige dødstrøytte av miljøet han skapte... me spelte verkeleg blodfattig og albumet sug på grunn av det.»[15]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Black Francis i Pixies har kalla The Spotlight Kid eit av albuma han lytta mykje til då han skreiv dei første songane for bandet sitt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Don Van Vliet, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I'm Gonna Booglarize You Baby»4:33
2.«White Jam»2:55
3.«Blabber 'n Smoke» (Van Vliet, Jan Van Vliet)2:46
4.«When It Blows Its Stacks»3:40
5.«Alice in Blunderland»3:54
Side to
Nr.TittelLengd
6.«The Spotlight Kid»3:21
7.«Click Clack»3:30
8.«Grow Fins»3:30
9.«There Ain't No Santa Claus on the Evenin' Stage»3:11
10.«Glider»4:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raggett, N. (2011). «The Spotlight Kid - Captain Beefheart & the Magic Band | AllMusic». allmusic.com. Henta 26. april 2020. [daud lenkje]
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. French 2010, s. 558, 565.
  4. French 2010, s. 563.
  5. Harkleroad & James 2001, s. 67.
  6. Barnes 2000, s. 132–133.
  7. French 2010, s. 563–564.
  8. 8,0 8,1 Barnes 2000, s. 155.
  9. Christgau, Robert (2015). «Captain Beefheart: The Spotlight Kid». robertchristgau.com. Henta 26. april 2020. 
  10. 10,0 10,1 Captain Beefheart: Under Review. 
  11. The Illustrated Encyclopedia of Rock, ed. Nick Logan & Bob Woffinden (New Musical Express), Harmony Books, Salamander Books, London, 1977 p. 30
  12. New Musical Express, 21. april 1973
  13. John «Drumbo» French, Beefheart: Through the Eyes of Magic, Proper Music Group Limited, 2010
  14. Barnes 2000, s. 147.
  15. Barnes 2000, s. 156.