The Thing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Thing
Norsk tittel: Tingen fra en annen verden
Logo The Thing.png
RegiJohn Carpenter
Forfattar(ar)Wilbur Stark Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)David Foster
Lawrence Turman
ManusBill Lancaster, John W. Campbell Sjå dette på Wikidata
Basert påWho Goes There? av John W. Campbell
Hovudrolle(r)Kurt Russell
MedverkandeKurt Russell, Wilford Brimley, Keith David, Donald Moffat, Charles Hallahan, T. K. Carter, David Clennon, Richard Masur, Adrienne Barbeau, Richard Dysart, Joel Polis, Peter Maloney, Thomas G. Waites, John Carpenter, Norbert Weisser Sjå dette på Wikidata
KinematografiDean Cundey
KlippTodd Ramsay
MusikkEnnio Morricone
SjeffotografDean Cundey Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapThe Turman-Foster Company
DistributørUniversal Pictures
Utgjevingsdato25. juni 1982
Lengd109 min.
OpphavslandUSA
SpråkEngelsk
Budsjett15 millionar USD
Inntening19,6 millionar USD (Nord-Amerika)

The Thing er ein amerikansk science fiction-skrekkfilm regissert av John Carpenter frå eit filmmanus av Bill Lancaster. Filmen er basert på romanen Who Goes There? av John W. Campbell Jr. frå 1938, og fortel historia om ei gruppe amerikanske forskarar i Antarktis som støyter på «Tingen», ei parasittisk utanomjordisk livsform som assimilerer og deretter imiterer andre organismar. Gruppa blir overvelda av paranoia og konflikt når dei finn ut at dei ikkje lenger kan stola på kvarandre og at kven som helst av dei kan vere Tingen. Filmen har Kurt Russel i hovudrolla som helikopterpiloten R.J. MacReady, med A. Wilford Brimley, T. K. Carter, David Clennon, Keith David, Richard Dysart, Charles Hallahan, Peter Maloney, Richard Masur, Donald Moffat, Joel Polis og Thomas G. Waites i støtteroller.

Produksjonen starta på midten av 1970-talet som ei trufast tilmåting av romanen, etter filmen The Thing from Another World frå 1951. The Thing hadde i løpet av produksjonen fleire regissørar og forfattarar, kvar med ulike idear om kva tilnærming ein skulle ha til historia. Filminga varte i om lag tolv veker, frå august 1981, og gjekk føre seg i Los Angeles så vel som i Juneau i Alaska og Stewart i Britisk Columbia. Av filmbudsjettet på 15 millionar USD vart 1,5 millionar brukt på spesialeffektar. Ei blanding av kjemikalar, matprodukt, gummi og mekaniske delar gjorde at gruppa fikk til eit romvesen som kunne ta kva form som helst.

The Thing kom ut i 1982 til negativ mottaking. Kritikere både roste det ein fekk til med spesialeffektane og kritiserte den visuelle mothugen, medan andre meinte at karakteriseringa var dårleg realisert. Filmen tente inn 19,6 millionar dollar medan han var vist på kinoar. Fleire grunnar til at filmen ikkje greidde å imponera publikum har vore siterte: konkurranse frå filmar som E.T. the Extra-Terrestrial med eit meir optimistisk syn på besøk av romvesen, ein sommar fylt av vellykka science fiction- og fantasyfilmar, i tillegg til eit publikum som levde gjennom ein lågkonjunktur, diametralt i motsetnad til den nihilistiske tonen i The Thing.

Filmen fann eit publikum då han vart utgjeven på heimevideo og fjernsyn. I dei påfølgande åra har han vore vurdert på nytt som ein av dei beste science fiction- og skrekkfilmane gjennom tidene og har fått ein kultstatus. Filmskaparar har merkt seg innverknaden filmen har hatt på verka deira, og han har vore referert til i andre medium som fjernsyn og dataspel. The Thing har avla fram ei rekke handelsvarer – inkludert ein roman frå 1982, skumle attraksjonar i moroparkar, brettspel – og oppfølgjarar i form av teikneseriar, eit dataspel under same namn og ein prequel frå 2011.

Handling[endre | endre wikiteksten]

I Antarktis blir ein trekkhund jaga av eit helikopter mot ein amerikansk forskingsstasjon. Forskarane der vitnar at passasjeren ved eit uhell sprenger helikopteret og seg sjølv. Piloten skyt mot hunden og ropar til amerikanarane på norsk, men dei skjøner han ikkje. Han blir skoten og drepen i sjølvforsvar av stasjonssjefen Garry. Den amerikanske helikopterpiloten, R.J. MacReady, og Dr. Copper drar for å undersøka den norske basen. Blant dei forkola ruinane og frosne lika, finn dei brende restar av ein deformert, menneskeliknande skapning som dei bringar til den amerikanske stasjonen. Biologen Blair obduserer restane og finn eit normalt oppsett av menneskelege organ.

Clark set trekkhunden på kennel, som snart forvandlar seg og absorberer dei fleste andre hundane i kennelen. Dette alarmerer gruppa og Childs bruker ein flammekastar til å brenna opp skapningen. Blair obduserer hunde-tingen og held det for sannsynleg at han perfekt kan imitera andre organismar. Data henta frå den norske basen fører amerikanarane til ein stor utgravingsstad med eit romfartøy, som Norris anslår har lege grave ned i over hundre tusen år, og ein mindre utgravingsstad i menneskeleg storleik. Blair blir paranoid etter å ha køyrt ei datasimulering som indikerer at tingen kan assimilera alt liv på jorda i løpet av få år. Stasjonen set inn kontrollar for å redusera risikoen for assimilering.

Restane av den deformerte, menneskeliknande skapningen assimilerer ein isolert Bennings, men Windows forstyrrar prosessen og MacReady får brent opp Bennings-tingen. Gruppa låser Blair inn i ein verktøybod etter at han saboterer alle framkomstmidla, drep resten av trekkhundane og øydelegg radioen for å hindra rømming. Copper føreslår å testa alle for infeksjon ved å samanlikna blodet i gruppa med upåverka blod halde på lager, men etter at blodlagera har vorte øydelagde byrjar mennene å mista trua på leiarskapen til Garry og MacReady tek kommandoen. Han, Windows og Nauls finn det brende liket av Fuchs og trur at han tok sjølvmord for å unngå assimilering. Windows returnerer til basen medan MacReady og Nauls undersøker koia til MacReady. Medan dei kjem attende, spring Nauls frå MacReady i ein snøstorm, som trur at han har vorte assimilert etter å ha funne dei opprivne kleda hans i koia.

Gruppa drøftar om dei skal sleppa MacReady inn att, men han bryt seg inn og held gruppa på avstand med dynamitt. Under samanstøyten ser Norris ut til å få eit hjarteanfall. Medan Copper prøver å defibrillera Norris, forvandlar overkroppen hans seg om til ein kjeft og bit armane av Copper, som døyr. MacReady set fyr på Norris-tingen, men hovudet losnar frå kroppen og prøver å flykta før det også blir brent. MacReady legg fram hypotesen om at Norris-tingen viser at kvar del av Tingen er ei individuell livsform med eige overlevingsinstinkt. Han føreslår dei testar blodprøvar frå kvar overlevande med eit oppvarma stykke leidning og har kvar mann halden fast, men er tvungen til å drepa Clark etter at han kastar seg mot MacReady med ein skalpell. Alle passerer testen utanom Palmer, som blodet til rekylerer frå varmen. No avslørt, forvandlar Palmer-tingen seg, riv seg laus og infiserer Windows, som tvingar MacReady til å brenna dei begge opp.

Childs held vakt i hovudkvarteret medan dei andre går for å testa Blair. Dei finn ut at han har sloppe laus og brukt komponentane frå framkomstmiddela til å setta saman ein liten flygande tallerken. Nauls ser Childs som spring ute i snøstormen, og straumen på stasjonen går ut like etter. Etter at trioen spreng tallerkenen med dynamitt returnerer dei og finn ut at Child er borte og straumgeneratoren øydelagd, som etterlèt mennene utan varme. MacReady spekulerer i, at med ingen utveg att, prøver Tingen å returnera til dvale fram til ei ny redningsgruppe kjem. MacReady, Garry og Nauls blir samde om at Tingen ikkje kan sleppa unna og plantar eksplosivar for å øydelegga stasjonen. Inne i stasjonskjellaren drep Blair-tingen Garry og Nauls forsvinn. Blair-tingen forvandlar seg til ein enorm skapning og bryt seg gjennom golvplankane, som knuser detonatoren. MacReady kastar seg frå skapningen og aktiverer eksplosivane med ein dynamittkubbe, som øydelegg stasjonen.

Childs returnerer kort etter medan MacReady sit ved dei brennande restane av stasjonen, og hevdar at han gjekk seg vill i stormen medan han følgde etter Blair. Utmatta og sakte i ferd med å frysa i hel, erkjenner dei meiningsløysa med mistrua si og deler ei flaske Skotsk whisky.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Thing
Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.