The Things That I Used to Do

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Things That I Used to Do
Singel av Guitar Slim
B-side

Well, I Done Got Over It

Utgjeve 1953
Innspelt 16. oktober 1953
Studio Matassa's J&M Studio, New Orleans
Sjanger *Blues
Lengd 3:38
Selskap Specialty
Låtskrivar(ar) Guitar Slim
Produsent Ray Charles
Guitar Slim-kronologi 
Feelin' Sad
(1952)
The Things That I Used to Do Sum'thin' to Remember You By
(1954)


«The Things That I Used to Do» er ein 12-taktsblues-song skriven av Guitar Slim. Innspelinga hans av songen vart gjort i New Orleans og var arrangert og produsert av ein ung Ray Charles. Songen kom ut på Specialty Records i 1953 og vart ein bestseljar året etter. Det var ein av dei største hittane i historia til selskapet og låg inne på rhythm and blues-lista i 42 veker. Songen låg på toppen av lista i seks veker og var den bestseljande R&B-songen det året, og selde meir enn éin million eksemplar.[1]

Sidan Guitar Slim var ein bluesartist, meinte Art Rupe frå Specialty Records, at han berre ville appellere til publikum på landsbygda i Sørstatane, men urbane R&B-stasjonar i nord plukka opp songen, og var medverkande til at han vart ein nasjonal hit. Som følgje av dette vart Guitar Slim ein mykje etterspurt artist og spelte på Apollo Theater.

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Arrangementet og pianoakkompagnementet til Charles la vekt på dei religiøse tonane av intens, men filosofisk anger i røysta til songaren, noko som gav songen ei gospelaktig kjensle. Som Fats Domino hadde Guitar Slim ei røyst som høyrdest eldre ut enn dei typiske blues-skrikarane på den tida, og teksten var mindre seksuell.[2]

Det måtte fleire forsøk til for å få opptaket til å sitje. Jones stoppa ofte midt i songen av forskjellige årsaker, og dei måtte byrje frå toppen att. Under uttoninga av songen kan høyre Charles rope «yeah!» då han skjønar at dei endeleg klarte å spele gjennom heile songen.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Songen vart ein enorm suksess og hadde stor innverknad på rock and roll med å vise svarte artistar kunne appellere til kvite lyttarar og gospelkjensle var eit effektivt verkemiddel.[2] Han har blitt ein standard som følgje av den særeigne gitarspelinga og den stigande og fallande melodien til Guitar Slim.[3] Songen hadde stor innverknad på «den elektrike lyden» i rocken og den elektriske gitaren hadde forvrengde overtonar eit heilt tiår før Jimi Hendrix.[1] Songen er oppført på lista til Rock and Roll Hall of Fame som ein av 500 songar som forma rock and roll.[4] Songen medverka òg til utviklinga av soul.[5]

Songen er sidan blitt spelt av mange andre artistar:

The Things That I Used to Do
Singel av James Brown
frå albumet Showtime
B-side

Out of the Blue

Utgjeve 1964
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:55
Selskap Smash (1908)
Låtskrivar(ar) Eddie (Guitar Slim) Jones
Produsent Fair Deal
James Brown-kronologi 
Caldonia
(1964)
The Things That I Used to Do Out of Sight
(1964)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Aswell, Tom (2010). Louisiana Rocks! The True Genesis of Rock & Roll. Gretna, Louisiana: Pelican Publishing. s. 61–65. ISBN 1589806778. 
  2. 2,0 2,1 Gillett, Charlie (1996). The Sound of the City: The Rise of Rock and Roll (2nd utg.). New York: Da Capo Press. s. 139–140, 170. ISBN 0-306-80683-5. 
  3. Watrous, Peter (August 19, 1990). «A Young Blues Guitarist Intent on Modernization». New York Times. Henta 18. februar 2018. 
  4. «500 Songs That Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. 1995. Arkivert frå originalen 2007. Henta 18. februar 2018. 
  5. Unterberger, Richie (1996). «Louisiana Blues». I Erlewine, Michael. All Music Guide to the Blues. San Francisco: Miller Freeman Books. s. 360–361. ISBN 0-87930-424-3. 
  6. «Sung by Elvin Bishop with the Grateful Dead on 8 June 1969». Deaddisc.com. Henta 18. februar 2018. 
  7. White, Cliff (1991). «Discography». In Star Time CD booklet. pp. 54–59). New York: PolyGram Records.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]