The Three Bells

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«The Three Bells», òg kjend som «Jimmy Brown» eller «Little Jimmy Brown», er ein song som vart gjort populær av The Browns i 1959.[1] Singelen nådde toppen av den amerikanske country- og pop-lista,[2] og slo den konkurrerande versjonen til Dick Flood. Versjonen til the Browns nådde òg 10. plassen på Hot R&B Sides-lista.[3] Songen var basert på den franske songen «Les trois cloches» av Jean Villard Gilles og Marc Herrand frå 1945. Den engelske teksten vart skriven av Bert Reisfeld og først spelt inn av Melody Maids i 1948. Denne songen vart ein stor hit i 1952–53 for Edith Piaf og Les Compagnons de la chanson. Songen dokumenterer tre stadium i livet til «Jimmy Brown»—fødselen, bryllaupet og døden.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Av dei mange musikarane som har spelt songen finn ein Edith Piaf og Les Compagnons de la chanson, som spelte inn den originale franske versjonen, Tina Arena, Brian Poole and The Tremeloes, Ken Parker, Ray Charles, Nana Mouskouri, Roy Orbison, Johnny Cash & the Carter Family, Floyd Cramer, Daniel O'Donnell, Chet Atkins, Elaine Paige, Sha Na Na, Andy Williams og Alison Krauss & Union Station. Han vart spelt inn på nederlandsk som «De drie klokken» og «Bim bam», på italiensk som «Le Tre Campane» av Schola Cantorum, og spansk med tittelen «Jimmy Brown» av vokalgruppa Mocedades.

«The Three Bells», òg kalla «The Jimmy Brown Song», vart spelt inn for Decca Records i 1951 av The Andrews Sisters. Jim Ed Brown, ein tredjedel av The Browns, gav ut songen i 1969.

I 1974 spelte Naďa Urbánková inn ein tsjekkisk versjon med hennar eigen tekst kalla «Zvony nelžou».[4]

Songen vart parodiert av The Barron Knights som «The Chapel Lead Is Missing» på albumet Night Gallery i 1978.

Med tekst på svensk av Britt Lindeborg, spelte Kikki Danielsson inn songen i 1979 på debutalbumet Rock'n Yodel som «Och vi hörde klockor ringa».

Lister[endre | endre wikiteksten]

The Browns[endre | endre wikiteksten]

Liste (1959) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 1
Australia 1
Norske VG-Lista 6

Jim Ed Brown[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 29
Canadian RPM Country Tracks 22

Brian Poole and the Tremeloes[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
U.K. Singles Charts 17

Brian O'Donnell[endre | endre wikiteksten]

Liste (1993) Plassering
U.K. Singles Charts 71

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Show 11 - Tennessee Firebird. [Part 3], Big Rock Candy Mountain. [Part 1] : UNT Digital Library
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 59. 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 88. 
  4. «Naďa Urbánková - Zvony nelžou». Nadaurbankova.cz. Henta 3. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]