The Times They Are a-Changin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Times They Are a-Changin'
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 13. januar 1964
Innspelt 6. august  – 31. oktober 1963
Studio Columbia Studio A i 799 Seventh Avenue i New York City
Sjanger Viser[1]
Lengd 45:36
Selskap Columbia
Produsent Tom Wilson
Bob Dylan-kronologi
The Freewheelin' Bob Dylan
(1963)
The Times They Are a-Changin' Another Side of Bob Dylan
(1964)


Singlar frå The Times They Are a-Changin'
  1. «The Times They Are a-Changin'»
    Utgjeve: 8. mars 1965
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Entertainment WeeklyB[3]
MusicHound4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]

The Times They Are a-Changin' er det tredje studioalbumet til Bob Dylan og kom ut i januar 1964 på Columbia Records.

Det var produsert av Tom Wilson og er det første albumet til Dylan som berre inneheld originale komposisjonar. Albumet består hovudsakleg av nakne songar med enkle arrangement og tema som rasisme, fattigdom og samfunnsendringar. Tittelsporet er ein av dei mest kjende songane til Dylan og mange følte at han fanga anda i det sosiale og politiske miljøet som karakteriserte 1960-åra.

Enkelte kritikarar og tilhengjarar var ikkje like begeistra for dette albumet som det førre, sidan det mangla humor og ikkje var like musikalsk variert. Likevel gjekk The Times They Are a-Changin' inn på den albumlista i USA og nådde 20. plass. Det selde etter kvart til gullplate. I Storbritannia nådde albumet fjerdeplass i 1965.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Dylan starta innspelinga av det tredje albumet sitt den 6. august 1963 i Columbia Studio A i New York City. Nok ein gong vart Tom Wilson produsent, denne gongen på heile albumet.

Åtte songar vart spelt inn den første innspelingsdagen, men berre ein av desse, «North Country Blues», vart til slutt sett til side som masteropptak. Ei rekkje opptak av «Seven Curses» vart òg spelt inn, men kom ikkje med på albumet til slutt.

Dagen etter var ny innspelingsdag, og denne gongen vart fire songar klargjorde for albumet: «Ballad of Hollis Brown», «With God on Our Side», «Only a Pawn in Their Game» og «Boots of Spanish Leather».

12. august vart den tredje innspelingsdagen i Studio A, men ingen av desse opptaka vart rekna som gode nok for albumet. Tre opptak frå denne dagen, «Paths of Victory», «Moonshine Blues» og «Only a Hobo» kom alle ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991 utgjeve i 1991.

Det tok to månader før neste innspeling fann stad. I mellomtida gjorde Dylan ein kort turne med Joan Baez, og spelte fleire viktige konsertar som gjorde han meir kjend for media. Då Dylan kom tilbake til Studio A den 23. oktober hadde han seks nye songar klare for innspeling. Denne dagen vart songane «The Lonesome Death of Hattie Carroll» og «When the Ship Comes In» begge gjort klare for albumet. Eit opptak av «Percy's Song» vart òg spelt inn, men kom ikkje med på det endelege albumet og først offisielt gjeve ut på Biograph i 1985.

Ei anna innspeling følgde dagen etter, 24. oktober. Songane «The Times They Are a-Changin'» og «One Too Many Mornings» vart spelt inn og hamna på det endelege albumet. Eit opptak av «Lay Down Your Weary Tune» vart òg gjort, men kom ikkje med på albumet og først gjeven ut på Biograph. To andre opptak frå denne dagen, «Eternal Circle» og «Suze (The Cough Song)», vart seinare gjevne ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991.

Den sjette og siste innspelingsdagen for The Times They Are a-Changin' vart halde 31. oktober. Heile innspelinga fokuserte berre på ein song, «Restless Farewell». Melodien til denne songen vart teken frå ei irsk-skotsk folkevise, «The Parting Glass», og songen enda opp som siste song på albumet.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den 26. oktober 1963, tre dagar etter siste innspelinga for The Times They Are a-Changin' , heldt Dylan ein konsert i Carnegie Hall i New York. Han spelte då åtte av songane frå det komande albumet, samt fleire songar som ikkje kom med her (mellom anna «Percy's Song», «Seven Curses» og «Lay Down Your Weary Tune»). Columbia gjorde opptak av heile konserten, men det tok tiår før større delar av konserten vart offisielt utgjeve (heile konserten har aldri vorte gjeven ut). Konserten fekk god kritikk av både media og publikum, men vart overskugga av hendinga den 22. november 1963.

Denne dagen vart president John F. Kennedy drepen i Dallas i Texas. Dylan hevda seinare at drapet ikkje direkte inspirerte nokre av songane hans, men i eit manuskript skriven kort tid etter drapet skreiv han: «Det nyttelaust å minnast den dagen ein gong til.» I eit anna manuskript skreiv han fleire gonger «there is no right or left there is only up og down», «det finst ikkje noko høgre eller venstre, det finst berre opp og ned».

Tre veker seinare gav Emergency Civil Liberties Committee Dylan deira årlege Tom Paine-pris for bidraga hans til borgarrettsrørsla. Dylan heldt ein katastrofal takketale under seremonien, og hevda på eit tidspunkt at han såg noko av seg sjølv i Lee Harvey Oswald, drapsmannen til Kennedy.

Mange kritikarar merka seg den nakne pessimismen på The Times They Are a-Changin', som Tim Riley i NPR seinare skildra som «'Masters of War' strekt ut til eit heilt konseptalbum». Synet til kritikarane på The Times They Are a-Changin' har vorte noko svekka med åra, men alt i alt får albumet positiv kritikk.

Då albumet kom ut den 13. januar 1964 var Dylan alt på veg inn i ein ny karrierefase, og gjekk bort frå det populære imaget som protestsongar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein
# TittelInnspelt Lengd
1. «The Times They Are a-Changin'»  24. oktober 1963 3:15
2. «Ballad of Hollis Brown»  7. august 1963 5:06
3. «With God on Our Side»  7. august 1963 7:08
4. «One Too Many Mornings»  24. oktober 1963 2:41
5. «North Country Blues»  6. august 1963 4:35
Side to
# TittelInnspelt Lengd
1. «Only a Pawn in Their Game»  7. august 1963 3:33
2. «Boots of Spanish Leather»  7. august 1963 4:40
3. «When the Ship Comes In»  23. oktober 1963 3:18
4. «The Lonesome Death of Hattie Carroll»  23. oktober 1963 5:48
5. «Restless Farewell»  31. oktober 1963 5:32
45:36

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
UK Albums Chart[6] 4
US Billboard 200[7] 20

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
UK
[6]
1964 «The Times They Are a-Changin'» 9

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[8] Gull 100 000^
USA (RIAA)[9] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «20 Best Folk Music Albums of All Time». NME. Time Inc. UK. 7. juni 2016. Henta 3. november 2018. 
  2. AllMusic review
  3. link
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. Brackett, Nathan (2004). The new Rolling Stone album guide : completely revised and updated. (4th rev. utg.). London: Simon & Schuster. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. 
  6. 6,0 6,1 «Bob Dylan | Artist». The Official Charts Company. Henta 30. juli 2012. 
  7. The Times They Are a-Changin'Allmusic. Henta 30. juli 2012.
  8. «British album salstrofé – Bob Dylan – The Times They Are a-Changin». British Phonographic Industry.  Enter The Times They Are a-Changin in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  9. «American album salstrofé – Bob Dylan – The Times They Are a-Changin'». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH