The Torture Never Stops

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Torture Never Stops
Song av Frank Zappa
frå albumet Zoot Allures
Utgjeve 1976
Innspelt 1976
Sjanger Jazzrock
Lengd 9:45
Låtskrivar(ar) Frank Zappa

«The Torture Never Stops» er ein song av Frank Zappa frå 1976 på albumet Zoot Allures. Andre versjonar av songen finst på Zappa in New York, Thing-Fish, You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1, You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4, The Best Band You Never Heard In Your Life, Cheap Thrills, Buffalo, Philly '76 og Hammersmith Odeon. Songen handlar om ein vond prins. På albumet Thing-Fish heiter songen «The Torchum' Never Stops», og hovudpersonen på det albumet er The Evil Prince, som ein referanse til denne songen. «The Torture Never Stops» vart spelt på konsertane til Zappa frå 1975 til 1978 og i 1988.[1][2]

Songen[endre | endre wikiteksten]

Songen debuterte i 1975 med tittelen «Why Doesn't Somebody Get Him a Pepsi?» der nesten ingen av instrumentpartia likna albumversjonen. Songen er sagt å vere ein av dei mørkare songane til Zappa og passar generelt inn i atmosfæren på «Zoot Allures». «The Torture Never Stops» er den mørkaste på albumet med tekstlinjer som «Flies all green and buzzin' in dungeon of despair. Who are'll those people that is shut away down there? Are they crazy? Are they sainted? Are they heroes someone painted?» i lag med kvinnelege stønn i bakgrunnen. Kritikarar hevda at under songen så verkar Zappa roleg, men likevel passiv-aggressiv.[1][3][4] Songen har blitt omtalt som ein referanse til det vonde som skjedde i konsentrasjonsleirane under andre verdskrigen, og kritikarar har sagt at om så er, så er referansen til «eating a steaming pig» smaklaust av Zappa.


Rat Tomago
Song av Frank Zappa
frå albumet Sheik Yerbouti
Utgjeve 1979
Innspelt 1978
Sjanger Rock, Instrumental rock
Lengd 5:17
Låtskrivar(ar) Frank Zappa

Rat Tomago[endre | endre wikiteksten]

Ein live solo frå songen, «Rat Tomago», vart gjeven ut i 1979 på albumet Sheik Yerbouti. Som «The Torture Never Stops» inneheld han den same grunnleggande strukturen, basslinja og den kvinnelege stønninga. «Rat Tomago» vart nominert til Grammy-prisen for beste rockeinstrumental i 1979. [5]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Studioversjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]