The Twist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Twist
Singel av Chubby Checker
frå albumet Twist with Chubby Checker
B-side «Toot»
«Twistin' USA»
Utgjeve Juni 1960
Innspelt 1960
Sjanger Rock and roll, pop
Lengd 2:34
Selskap Parkway 811
Låtskrivar(ar) Hank Ballard
Produsent Dave Appell
Chubby Checker-kronologi
«Dancing Dinosaur»
(1960)
The Twist «The Hucklebuck»
(1960)


«The Twist» er ein USA-amerikansk popsong skriven og opphavleg gjeven ut tidleg i 1959 av Hank Ballard and The Midnighters som B-side til «Teardrops on Your Letter».[1] Ballard si utgåve vart ein liten hit i 1960 og nådde 28. plassen på Billboard Hot 100.

Chubby Checker sin versjon frå 1960 var opphavet til Twistmanien. Singelen hans vart ein kjempehit. Han nådde toppen av Billboard Hot 100 den 19. september 1960, der han låg ei veke. Etter å ha forsvunne ut av lista sette han rekord som den einaste songen i historia til Billboard som gjekk inn att på lista og så nådde toppen igjen, i to veker i januar 1962.[2]

I 1988 vart «The Twist» igjen populær i ei ny innspeling av The Fat Boys med Chubby Checker. Denne versjonen nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og gjekk heilt til topps i Tyskland. I 2014 kåra Billboard songen til den største hitten frå 1960-åra.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songar om å danse twist gjekk attende til 1800-talet, med songar som «Grape Vine Twist» frå kring 1844. I 1938 spelte Jelly Roll Morton inn «Winin' Boy Blues», der han song «Mama, mama, look at sis, she's out on the levee doing the double twist» — ein referanse til både sex og dansing. Når det gjaldt songen «The Twist», så sa gitaristen til Hank Ballard, Midnighters-medlemmet Cal Green, at dei kom på den generelle ideen frå Brother Joe Wallace i gospelgruppa The Sensational Nightingales. På grunn av stillinga si og assosiasjonane til tittelen kunne han ikkje spele inn songen sjølv. Mange år seinare, i eit intervju med Tom Meros, fortalde Midnighters-medlemmet Lawson Smith ei anna soge om opphavet til «The Twist». og hevda at Nathaniel Bills i The Sensational Nightingales skreiv songen. Green og Ballard hadde alt skrive ein song i lag som dei kalla «Is Your Love for Real», som var basert på Clyde McPhatter og The Drifters-songen «What'cha Gonna Do» frå 1955, så dei skapte ein heilt ny song ved å setje nye Twist-ord til ein eldre melodi. Dei spelte opphavleg inn ein omtrentleg versjon av songen i eit studio i Florida for Vee-Jay Records tidleg i 1958, med ein noko annan tekst. Green spelte der gitar som Jimmy Reed. Denne versjonen finst i plateboksen «The Vee-Jay Story» frå 1993, men vart ikkje gjeven ut før det. Dei fekk ikkje spelt inn ein versjon som kom ut på plate før 11. november 1958, då Midnighters var i Cincinnati. Ballard tenkte «The Twist» var ein hit, men King Records-produsenten Henry Glover føretrekte balladen «Teardrops on Your Letter», som han sjølv hadde skrive.

Chubby Checker-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart populær på eit danseshow på ein fjernsynskanal i Baltimore som var leia av Buddy Dean. Dean tilrådde songen til Dick Clark, som var vert for det nasjonale TV-showet American Bandstand. Då songen viste seg å bli populær blant publikum, prøvde Clark å overtyde Ballard om å framføre songen på showet. Ballard hadde ikkje høve, og Clark byrja å sjå seg om etter ein lokal artist som kunne spele inn songen. Han valte Checker, som hadde ei røyst som minna mykje om Ballard.[4] Buddy Savitt på saksofon og Ellis Tollin på trommer spelte på Checker sin versjon,[5] med korvokal av The Dreamlovers. Songen vart framført på American Bandstand og på The Dick Clark Saturday Night Show og var med på å hjelpe songen inn på ei amerikanske listene.[6]

I juli 1960 framførte Checker «The Twist» for første gongen føre eit live-publikum på The Rainbow Club i Wildwood i New Jersey og berre få veker seinare, den 6. august 1960, var songen ein nasjonal sensasjon etter at Checker framførte han på American Bandstand.

Seint i 1961 og tidleg i 1962 nådde twist-bølgja dei høgare samfunnslaga. Klipp av kjendisar som dansa til songen vart populære hos vaksne, særleg etter ein rapport i sladrespalta Cholly Knickerbocker. Etter kort tid var det lange køar for å kome inn på nattklubben Peppermint Lounge i New York, den mest populære staden for å danse twist. Denne nye interessa gjorde at «The Twist» vart den einaste innspelinga som nådde toppen av lista i USA ved to heilt forskjellige høve, og markerte eit viktig vendepunkt for at vaksne skulle akseptere rock and roll-musikk.[4]

Checker spelte inn songen på ny fleire gonger. Ein ny versjon frå 1982 (frå albumet The Change Has Come) vart kalla «T-82», og i 1990-åra spelte han inn ein countryversjon. Seint i 1970-åra spelte han inn ein ny versjon, som utanom lydmiksen og nokre mindre endringar i arrangementet, var identisk med originalen frå 1960. Denne seinare versjonen hamnar derfor ofte på samleplater som feilaktig omtalar songen som originalen. I 1988 song han songen i lag med The Fat Boys på ein rapversjon av songen. Denne nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og 16. plassen i USA. I Tyskland og Sveits gjekk songen heilt til topps. Checker song òg songen i lag med denne gruppa den same sommaren på ein konsert i høve 70-årsdagen til Nelson Mandela.[6] I tillegg spelte han inn variasjonar av temaet, som «Let's Twist Again» for å halde dansemanien i live (sjølv om «Let's Twist Again» var og har vore meir populær enn «The Twist» sjølv i Storbritannia). Joey Dee and the Starliters, husbandet til The Peppermint Lounge, fekk ein hit med «Peppermint Twist», medan andre artistar, som Sam Cooke spelte inn eigne «Twist»-songar. I Europa fekk Petula Clark fleire hittar i fleire land med Twist-songar.

Liste (1960) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard R&B Singles 2
Liste (1962) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard R&B Singles 4

Lovord[endre | endre wikiteksten]

I følgje Billboard er «The Twist» øvst på lista deira som kåra dei 50 beste songane dei 50 første åra Hot 100-lista eksisterte.[7] Songen har hatt same status på oppdaterte lister i 2013[8] og 2015.[9]

Songen er rangert på 456. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Jim Dawson skreiv i 1995 ei bok om songen og twist-fenomenet kalla The Twist: The Story of the Song and Dance That Changed the World for Faber & Faber ISBN 978-0-571-19852-8.

Songen er innlemma i National Recording Registry av Library of Congress den 31. mars 2013 for å bevarast for ettertida.[10] In 2014, Billboard magazine declared the song the «biggest hit» of the 1960-åra.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2000). Top Pop Singles 1955-1999. Menomonee Falls, WI: Record Research, Inc. s. 32. ISBN 0-89820-140-3. 
  2. Gilliland, John (1969). «Show 20 - Forty Miles of Bad Road: Early '60s potpourri» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  3. 3,0 3,1 Leight, Elias (October 27, 2014). «The Top 20 Billboard Hot 100 Hits of the 1960-åra». Henta October 28, 2014. 
  4. 4,0 4,1 Shannon, Bob; John Javna (1986). Behind The Hits:Inside Stories of Classic Pop and Rock and Roll. New York: Warner Books. s. 98–99. ISBN 0-446-38171-3. 
  5. Jackson, Blair (May 1, 2007). «Classic Tracks: Chubby Checker's «The Twist»». Mix Magazine. Arkivert frå originalen June 29, 2011. 
  6. 6,0 6,1 Rees, Dafydd; Luke Crampton (1999). Rock Stars Encyclopedia. New York: DK Publishing. s. 192–194. ISBN 0-7894-4613-8. 
  7. The Billboard Hot 100 Chart 50th Anniversary, Billboard.com Arkivert September 13, 2008, ved Wayback Machine.
  8. «Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Top 100 Songs». Billboard. August 2, 2013. Henta 20. februar 2018. 
  9. «Greatest Hot 100 Songs & Artists of All Time: Chubby Checker's 'The Twist' & The Beatles Reign». Billboard. November 12, 2015. Henta 20. februar 2018. 
  10. «Simon & Garfunkel song among those to be preserved». CFN13. Arkivert frå originalen 10 April 2013. Henta 21 March 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]