Hopp til innhald

The Undertones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Undertones

Aktiv1975
Sjangerpønkrock, rock
PlateselskapSire Records, Good Vibrations

The Undertones er eit nordirsk rockeband som blei danna i Derry i 1974. Frå 1975 til 1983 bestod bandet av Feargal Sharkey på vokal, Damian O'Neill på gitar, Michael Bradley på bass, John O'Neill på rytmegitar og Billy Doherty på trommer.[1] Mykje av musikken til gruppa var inspirert av punk-rock og new wave, men han hadde òg element frå glamrock og post-punk i materiale utgitt etter 1979. I samband med det siste albumet sitt nemnde musikarane òg soul og Motown som inspirasjon. Trass konflikten i Nord-Irland fokuserte størstedelen av songane til gruppa ikkje så mykje på den politiske spenninga, men heller på emne som ungdomsår, angst og hjartesorg.[2]

The Undertones gav ut tretten singlar og fire studiealbum, før Sharkey forlet gruppa i mai 1983.[3] Årsaka til brotet kom ifølgje han sjølv av musikalske skilnader mellom medlemmene.[4] I 1999, 16 år etter oppløysinga, blei The Undertones gjenforeint og forsongaren Sharkey blei erstatta med Paul McLoone. Bandet er enno den mest suksessrike gruppa frå Derry, og er anslått til å ha selt over 120 000 plater.[5][6]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. https://www.last.fm/music/The+Undertones
  2. Winwood, Ian (16. mars 2022). «The Undertones: ‘We never wanted to sing about the Troubles – we sang to get girls’». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235.
  3. «The Undertones og The Stranglers-grundlægger spiller i Pumpehuset», Pumpehuset (på engelsk), henta 16. oktober 2025
  4. Mancunion, The (2. mars 2022), In Conversation with The Undertones’ Mickey Bradley - The Mancunion (på engelsk), henta 16. oktober 2025
  5. «‘We’ve never grown up’: The Undertones are still kicking», Varsity Online (på engelsk), henta 16. oktober 2025
  6. «Teenage Kicks», great-irish-songbook.shorthandstories.com (på engelsk), henta 16. oktober 2025