The Way You Do the Things You Do

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Way You Do the Things You Do
Singel av The Temptations
frå albumet Meet the Temptations & The Temptations Sing Smokey
B-side

«Just Let Me Know»

Utgjeve 23. januar 1964
Innspelt Hitsville USA (Studio A) - 9. januar 1964
Sjanger Soul, doo-wop, R&B, pop
Lengd 2:42
Selskap Gordy

G 7028

Låtskrivar(ar) Smokey Robinson
Robert Rogers
Produsent Smokey Robinson
The Temptations-kronologi 
«Farewell My Love»
(1963)
The Way You Do the Things You Do «I'll Be in Trouble»
(1964)


«The Way You Do the Things You Do» er ein hitsong frå 1964 av The Temptations for Motown. Han vart skriven av Miracles-medlemmane Smokey Robinson og Bobby Rogers. Singelen var den første til Temptations som gjekk inn å Billboard Hot 100, og nådde ein sjetteplass der. Han gjekk òg til topps på Cash Box R&B-lista.[1]

Temptations-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Falsettsongen til Eddie Kendricks dominerer songen og består av ei samling av flørtelinjer («You got a smile so bright/you know you coulda been a candle/I'm holding you so tight/You know you coulda been a handle»). Songen kom til som ein spøk mellom Robinson og Rogers for å få tida til å gå på lange bussturar. Dei forstod at dei hadde noko å arbeide vidare med og utvikla songen for The Temptations, som på denne tida hadde slite med å slå gjennom. Denne versjonen av songen finst på to av albuma deira, Meet The Temptations i 1964 og The Temptations Sing Smokey i 1965.

Innspelinga vart gjort 8. januar 1964, kring to veker etter Elbridge Bryant fekk sparken frå bandet, og den yngre broren til Jimmy Ruffin, David Ruffin hadde teke over. Sjølv om Ruffin stort sett song førstestemme på scenen, var han i bakgrunnen på singlane i 1964, men etter Smokey Robinson høyrde han syngje solo på Temptations-konserten på Motortown Revue, fekk Ruffin rolla med å syngje førstestemme på den første Temptations-songen som gjekk heilt til topps, «My Girl».

The Temptations lærte om suksess med «The Way You Do the Things You Do» etter å ha kome heim til Detroit i Michigan og ein Motown-sjef nonchalant sa til dei, «åja, de har fått ein hit».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
US Billboard Hot 100 6
US Cash Box Top 100[2] 10
US Cash Box R&B Singles Chart 1

Rita Coolidge-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Way You Do the Things You Do
Singel av Rita Coolidge
frå albumet Love Me Again
B-side

«I Feel the Burden (Being Lifted Off My Shoulders)»

Utgjeve 1978
Innspelt 1977
Sjanger Softrock
Lengd 3:35
Selskap A&M Records
Låtskrivar(ar) Smokey Robinson
Robert Rogers
Produsent David Anderle
Rita Coolidge-kronologi 
«We're All Alone»
(1977)
The Way You Do the Things You Do «You»
(1978)


Rita Coolidge song inn «The Way You Do the Things You Do,» og han vart gjeven ut so den tredje singelen frå det mest suksessrike albumet hennar, Anytime...Anywhere i 1978. I USA nådde singelen 20. plassen på Billboard Hot 100 og 18. plassen på Cash Box Top 100. Han ndåde òg 16. plassen i Canada og er rangert som den 151. største hitten i Canada i 1978.[3]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada RPM Top Singles[4] 16
Canada RPM Adult Contemporary[5] 13
U.S. Billboard Hot 100 20
U.S. Cash Box Top 100 18

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada[6] 151

UB40-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Way You Do the Things You Do
Singel av UB40
frå albumet Labour of Love II
Utgjeve 1989
Innspelt 1989
Sjanger Reggae
Lengd 3:03
Selskap Virgin Records
Låtskrivar(ar) Smokey Robinson
Robert Rogers
Produsent UB40
UB40-kronologi 
«Here I Am (Come and Take Me)»
(1989)
The Way You Do the Things You Do «Groovin»
(1991)


«The Way You Do the Things You Do» vart spelt inn i 1989 av bandet UB40. Det var den sjette singelen deira frå albumet Labour of Love II frå 1989. Songen kom ut i dei fleste land i Europa i 198 (i juli 1990 på Frankrike) og vart nytta i Ridley ScottMichael Douglas-filmen Black Rain.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
  1. «The Way You Do the Things You Do» (3:03)
  2. «Splugen» (4:41)
CD-singel
  1. «The Way You Do the Things You Do» (3:03)
  2. «Splugen» (4:41)
CD-Maxi
  1. «The Way You Do the Things You Do» (Jazzy Club Mix) (6:11)
  2. «The Way You Do the Things You Do» (Paradise Mix) (4:07)
  3. «The Way You Do the Things You Do» (3:00)
  4. «Splugen» (4:42)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Saksofonar: Brian Travers
  • Vokal: Astro, Al Campbell, Robin Campbell
  • Trommer: James Brown
  • Perkusjon: Norman Hassan
  • Bassgitar: Earl Falconer
  • Gitar: Ali Campbell, Robin Campbell
  • Klaverinstrument: Mickey Virtue
  • Miksa av John Shaw, Gerry Parchment og Bertie Grant

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister (1990–92) Plassering
Australia (ARIA)[7] 78
Canada (RPM) 42
Nederland (Mega Single Top 100)[8] 15
Frankrike (SNEP)[9] 11
Tyskland (Media Control AG)[10] 53
Ireland (IRMA)[11] 26
Storbritannia (The Official Charts Company)[12] 49
U.S. Billboard Hot 100[13] 6
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[13] 21
Liste (1992) Plassering
Australia (ARIA)[7] 63
Årslister (1991–92) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[14] 71
Land Salstrofé Sal
Frankrike Sølv[15] 151 000[16]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«The Way You Do the Things You Do» har blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna ei nyinnspeling av The Temptations i lag med Diana Ross & The Supremes i 1968. Ein italiensk versjon vart spelt inn i 1967 av The Temptations med tittelen «Sei solo tu».

Songen er blitt ein hit på Amerikansk Topp 40 i fire tiår på rad, frå 1960- til 1990-åra. I 1985 vart ein konsertversjon (som ein del av ein medley med «My Girl») gjeven ut av Hall & Oates i lag med David Ruffin og Eddie Kendrick, og denne versjonen nådde 25. plassen.

Songen er òg blitt spelt inn av Eric Donaldson, Elkie Brooks, the Underdogs, Manfred Mann i 1965 på Mann Made, The Iveys (Pete Ham, Tom Evans, Ron Griffiths & Mike Gibbins, før Griffiths slutta og bandet endra namn til Badfinger[17]), Little Richard i 1971 på The King of Rock and Roll. Jordan Pruitt i 2008 på albumet Permission to Fly, Kids Incorporated i 1989 i sesong seks av «Pollution Problems»,[18] og Hilary Duff i filmen Raise Your Voice.

Jerry Garcia Band framførte songen på konsertar med ein lang jam, og songen vart ofte ti minuttar eller meir. Bruce Springsteen og E Street Band framførte ein lengre versjon, som ein del av medley med «634-5789», under ei radiosending frå Apollo Theater og fortsette å spele songen på Wrecking Ball-turneen i 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 571. 
  2. Cash Box Top 100 Singles, April 18, 1964
  3. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 23. juli 2017. 
  4. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 23. juli 2017. 
  5. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 12. desember 2016. 
  6. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 23. juli 2017. 
  7. 7,0 7,1 Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  8. "Dutchcharts.nl – UB40 – The Way You Do the Things You Do" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  9. "Lescharts.com – UB40 – The Way You Do the Things You Do" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  10. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  11. Irish Single Chart Irishcharts.ie Arkivert July 21, 2011, ved Wayback Machine. (Henta April 10, 2008)
  12. UK Singles Chart Chartstats.com (Henta April 10, 2008)
  13. 13,0 13,1 Billboard allmusic.com (Henta April 20, 2008)
  14. «Billboard Top 100 - 1991». Arkivert frå originalen 7. juli 2009. Henta 15. september 2009. 
  15. UB40's certifications Chartsinfrance.net (Henta February 12, 2008)
  16. Sales of UB40's singles in France Infodisc.fr Arkivert 2012-02-06 ved Wayback Machine. (Henta February 12, 2008)
  17. «The Iveys - Way You Do The Things You Do - BBC Radio». YouTube. 11. april 2014. Henta 23. juli 2017. 
  18. Kids Incorporated - The Way You Do The Things You Do