The Who

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Who

The Who etter ein konsert i 1975. Frå venstre til høgre: Roger Daltrey, John Entwistle, Keith Moon og Pete Townshend.
OpphavShepherd’s Bush, West London i England
Aktiv1964–til i dag
SjangerRock, hardrock, poprock
PlateselskapDecca, Brunswick, Polydor, Track, MCA, Universal Republic, Warner Bros.
MedlemmerPete Townshend
Roger Daltrey
Tidlegare medlemmerJohn Entwistle
Keith Moon
Kenney Jones
Doug Sandom
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame

The Who er eit engelsk rockeband som vart starta i 1964. Besetninga bestod av gitarist Pete Townshend, vokalist Roger Daltrey, bassist John Entwistle og trommeslagar Keith Moon. Dei vart kjend for dei energiske konsertane sine.[1][2] Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990, det første året dei hadde høvet til dette.[3][4] I følgje New York Times har The Who selt over 100 millionar plater.[5]

The Who vart kjende i Storbritannia som dei første som øydela instrumenta sine på scenen og for ei rekkje Topp 10-singlar (mellom andre «My Generation») og Topp 5-album. Tommy frå 1965 var den første i ei rekkje album som nådde Topp 5 i USA, etterfølgd av Live at Leeds (1970), Who’s Next (1971), Quadrophenia (1973) og Who Are You (1978).

Moon døydde i 1978, og etter dette har bandet gjeve ut to studioalbum, Face Dances (1981) og It's Hard (1982) med trommeslagaren Kenney Jones, før dei gav seg i 1983. Dei kom saman igjen for hendingar som Live Aid og for ein gjenforeiningsturné i 1989 og Quadrophenia-turneen i 1996 og 1997. I 2000 vart det lagt planar om eit nytt studioalbum, men planane vart utsette då Entwistle døydde i 2002. Townshend og Daltrey gav seg ikkje med The Who, og i 2006 kom studioalbumet Endless Wire.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

The Who i 1965.

Tidleg i 1960-åra starta Townshend og Entwistle i eit tradjazzband kalla The Confederates. Townshend spelte banjo og Entwistle spelte valthorn, eit instrument han hadde spelt i skulekorpset. Daltrey møtte Entwistle på gata med ein bass over skuldra og spurte han om han ville bli med i bandet hans The Detours, som han hadde starta året før. Etter eit par veker føreslo Entwistle at Townshend kunne bli med som ein ekstra gitarist. Den første tida spelte bandet fleire typar musikk som høvde inn i pubane og musikkhallane dei spelte i, før dei vart påverka av amerikanske blues og country og starta å spele stort sett rhythm and blues. Besetninga var Daltrey på sologitar, Townshend på rytmegitar, Entwistle på bass, Doug Sandomtrommer og Colin Dawson på vokal. Etter at Dawson forlet bandet, gjekk Daltrey over på vokal, og Townshend vart sologitarist. I 1964 forlet òg Sandom bandet og Keith Moon vart den nye trommeslagaren.

The Detours endra namn til The Who i februar 1964 og då Moon var på plass i løpet av året, var besetninga komplett. Ein kort periode på sommaren 1964, under Peter Meaden si leiing, endra dei namn til The High Numbers, og gav ut singelen «Zoot Suit»/«I’m the Face», retta mot mod-miljøet. Då singelen ikkje nådde salslistene, endra dei namn tilbake til The Who. Meaden vart erstatta som manager av Kit Lambert og Chris Stamp, som såg bandet under ein konsert på the Railway Tavern og kjøpte Meaden ut av kontrakten. Dei vart særs populære hos den britiske mod-rørsla, ei ungdomsrørsle i 1960-åra basert på dei siste motane, scooterar og musikksjangrar som rhythm and blues, soul og beatmusikk.[6]

I september 1964, under ein konsert ved The Railway Tavern i Harrow og Wealdstone i London, klarte Townshend ved eit uhell å slå gitarhalsen gjennom taket på scenen. Han vart irritert av humringa frå publikum og knuste instrumentet på scenen. Han tok så ein ny gitar og heldt fram konserten. På konserten etter hadde publikum vokse kraftig, men Townshend ville ikkje knuse enno ein gitar. I staden knuste Moon trommesettet sitt då publikum starta å pipe på Townshend.[7][8] Øydelegging av instrument på scenen vart eit fast innslag på konsertane til The Who i mange år. Hendinga på The Railway Tavern er av musikkmagasinet Rolling Stone kåra til eitt av «50 augneblink som endra rockehistoria».[9]

Bandet utvikla seg med Townshend som hovudlåtskrivar og kreativ kraft. Entwistle skreiv òg nokre songar, medan Moon og Daltrey stundom medverka.

Dei første singlane og My Generation[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen som The Who og den første hitten deira var «I Can’t Explain» frå 1965, ein song inspirert av The Kinks, som dei delte produsenten Shel Talmy med. Songen vart først spelt i USA av DJ Peter C Cavanaugh på WTAC AM 600 i Flint i Michigan[10], der Moon køyrte bilen sin i hotellbassenget på 21. årsdagen sin.[11] «I Can't Explain» nådde Topp 10 i Storbritannia, etterfølgd av «Anyway, Anyhow, Anywhere», ein song tilskriven Townshend og Daltrey.

Debutalbumet My Generation (The Who Sings My Generation i USA) kom ut same året. Albumet inneheldt «The Kids Are Alright» og tittelsporet «My Generation». Andre hitar i denne tida var «Substitute», «I’m a Boy» og «Happy Jack», alle frå 1966. Vidare følgde hittane «I Can See for Miles» og «Magic Bus» frå 1968.

Konseptalbum[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dei hadde suksess med singlane sine, ønskte Townshend at The Who-albuma skulle vere meir heilheitlege og ikkje berre ei samling av songar. I 1966 kom albumet A Quick One, som inneheldt den lange historia «A Quick One While He's Away», som dei kalla ein miniopera, og som er vorte kalla den første progressive rockesongen.[12]

A Quick One vart etterfølgd av The Who Sell Out i 1967, eit konseptalbum forma som ein piratradiostasjon, med jinglar og reklamar mellom songane, samt ein liten rockeopera kalla «Rael» (avsluttingstemaet enda opp på Tommy), samt den største hitten dei hadde i USA, «I Can See for Miles». The Who øydela utstyr under Monterey Pop Festival dette året og gjorde det same på Smothers Brothers Comedy Hour der Moon sprengde trommesettet med dynamitt. Visstnok var eksplosjonen så høg at det øydela høyrselen til Townshend. I 1968 var The Who hovudattraksjon på den første Schaefer Music Festival i Central Park i New York City. Same året vart Townshend intervjua av Rolling Stone for første gong, der han fortalte at han arbeidde med ein fullskala rockeopera.[13] Dette var Tommy, det første verket som har vorte kalla ein rockeopera og eit landemerke i moderne musikk.

Tommy og Live at Leeds[endre | endre wikiteksten]

På denne tida hadde læra til Meher Baba frå India stara å påverke låtskrivinga til Townshend, noko det skulle gjere i mange år. Baba er tilskriven som «Avatar» på Tommy. I tillegg til at albumet selde stort, fekk det særs god kritikk. Life Magazine skreiv «… med rein kraft, nyvinning og glimrande framføring, ligg Tommy langt føre alt anna som nokon gong har kome ut av eit platestudio», og Melody Maker erklærte at «The Who er sikkert og visst det bandet som alle andre band no vil bli målt opp mot».

The Who spelte mykje av TommyWoodstock Music and Art Festival dette året. Dette og den påfølgjande filmen gjorde The Who særs populære i USA. Trass i at festivalen var gratis, kravde The Who betaling før dei gjekk på scenen kl. 2–3 om natta, trass i at alle bankar var stengde då, og gjekk først på scenen då ein av arrangørane, Joel Rosenman, kom med ein sjekk på 11 200 dollar.[14]

I februar 1970 spelte The Who inn Live at Leeds, som av mange kritikarar vert rekna som det beste rockekonsertalbumet gjennom tidene.[15] Albumet var opphavleg relativt kort og inneheldt berre hardrocksongane, men har sidan vorte gjeven ut på ny i utvida utgåver. Ei dobbel CD-utgåve inneheld heile Tommy. Konserten var ein del av Tommy-turneen der The Who spelte i europeiske operahus, og dei vart det første rockebandet som spelte i Metropolitan Opera House i New York City.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Lifehouse og Who’s Next[endre | endre wikiteksten]

I mars 1971 starta bandet innspelinga av Lifehouse med Kit Lambert i New York. I april starta dei på ny med Glyn Johns. Lifehouse-prosjektet vart aldri noko av, og songane frå prosjektet, i lag med ein song av Entwistle som ikkje hadde noko med Lifehouse å gjere, vart gjevne ut som eit vanleg studioalbum kalla Who’s Next. Albumet vart det mest suksessrike albumet til The Who, både hos kritikarane og tilhengarane. Who's Next nådde fjerdeplassen i USA og førsteplassen i Storbritannia. To spor frå albumet, «Baba O’Riley» og «Won’t Get Fooled Again» er av dei første songane i rockehistoria der det er nytta synthesizer.[16] (sjølv om det på «Won't Get Fooled Again» vart nytta eit orgel køyrd gjennom ein VCS3 synthesizer). Synthesizerar finst òg på fleire songar på albumet som «Bargain», «Going Mobile» og «The Song is Over».

Quadrophenia og By Numbers[endre | endre wikiteksten]

Who's Next vart etterfølgd av Quadrophenia (1973), som omhandlar livet i London tidleg i 1960-åra. Det var ein ny rockeopera om guten Jimmy, som kjempar med dårleg sjølvtillit medan familien og andre har vorte mentalt sjuke.[17] Soga hans er sett opp mot samanstøytar mellom mod-rørsla og rockarane tidleg i 1960-åra, særleg i Brighton i Storbritannia. På den påfølgjande amerikanske turneen, den 20. november 1973 i San Francisco i California mista Keith Moon medvitet under «Won't Get Fooled Again», og etter ein kort pause igjen under «Magic Bus». Townshend spurte publikum om det var nokon gode trommeslagarar i publikum. Scot Halpin var til stades og sette seg ned ved trommene resten av showet.[18]

Keith Moon i 1975

Dei seinare albuma til bandet inneheldt songar som var meir personlege for Townshend og han overførte denne stilen til soloalbuma sine, som på Empty Glass. I 1975 kom The Who by Numbers med sjølvgranskande songar og den meir lystige hitsingelen «Squeeze Box». Likevel rekna enkelte kritikarar By Numbers som Townshend sitt «avskjedsbrev».[19] Ein film av Tommy kom ut dette året, regissert av Ken Russell, med Daltrey i hovudrolla. Dette gav Townshend ein Oscarnominasjon for «beste filmmusikk». I 1976 spelte The Who på Charlton Athletic fotballstadion og konserten var i over ti år rekna som den konserten med høgaste målte lydnivå i Guinness rekordbok.

Who Are You og dødsfallet til Moon[endre | endre wikiteksten]

Daltrey og Townshend, 21. oktober 1976

I 1978 gav bandet ut Who Are You, der dei flytta seg frå rockeopera mot meir radiovenleg musikk. Utgjevinga vart derimot overskugga av dødsfallet til Moon, då han sovna inn etter ein overdose med Heminevrin - ein reseptbelagt medisin mot alkoholmisbruk. Det siste albumomslaget viser Moon i ein stol med orda, «not to be taken away» («må ikkje fjernast»). Songen «Music Must Change» er utan trommer. Kenney Jones frå The Small Faces og The Faces, overtok for Moon.

2. mai 1979 la The Who ut på turne att og fekk god kritikk for konsertar i Rainbow Theatre i London, under filmfestivalen i Cannes i Frankrike og Madison Square Garden i New York City. Ein liten turne i USA enda i tragedie under ein konsert i Cincinnati den 3. desember 1979 då 11 tilhengjarar mista livet i trengselen under konserten. Bandet fekk ikkje beskjed om dette før etter konserten, fordi arrangørane var redd for panikk i publikum om konserten vart stoppa.

I 1979 gav The Who ut dokumentarfilmen The Kids are Alright og ein filmversjon av Quadrophenia, som gjorde det godt i Storbritannia. I desember vart The Who det tredje bandet, etter The Beatles og The Band, som kledde framsida av Time Magazine. Artikkelen sa at The Who hadde «gått forbi, overlevd, vart lenger enn og utklassa» alle sine samtidige rockeband.[20]

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Nedgang og splitting[endre | endre wikiteksten]

Bandet gav ut to studioalbum med Jones som trommeslagar, Face Dances (1981) og It’s Hard (1982). Face Dances inneheldt hitsingelen «You Better You Bet» og fleire MTV- og radiohittar som «Another Tricky Day». Tre videoar frå albumet vart spelt på MTV same dagen som kanalen starta opp i august 1981. Sjølv om begge albuma selde forholdsvis godt og It's Hard fekk fem av fem stjerner i Rolling Stone, likte ikkje tilhengjarane den nye stilen like godt. «Athena» nådde Topp 30 i USA, medan «Eminence Front» gjorde det godt. Townshend hadde derimot private problem på denne tida. Ekteskapet hadde gått i oppløysing på grunn av alkoholmisbruk, og no hadde han vorte avhengig av heroin, noko som var sjokkerande fordi han tidlegare hadde teke klar avstand frå all narkotikabruk. Han vart rein tidleg i 1982, men Daltrey sa til han at han ville stoppe turnelivet om det betydde at Townshend ville halde seg i live. Kort tid etter It's Hard la The Who ut på ein avsluttingsturne etter at Townshend erklærte at bandet frå no av skulle verte eit studioband. Det vart den mestseljande turneen detten året med utselde konsertar i heile Nord-Amerika.[21]

I 1983 prøvde Townshend å skrive nye songar til eit studioalbum som bandet måtte gje ut for å oppfylle kontrakten med Warner Bros. Records frå 1980. Mot slutten av 1983 innsåg Townshend at han ikkje ville klare å lage gode nok songar for The Who og annonserte at bandet var oppløyst i desember. Han fokuserte så på soloprosjekta White City: A Novel, The Iron Man (med Daltrey og Entwistle og to songar på albumet tilskriven «The Who») og Psychoderelict, ein forgjengar til radioverket Lifehouse.

Gjenforeiningar[endre | endre wikiteksten]

13. juli 1985 kom The Who, med Kenney Jones, saman igjen for Live AidWembley. Bandet spelte «My Generation», «Pinball Wizard», «Love Reign O'er Me» og «Won't Get Fooled Again». Bandet skulle òg spele den nye Townshend-songen «After the Fire», men klarte ikkje å lære den tidsnok. Songen vart ein solohit for Daltrey det same året.

I februar 1988 fekk bandet British Phonographic Industry ærespris. The Who spelte nokre songar under seremonien (siste gong Jones spelte med The Who). I 1989 la dei ut på ein 25-årsjubileumsturne med stor vekt på songar frå Tommy. Simon Phillips spelte trommer, medan Steve «Boltz» Bolton spelte sologitar, sidan Townshend hadde massive høyrselsproblem og ikkje fekk lov til anna enn å klimpre på gitaren. I tillegg hadde bandet med seg blåsarar og korsongarar. Newsweek skreiv: «The Who-turneen er spesiell fordi etter the Beatles og the Stones er det dei som er tingen.» I alt vart det seld over to millionar billettar. På konserten i Universal Amphitheatre i Los Angeles medverka Elton John, Phil Collins, Billy Idol, Patti LaBelle og Steve Winwood.

I 1990 vart konsertalbumet Join Together gjeve ut. Under ein konsert i Tacoma skadde Townshend hande då han gjorde vindmølla si. Handa trefte gitaren med stor kraft og starta å blø kraftig.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Fleire gjenforeiningar[endre | endre wikiteksten]

I 1990 vart The Who innlemma i Rock and Roll Hall of Fame av U2. Bono sa: «Meir enn noko anna band er The Who våre rollemodellar».

I 1991 spelte The Who inn ein versjon av Elton John sin «Saturday Night’s Alright for Fighting» på eit tributtalbum for han. Dette var siste gong Entwistle medverka på ei The Who-innspeling i studio. Townshend turnerte i 1993 med albumet Psychoderelict. Entwistle gjorde ein gjesteopptreden på ein av konsertane. I 1993 vart det rykte om ein ny gjenforeiningsturne for å feire 30-årsjublieumet, men det vart ikkje noko av. Daltrey feira derimot 50-årsdagen sin med to konsertar i Carnegie Hall. På desse gjorde både Entwistle og Townshend gjesteopptredenar, men dei spelte ikkje samstundes, bortsett frå på den siste songen, «Join Together», då alle artistane spelte. Daltrey la ut på turne dette året med mellom anna Simon Townshend, bror til Pete, på gitar, og Entwistle på bass. Pete Townshend gav Daltrey lov til å kalle bandet The Who, men Daltrey avslo. Konsertalbumet frå denne turneen, Daltrey Sings Townshend, selde ikkje særleg bra.

Quadrophenia-turneen[endre | endre wikiteksten]

I 1996 sette Townshend bandet saman att for ein konsert i Hyde Park i London. Han ønskte å framføre heile Quadrophenia, først som eit akustisk soloprosjekt, men innsåg at han trengde heile bandet på scenen. Entwistle og Daltrey sa seg einig i å spele denne eine gongen, med Zak Starkey på trommer, John Bundrick på keyboard og Simon Townshend og Geoff Whitehorn å gitarar. Jon Carin medverka òg på keyboard, samt blåsarar og fleire gjesteartistar. Av desse spelte David Gilmour, Ade Edmonson, Trevor McDonald og Gary Glitter.

Konserten vart ein suksess og The Who la ut på ein turne. Heile Quadrophenia vart framført med tre andre Who-songar som ekstranummer. Townshend annonserte at han hadde likt turneen særs godt og ønskte å ta fram The Who no og då framover. I 1998 rangerte VH1 The Who på niandeplass på lista deira over dei 100 største rockeartistane gjennom tidene. Seint i 1999 spelte The Who fleire konsertar.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Dei gjenverande medlemmane Townshend og Daltrey

The Who starta 2000-åra med turnear i USA og Storbritannia. Med gode tilbakemeldingar diskuterte The Who om dei skulle gå i studio og lage eit nytt album.[22] VH1 plasserte dette året The Who på åttandeplass på lista deira over dei 100 største hardrockartistane gjennom tidene.

Bandet spelte på The Concert for New York City den 20. oktober 2001, der dei spelte «Who Are You», «Baba O’Riley», «Behind Blue Eyes» og «Won’t Get Fooled Again». Same året fekk dei æresprisen under Grammy Awards.[23]

Like før ein turne sommaren 2002 vart Entwistle funne død på Hard Rock Hotel i Las Vegas. Dødsårsaka vart hjarteattak der kokain var ein medverkande faktor.[24] Etter ein kort pause la The Who ut på turne med Pino Palladino som bassist. Dei fleste konsertane under tureen vart gjeven ut på album som Encore Series 2002. I september 2002 plasserte musikkmagasinet Q bandet på ei liste over «50 band du må sjå før du døyr».

I 2004 vart det turnert i Japan, Australia, Storbritannia og USA. Desse konsertane vart òg gjeve ut på CD som ein del av Encore Series 2004. Rolling Stone rangerte The Who på 29. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene.[25]

The Who spelte «Who Are You» og «Won’t Get Fooled Again» på Live 8 i London i juli 2005. 30. oktober 2006 kom albumet Endless Wire ut, det førset studioalbumet deira på 24 år. Endless Wire gjekk inn på sjuandeplassen på Billboardlista i USA og niandeplassen i Storbritannia.

The Who på turne i 2007. Til venstre Roger Daltrey, til høgre Pete Townshend med Zak Starkey (trommer) og John «Rabbit» Bundrick (keyboard)

I samband med albumet la The Who ut på ein turne i Europa og seinare resten av verda. Konsertane vart gjevne ut på CD som Encore Series 2006. I november 2007 kom dokumentaren Amazing Journey: The Story of The Who ut. Dette var ein dobbel DVD med nye intervju av Daltrey, Jones og Townshend, samt Sting, The Edge, Noel Gallagher, Eddie Vedder og Steve Jones.

Daltrey og Townshend i 2008

I 2008 og 2009 følgde fleire turnear for The Who.

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

The Who-opptreden i 2016.

12. august 2012 spelte The Who som siste nummer under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London, like etter den olympiske elden var sløkka. Dei framførte ein medley med «Baba O'Riley» og «See Me, Feel Me», samt «My Generation».

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

The Who er ei av dei største inspirasjonskjeldene i rockehistoria. Hardrockstilen dei førte til England bana veg for band som Led Zeppelin og The Clash. I alt har dei selt om lag 100 millionar album.[26] Starten som eit mod-band har inspirert britpop-bølgja på midten av 1990-talet med band som Blur, Oasis, Stereophonics og Ash.

The Who har blitt kalla «Pønken sine gudfedrar».[27] Delar av grunnlaget for punkrock ligg i aggressiviteten til The Who. The Stooges, MC5, Ramones, Sex Pistols, The Clash, Generation X og andre punkband og protopunkband har peikt på The Who som inspirasjonskjelde.

Gruppa har fått æra for å kome opp med rockeoperaen og laga nokre av dei første konseptalbuma i rockehistoria.

I 1967 kom Townshend med uttrykket «power pop» for å skildre singlane til The Who i 1960-åra.[28] Powerpoprørsla i 70-åra, frå Raspberries til Cheap Trick, har hatt The Who som inspirasjonskjelde.[29]

The Who var òg tidleg ute med bruk av synthesizerar[30], som på Who's Next der instrumentet domineer. «My Generation» er den mest innspelte songen deira. Iron Maiden, Oasis, Sweet, Pearl Jam, Patti Smith, Green Day, McFly, Hawk Nelson, Di-Rect og Hilary Duff har alle spelt inn songen. David Bowie har spelt «I Can’t Explain», «Pictures of Lily» og «Anyway, Anyhow, Anywhere». The Sex Pistols, the Ramones og Great White spelte «Substitute» og mange av songane deira er blitt spelt av andre artistar.

Det eksisterer fleire tributtband, som Bargain, My Generation, The Ohm, The Relay, The Substitutes, Townzen i Japan, The Whodlums, The Wholigans, The Who Show, Who's Next USA, Who's Next UK, Who's Who. Alle dei tre utgåvene av den amerikanske TV-serien CSI (CSI : Crime Scene Investigation, CSI: Miami og CSI: NY) har songar av The Who som temasongar. Desse er «Who Are You», «Won't Get Fooled Again» og «Baba O'Riley».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vedder, Eddie (15. april 2004). «The Greatest Artists of All Time: The Who». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. april 2008. Henta 3. mai 2009. 
  2. «2006 Vodafone Live Music Awards». Vodafone. Arkivert frå originalen 16. juni 2008. Henta 3. mai 2009. 
  3. «The Who». Brittanica Online Encyclopedia. Henta 3. mai 2009. 
  4. «The Who». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum, Inc. Henta 3. mai 2009. 
  5. Two Rock Legends, Basking in the VH1 Spotlight. nytimes.com. Vitja 3. mai 2009.
  6. BBC
  7. Rock og Roll: A Social History, arkivert frå originalen 27. september 2011, henta 3. mai 2009 
  8. The Marquee Club, arkivert frå originalen 2. oktober 2007, henta 3. mai 2009 
  9. 50 Moments That Changed the History of Rock 'n' Roll, arkivert frå originalen 17. januar 2007, henta 3. mai 2009 
  10. Local DJ - A Rock 'n' Roll History
  11. Video av Moon som køyrer bilen sin i bassenget
  12. The Who på progarchives.com
  13. The Rolling Stone Interview: Pete Townshend, arkivert frå originalen 1. april 2009, henta 3. mai 2009 
  14. Spitz, Bob (1979). Barefoot In Babylon: The Creation of the Woodstock Music Festival. W.W. Norton & Company. s. 462 ISBN 0-393-30644-5.
  15. «Hope I don't have a heart attack». Telegraph.co.uk (22. juni 2006). Vitja 3. mai 2009.
    * Live at Leeds: Who's best... [daud lenkje] The Independent (7. juni 2006). Vitja 3. mai 2009.
    * Hyden, Steven. THE WHO: Live at Leeds. PopMatters.com (29. januar 2003)
    * The Who: Live at Leeds. BBC - Leeds - Entertainment (18. august 2006). Vitja 3. mai 2009
    * 170) Live at Leeds. Arkivert 2010-03-29 ved Wayback Machine. Rolling Stone Magazine (1. november 2003). Vitja 3. mai 2009
  16. Pete's Equipment - Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1
  17. Quadrophenia.net
  18. Whiting, Sam (17. oktober 1996). «WHO'S DRUMMER? Teen got his 15 minutes of fame». San Francisco Examiner. Henta 3. mai 2009. 
  19. The Who By Numbers (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. mai 2008, henta 3. mai 2009 
  20. http://www.thewho.org/images/times2.jpg Time Magazine
  21. The Who-konsertar i 1982., arkivert frå originalen 28. juli 2011, henta 3. mai 2009 
  22. The Who Concerts Guide Newspaper Review., arkivert frå originalen 28. juli 2011, henta 3. mai 2009 
  23. List of Grammy Lifetime Awards
  24. Cocaine 'killed The Who star' BBC News
  25. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone Issue 946 (Rolling Stone Magazine). 24. mars 2004. Arkivert frå originalen 20. august 2011. Henta 3. mai 2009. 
  26. LA Phil Presents Hollywood Bowl, arkivert frå originalen 21. januar 2009, henta 3. mai 2009 
  27. The New Rolling Stone Encyclopedia of Rock and Roll, arkivert frå originalen 29. september 2007, henta 3. mai 2009 
  28. rock'sbackpageslibrary
  29. PopMatters-intervju med Eric Carmen
  30. Acoustic Sounds Inc

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]