The Who Sell Out

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Who Sell Out
Studioalbum av The Who
Utgjeve 15. desember 1967
Innspelt mai til november 1967, Talentmasters Studios i New York City; IBC Studios, Pye Studios, De Lane Lea Studios, CBS Studios og Kingsway Studios i London og Gold Star Studios i Los Angeles
Sjanger Rock, psykedelisk rock, pop, kunstrock
Lengd 37:23
Selskap Track
Produsent Kit Lambert
Kritikk
The Who-kronologi
A Quick One
(1966)
The Who Sell Out Tommy
(1969)

The Who Sell Out er det tredje albumet til det engelske rockebandet The Who, gjeve ut i 1967 av Track Records i Storbritannia og Decca Records i USA. Det er eit konseptalbum, sett saman som ei samling av sjølvstendige songar med falske reklamar og tenestemeldingar mellom. Albumet gjer seg ut for å vere piratradiostasjonen Radio London. Ein del av den tilsikta ironien med tittelen var at The Who faktisk lagde reklamar i denne perioden av karrieren, og nokre av desse er med som bonusspor på den nymastra CD-utgåva.

Då albumet kom ut følgde visstnok ei rekkje søksmål sidan verkelege produkt var nemnde i dei falske reklamane, samt at desse produkta var vist på plateomslaget. I 2003 vart albumet plassert på 113. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Albumet[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget er delt inn i fire med bilete tekne av David Montgomery av kvart bandmedlemm, to på framsida og to på baksida. På framsida er Pete Townshend med ein gigantisk deodorant av merke Odorono, og Roger Daltrey som sit i eit badekar fyllt med Heinz baked beans medan han held ein gigantisk hermetikkboks av same merke. Roger Daltrey skal visstnok ha fått lungebetennelse av å sitte lenge i badekaret sidan bønnene hadde vore kalde før dei vart tømd oppi.[1]. På baksida finn ein Keith Moon som smør på Medac frå ein enorm tube, medan John Entwistle i ei Tarzan-drakt av leopardskinn klemmer ei blond kvinne i ein leopardsskinnsbikini med ein arm og ein teddybjørn med den andre (ein reklame for ein Charles Atlas-matrett omtalt i ein av dei falske reklamane på albumet).

Rockekritikar Dave Marsh hevdar i Before I Get Old (ei sogen om The Who) at dette var det første popalbumet nokon gong som ikkje trykte innhaldet på plata på omslaget. Dette er derimot ikkje korrekt sidan debutalbumet til Moby Grape seks månader før innehar denne tittelen.

«I Can See for Miles» vart gjeven ut som singel og nådde tiandeplassen i Storbritannia. Townshend, som skreiv songen, var sikker på at han ville nå toppen av lista og vart skuffa. Han mista trua på seg sjølv når det gjaldt å skrive hitsinglar, og valde i staden å fokusere all energien sin på å skrive tematiske album, noko som resulterte i Tommy:

«Rael» er eit utdrag frå eit av dei første forsøka til Pete Townshend på ein rockeopera. Handlinga kjem ikkje klårt fram frå utdraget, men involverer tilsynelatande helten «Captain» som vert sviken av mannskapet sitt under eit hemmeleg forsøk på å redde Rael frå ein komande invasjon av Red Chins. Det dramatiske instrumentalpartiet inneheled musikalske element som dukka opp i både «Sparks» og «Underture» på Tommy. Som tidlege utgåver av The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band endar Sell Out med ei låst vinylrille som går i ei sløyfe, i dette tilfellet ein a cappella jingel for Track Records.

Albumet er kjend for at Roger Daltrey ikkje er solovokalist på dei fleste songane, og syng berre på tre songar, «Tattoo», «I Can See for Miles» og «Rael». «Heinz Baked Beans», «Medac» og «Silas Stingy» er sungne av John Entwistle; «Odorono», «Our Love Was/Is», «I Can't Reach You» og «Sunrise» av Pete Townshend; medan Daltrey og Townshend deler vokale på resten av songane.

I 2009 kom ei dobbel CD-utgåve av albumet ut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Armenia City in the Sky» (John Keen) 3:12
2. «Heinz Baked Beans» (John Entwistle) 0:57
3. «Mary Anne With The Shaky Hand»   2:04
4. «Odorono»   2:16
5. «Tattoo»   2:42
6. «Our Love Was»   3:07
7. «I Can See for Miles»   4:17
Side to
# Tittel Lengd
8. «I Can't Reach You»   3:03
9. «Medac» (John Entwistle) 0:57
10. «Relax»   2:38
11. «Silas Stingy» (John Entwistle) 3:04
12. «Sunrise»   3:03
13. «Rael 1»   5:44
Bonusspor på 1995-utgåva
# Tittel Lengd
14. «Rael 2»   0:47
15. «Glittering Girl»   2:56
16. «Melancholia»   3:17
17. «Someone's Coming» (John Entwistle) 2:29
18. «Jaguar»   2:51
19. «Early Morning Cold Taxi» (Roger Daltrey, Dave Langston) 2:55
20. «Hall of the Mountain King» (Edvard Grieg) 4:14
21. «Girl's Eyes» (Keith Moon) 3:28
22. «Mary Anne with the Shaky Hand» (alternate version) 3:19
23. «Glow Girl»   2:24


Bonusspor på disk 1 av Deluxe-utgåva
# Tittel Lengd
14. «Rael Naive»   0:59
15. «Someone's Coming» (John Entwistle) 2:36
16. «Early Morning Cold Taxi» (Roger Daltrey, Dave Langston) 2:59
17. «Jaguar»   2:58
18. «Coke After Coke»   1:05
19. «Glittering Girl»   3:00
20. «Summertime Blues» (Eddie Cochran, Jerry Capehart) 2:35
21. «John Mason Cars» (John Entwistle, Keith Moon) 0:39
22. «Girl's Eyes» (Keith Moon) 2:52
23. «Sodding About» (John Entwistle, Keith Moon, Pete Townshend) 2:47
24. «Premier Drums» (Full Version) 0:42
25. «Odorono» (Final Chorus) 0:24
26. «Mary Anne With The Shaky Hand» (US Mirasound Version) 3:22
27. «Things Go Better With Coke»   0:30
28. «In The Hall Of The Mountain King» (Edvard Grieg/arrangert av The Who) 4:23
29. «Top Gear»   0:50
30. «Rael 1 & 2» (Remake Version) 6:35
Disk 2 av Deluxe-utgåva
# Tittel Lengd
14. «Mary Anne with the Shaky Hand» (Version 1)(US mono single mix) 3:16
15. «Somone's Coming» (UK single mono mix) (John Entwistle) 2:31
16. «Relax» (Early demo, stereo) 3:21
17. «Jaguar» (Original mono mix) 2:51
18. «Glittering Girl» (Unreleased version, stereo) 3:17
19. «Tattoo» (Early mono mix) 2:46
20. «Our Love Was» (Take 12, unused mono mix) 3:16
21. «Rotosound Strings» (With final note, stereo) 0:12
22. «I Can See for Miles» (Early mono mix) 4:00
23. «Rael» (Early mono mix) 5:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who
Andre musikarar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BBC News - Roger Daltrey's concert conundrum