The Witch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Witch
Singel av The Sonics
frå albumet Here Are the Sonics!!!
B-side «Keep a' Knockin'»
«Psycho» (nyutgjeving)
Utgjeve November 1964
1965 (nyutgjeving)
Innspelt 1964, Audio Recording Studio, Seattle, Washington
Sjanger
Lengd 2:40
Selskap Etiquette
Låtskrivar(ar) Jerry Roslie
Produsent John «Buck» Ormsby
The Sonics-kronologi
The Witch «Psycho»
(1965)


«The Witch» er ein song av det amerikanske garasjerockbandet The Sonics, skriven av vokalisten Gerry Roslie, og først gjeven ut som debutsingelen til bandet i november 1964. Songen kom sidan ut på debutalbumet til The Sonics, Here Are the Sonics. Det er blant dei mest støyande og tyngste innspelingane på den tida, og vert rekna som eit viktig steg i utviklinga av punkrock trass i at songen aldri vart ein nasjonal suksess. Songen kom ut på fleire samleplater, som Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Sonics vart skipa i 1960 og spelte hovudsakleg instrumental R&B med stadig skiftande besetning. Seint i 1963 stabiliserte gruppa seg og dei vart eit populært konsertband i det nordvestlege USA. Dei vart lagt merke til av John «Buck» Ormsby, som spelte bassgitar for The Fabulous Wailers.[1] Han vart invitert til ei øving i garasjen til trommisen Bob Bennett i 1964, men Ormsby vart ikkje imponert over coverlåtane dei spelte. Ei tidleg utgåve av det som vart gitarriffet på «The Witch» vart spelt og overtydde Ormsby om å signere The Sonics til selskapet han var medeigar i, Etiquette Records.[2]

Teksten på «The Witch» var opphavleg meint å vere om ein lokal dans, men vart omskriven til å handle om ei trulaus kvinne.[3] Songen vart òg markert av ein hamrande, stopp-start-melodi og eit ubøyeleg, aggressivt tempo.[4] Under innspelinga i Ormsby sitt Audio Recording Studio i Seattle, var The Sonics berre nøgd då VU-målarane heldt seg på raudt, noko som rysta lydteknikarane.[1][2]

«The Witch» vart gjeven ut som debutsingelen til The Sonics i november 1964. Med ein versjon av Little Richard sin «Keep a'-Knockin'», var songen altfor progressiv for mange marknader, men vart etter kvart spelt på mindre radiostasjonar i Seattle.[3] Songen klatra til andreplassen på ei singelliste i regionen og kom ut på ny tidleg i 1965 med «Psycho», ein annan original Sonics-song, som B-side for å unngå å betale honorar til Little Richard.[3] I mars 1965 vart «The Witch» gjeven ut som debutalbuma til gruppa, Here Are the Sonics.[5]

Sjølv om «The Witch» aldri kom inn på den nasjonale hitlista, har ein plass i rockehistoria. Det er ein av dei tyngste songane frå denne tida og «The Witch» i lag med «Psycho» har inspirert mange punkrock-grupper i 1970-åra.[6] I tillegg er songen ein av tre av The Sonics (flest av noko band) som er med på samlealbumet Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968.[4]

Få Sonics-songar vart spelte av andre band, men Syndicate of Sound spelte «The Witch» på albumet deira Little Girl.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Palao, Alex (2007). «!!!Here Are the Sonics!!! (CD booklet)». Big Beat Records. 
  2. 2,0 2,1 «The Sonics Boom / Bio». thesonicsboom.com. Henta 3. mai 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Deming, Mark. «The Sonics - Biography». allmusic.com. Henta 3. mai 2018. 
  4. 4,0 4,1 Greenwald, Matthew. «The Witch - Review». allmusic.com. Henta 3. mai 2018. 
  5. Steininger, Alex. «Here Are the Sonics». inmusicwetrust.com. Henta 3. mai 2018. 
  6. «Penn's Picks: The Sonics - The Witch». hitsongsdeconstructed.com. Henta May 22, 2016. 
  7. Cub Koda. «Little Girl - The Syndicate of Sound | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 3. mai 2018.