The Wonderful 101
The Wonderful 101 | |
Utviklar(ar) | PlatinumGames |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Kreativt ansvarleg(e) | Hideki Kamiya |
Produsent(ar) | Atsushi Inaba Hitoshi Yamagami |
Komponist(ar) | Norihiko Hibino |
Plattform(er) | Wii U, Nintendo Switch, Microsoft Windows, PlayStation 4 |
Utgjeving | Wii U EU: 23. august 2013 JP: 24. august 2013 NA: 15. september 2013 Nintendo Switch, Microsoft Windows, PlayStation 4 April 2020 |
Sjanger | Action |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
The Wonderful 101 er eit action-eventyrspel utvikla av PlatinumGames og utgjeve av Nintendo til Wii U. Det vart utvikla i regi av Hideki Kamiya og produsert av Atsushi Inaba, som begge har vore involverte i utviklinga av spela Viewtiful Joe og Ōkami. The Wonderful 101 vart utgjeve i august 2013 i Europa og Japan, og i Nord-Amerika månaden etter.
I The Wonderful 101 styrer spelaren ein horde av superheltar sett frå eit fugleperspektiv. Heltane kan gjere seg om til ulike ting kalla «Unite Morphs», og spelaren kan bruke desse til å nedkjempe fiendar, løyse gåter eller traversere miljøa i spelet.[1]
Ein Kickstarter-kampanje vart starta i februar 2020 for å finansiere utgåver av spelet til Nintendo Switch, Microsoft Windows og PlayStation 4, med planlagd utgjeving i april 2020.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Wii U: The Wonderful 101». Nintendo. Henta 16. juli 2019.
- ↑ «The Wonderful 101: Remastered by PlatinumGames Inc.». Kickstarter. Henta 3. februar 2020.