The X Factor av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The X Factor
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 2. oktober 1995
Innspelt 1994 – august 1995 i Barnyard Studios i Essex i England
Sjanger Heavy metal
Lengd 70:54[1]
Selskap EMI
CMC (Nord-Amerika)
Produsent Steve Harris, Nigel Green
Iron Maiden-kronologi 
Fear of the Dark
(1992)
The X Factor Virtual XI
(1998)
Singlar frå The X Factor
  1. «Man on the Edge»
    Utgjeve: 25. september 1995
  2. «Lord of the Flies»
    Utgjeve: April 1996

The X Factor er det tiande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 2. oktober 1995 på EMI.[2] Det er det første albumet til bandet med Blaze Bayley, som tidlegare song i Wolfsbane, som vokalist. Han erstatta Bruce Dickinson som slutta etter den førre turneen deira for å fokusere på solokarrieren. Albumet har ein mørkare tone enn dei ni første albuma til gruppa. Tekstane er baserte på dei personlege problema til Steve Harris på den tida, i midten av ein skilsmisse.[3] Dette går att i plateomslaget, som grafisk syner maskoten til bandet Eddie som blir dissekert av ein maskin.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dette var det første albumet til bandet med vokalisten Blaze Bayley.

Tittelen på albumet kom til i starten av innspelinga av albumet. Produsenten Nigel Green sa:

«Me følte alle at med måten ting utvikla seg på - songane, med Blaze i bandet, lyden, engasjementet - så kom det nye albumet til å få ein ekstra kvalitet, den magiske biten, X-faktoren. Dette vart arbeidstittelen på albumet og me likte det, så det vart tittelen til slutt. Det passar òg særs bra sidan det var det tiande albumet og «X» kan skape mange bilete»[5]

Plateomslaget på The X Factor syner Eddie som vert lobotomert og vart skapt av Hugh Syme.[6] Fordi omslaget vart teikna i ein «livaktig» stil,[4] vart bandet tvungen til å gje ut albumet i eit reversibelt omslag,[7] med eit mindre livaktig alternativ, som syner Eddie på avstand.[8] Albumet var òg det siste albumet, før The Book of Souls i 2015, som nytta den klassiske varianten av logoen til bandet. Alle studioutgjevinga frå Virtual XI til The Final Frontier nytta ein alternativ variant som ikkje hadde med den lange enden av bokstavane «R», «M» og begge «N»-ane.

Albumet er òg uvanleg for bandet fordi dei skreiv fleire songar som ikkje kom med på albumet, og Steve Harris sa «Me enda faktisk opp med å spele inn 14 songar, og brukte berre elleve. Det var særs uvanleg for oss.»[3] Dei tre songane «I Live My Way», «Justice of The Peace» og «Judgement Day», vart gjevne ut som B-sider, og dei to siste kom med på samleplata Best of the 'B' Sides.

Etter albumet kom ut la bandet ut på X Factour-turnee. Fleire konsertar i USA vart kansellerte fordi Bayley fekk problem med stemma etter dei mange konsertane bandet spelte.[9][10]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Man on the Edge» og «Lord of the Flies» vart gjevne ut som singlar. Begge desse songane, og «Sign of the Cross», vart verande på setlistene til Iron Maiden òg etter Bruce Dickinson kom attende i bandet. Konsertversjonar av desse songane med Dickinson på vokal finst på singelen til «The Wicker Man» og konsertalbuma Death on the Road og Rock in Rio, medan dei same konsertopptaka av «Man on the Edge» og «Sign of the Cross» sidan vart gjevne ut på samlealbumet From Fear to Eternity.

«The Edge of Darkness» er basert på filmen Apocalypse Now frå 1971, som igjen er basert på Joseph Conrad-romanen Heart of Darkness,[11] «Man on the Edge» er basert på filmen Falling Down frå 1993,[12] og «Lord of the Flies» er basert på William Golding-romanen med same namn.[4] «Sign of the Cross» er basert på Umberto Eco-romanen The Name of the Rose[4] og er den fjerde lengste songen til Iron Maiden med ei lengd på meir enn 11 minuttar. Konsertversjonar av «Blood on the World's Hands» og «The Aftermath» finst på Best of the 'B' Sides.

Blaze Bayley spelte inn ein omarrangert versjon av «Sign of the Cross» på konsertalbumet As Live as It Gets.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[13]
Collector's Guide to Heavy Metal2/10[14]
Sputnikmusic3.5/5[15]

The X Factor fekk lunken mottaking av kritikarane. AllMusic gav albumet to av fem stjerner, og skreiv at det «leid av mangelen på mektige riff og stramme songar. The X Factor er eit glanslaust nyare album av Iron Maiden. Sjølv om banet ikkje høyres særleg dårleg ut på plate, høyrest dei ikkje inspirerte ut og det er ein merkbar mangel på energi i songane som gjer mangelen på fantasi enno meir tydeleg.»[13]

Sputnikmusic var noko meir positiv og skreiv at albumet var «ei endring for Iron Maiden, og ei viktig ei» sidan det «bana veg for framtidige album med liknande lengd.»[15] Dei hylla òg den «ofte kritiserte» Blaze Bayley, og hevda at stemma hans «var perfekt for dette nye albumet.»[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sign of the Cross»Steve Harris11:18
2.«Lord of the Flies»Harris, Janick Gers5:04
3.«Man on the Edge»Blaze Bayley, Gers4:13
4.«Fortunes of War»Harris7:24
5.«Look for the Truth»Bayley, Gers, Harris5:10
6.«The Aftermath»Harris, Bayley, Gers6:21
7.«Judgement of Heaven»Harris5:12
8.«Blood on the World's Hands»Harris5:58
9.«The Edge of Darkness»Harris, Bayley, Gers6:39
10.«2 A.M.»Bayley, Gers, Harris5:38
11.«The Unbeliever»Harris, Gers8:10
Japansk bonusplate
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Justice of the Peace»Harris, Dave Murray3:33
2.«I Live My Way»Harris, Bayley, Gers3:48
3.«Judgement Day»Bayley, Gers4:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget:[1]

Iron Maiden
Andre musikarar
  • Michael Kenney – klaverinstrument
  • The Xpression Choir – Gregoriansk kor på «Sign of the Cross»
Produksjon
  • Nigel Green – produsent, lydteknikar, miksing
  • Ronal Whelan – mastering
  • Mick McKenna – assisterande lydteknikar
  • Les Lambert – assisterande lydteknikar
  • Hugh Syme – digital illustrasjon, plateomslag, kunstnarisk leiar
  • Ross Halfin – fotografi
  • Simon Fowler – fotografi
  • Tony Frederick – fotografi
  • Rod Smallwood – management
  • Merck Mercuriadis – management
  • Andy Taylor – management
  • Aky Najeeb – management

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (1995) Plassering
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 19[16]
Belgia (Flandern) Ultratop 19[17]
Belgia (Vallonia) 8[18]
Finland Den finske albumlista 2[19]
Tyskland Media Control Charts 16[20]
Japan Oricon 17[21]
Nederland MegaCharts 29[22]
Noreg VG-lista 25[23]
Sverige Sverigetopplistan 4[24]
Sveits Hitparade 27[25]
Storbritannia Offisiell albumliste 8[26]
USA Billboard 200 147[27]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1995) Plassering
«Man on the Edge» Den finske singellista 1[19]
Den franske singellista 33[28]
VG-lista i Noreg 18[23]
Sverigetopplistan 23[24]
UK Singles Chart 10[29]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[30] Sølv 60 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 The X Factor. Iron Maiden. EMI. 2 October 1995. 
  2. Saulnier, Jason (30 April 2010). «Blaze Bayley Interview: Iron Maiden Singer talks Wolfsbane». Music Legends. Henta 1. september 2016. 
  3. 3,0 3,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3. utg.). Sanctuary Publishing. s. 311. ISBN 1-86074-542-3. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Popoff, Martin (2005). «The X Offender». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 63. 
  5. Paterson, Lawrence (2009). Blaze Bayley: At the End of the Day. Blaze Bayley Recordings Ltd. s. 41–42. 
  6. «The X Factor». Discogs. Henta 22. september 2011. 
  7. James, Darren (2005). «Art of Darkness». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 59. 
  8. «The Art of Iron Maiden - The X Factor (1995)». Planet Rock. 23 February 2012. Henta 1. september 2016. 
  9. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3. utg.). Sanctuary Publishing. s. 322. ISBN 1-86074-542-3. 
  10. Paterson, Lawrence (2009). Blaze Bayley: At the End of the Day. Blaze Bayley Recordings Ltd. s. 55. 
  11. Popoff, Martin (2005). «Maiden at the Movies». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 104–105. 
  12. Paterson, Lawrence (2009). Blaze Bayley: At the End of the Day. Blaze Bayley Recordings Ltd. s. 44. 
  13. 13,0 13,1 Erlewine, Stephen. The X Factor av Iron MaidenAllmusic. Henta 24. august 2016.
  14. Popoff, Martin (August 1, 2007). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 3: The Nineties. Burlington, Ontario: Collector's Guide Publishing. s. 212–213. ISBN 978-1-894959-62-9. 
  15. 15,0 15,1 15,2 Stagno, Mike (2 August 2006). «Iron Maiden – The X Factor». Sputnikmusic. Henta 24. august 2016. 
  16. «Discographie Iron Maiden». Ö3 Austerrike Topp 40 (på tysk). austriancharts.at. Henta 31. august 2016. 
  17. «Iron Maiden – The X-Factor – Charts Vlaanderen'» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 22. august 2016. 
  18. «Iron Maiden – The X-Factor – Charts Wallonie» (på fransk). Ultratop. Henta 22. august 2016. 
  19. 19,0 19,1 «Iron Maiden Diskografi». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  20. «Iron Maiden – The X Factor». Media Control Charts (på tysk). charts.de. Henta 31. august 2016. 
  21. «Iron Maiden discography» (på japansk). Oricon. Henta 31. august 2016. 
  22. «Iron Maiden – The X-Factor (album)». MegaCharts (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Henta 22. august 2016. 
  23. 23,0 23,1 «Iron Maiden discography». VG-lista. norwegiancharts.com. Henta 31. august 2016. 
  24. 24,0 24,1 «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. swedishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  25. «Iron Maiden – The X Factor». Hitparade. Henta 31. august 2016. 
  26. «Iron Maiden UK Chart History». Official Charts Company. Henta 23 November 2012. 
  27. «Iron Maiden Chart History». Billboard. Nielsen Company. Henta 31. august 2016. 
  28. «Discographie Iron Maiden». SNEP (på fransk). Lescharts.com. Henta 31. august 2016. 
  29. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 7 October 1995». Official Charts Company. Henta 31. august 2016. 
  30. «British album salstrofé – Iron Maiden – The X Factor». British Phonographic Industry. 11 September 2015. Henta 29 September 2015.  Enter The X Factor in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go