Thea Selliaas Thorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thea Selliaas Thorsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mai 1974 (49 år)
Oslo
Yrke omsetjar, skribent

Thea Selliaas Thorsen (fødd 28. mai 1974) er ein norsk klassisk filolog, forfattar og omsetjar. Ho vart fødd i Oslo og voks opp i Tomter i Østfold.

Thorsen er mest kjend for å ha gjendikta tre verk av Ovid til norske vers: Heroides - heltinnebrev (2001), Amores - kjærlighetseventyr (2002) og Ars Amandi - Kunsten å elske (2006). I tillegg gav ho ut romanen Pia Fraus i 2004. Thorsen var stipendiat i latin ved Universitetet i Bergen frå 2003.