Themistokles von Eckenbrecher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Themistokles von Eckenbrecher
Fødd 17. november 1842
Aten
Død

4. desember 1921
Goslar

Yrke kunstmålar

Karl Paul Themistokles von Eckenbrecher (17. november 18421921) var ein tysk landskaps- og marinemålar.

Raftsund i Lofoten, 1906.

Themistokles von Eckenbrecher var fødd i Athen. Faren kom frå ein prøyssisk offisersfamilie og hadde studert filosofi og medisin. Mora var italiensk kjøpmannsdotter. Då Themistokles ytra ønske om å bli målar, støtta familien han ved å busetja seg i Potsdam, der han studerte under hoffmålaren Carl Gustav Wegener i 1859-60, og i Düsseldorf i 1861-67, der han studerte under Oswald Achenbach.

«Kaiser Wilhelm II», ca. 1895.

Von Eckenbrecher reiste rundt i Europa og måla, mellom anna til Noreg. Han vitja også Midt-Austen, koloniar i Afrika og Filippinane. Eckenbrecher vende tilbake til Tyskland og døydde i Goslar, der han er gravlagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Siegfried Gehrecke: Themistokles von Eckenbrecher. Goslar: Museumsverein Goslar, 1985.