Theobroma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For byen i Brasil, sjå Theobroma i Rondônia.
Theobroma
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Byttnerioideae
Stamme: Theobromateae
Slekt: Theobroma
L., 1753

Theobroma er ei planteslekt in kattostfamilien, Malvaceae, tidvis klassifisert som medlem av Sterculiaceae. Slekta omfattar rundt 20 artar av små tre som veks i underskogen i tropisk skog i Sentral- og Sør-Amerika. Slektsnamnet er avleidd frå gresk θεός (theos), som tyder 'gud', og βρῶμα (broma), som tyder 'food'.[1] Ein aktiv ingrediens i kakao, theobromin, har namn etter slekta.

Kakaoplanten (Theobroma cacao) er den best kjende arten i slekta, og blir brukt til å laga sjokolade. Cupuaçu (Theobroma grandiflorum) og mocambo (Theobroma bicolor) har også ei viss økonomisk tyding.

Frå venstre til høgre: T. grandiflorum, T. bicolor, T. speciosum, T. cacao

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Fleire artar i Theobroma har etande frø, der kakao, cupuaçu og mocambo er dei best kjende. Kakao er kommersielt viktig som kjelde til kakaopulver og sjokolade.

Theobroma-artar blir brukt som matkjelde av larvar frå nokre møllar i slekta Endoclita, mellom dei E. chalybeatus, E. damor, E. hosei og E. sericeus. Larvane til ein annan møll, Hypercompe muzina, lever berre av Theobroma cacao.

Artar i utval[endre | endre wikiteksten]

Theobroma grandiflorum
Theobroma mammosum

Tidlegare rekna til slekta[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Perseus Greek Dictionary
  2. 2,0 2,1 «GRIN Species Records of Theobroma». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 9. desember 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Theobroma
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Theobroma