Theodor Hald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theodor Hald
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. august 1886
Død

6. november 1966 (80 år)

Far John Kløve Hald

Carl Theodor Hald, kjend som hallomann Hald (fødd 23. august 1886 i Kristiania, død 6. november 1966 i Oslo) var den første hallomannen i Noreg og den beste kjende radiostemma i mellomkrigstida.

Hald, som opphavleg hadde studert teologi, byrja i 1924 i det private Kringkastingsselskapet som hallomann. Då NRK overtok Kringkastningsselskapet i 1933 vart Hald med. Han vart sitjande i stillinga si under heile krigen 1940–45 då NRK var nazifisert. Etter freden i 1945 sleppte han ikkje til framfor mikrofonen meir, men vart i staden tilvist ein jobb som omvisar i det nye kringkastningshuet på Marienlyst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]