Theodor Hesselberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Theodor Hesselberg
HansTheodorHesselberg.jpg
Fødd7. januar 1885
Død10. november 1966
NasjonalitetNoreg
Yrkemeteorolog
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Hans Theodor Hesselberg (fødd 7. januar 1885 i Lierne, død 10. november 1966 i Oslo) var ein norsk meteorolog og direktør for Det norske meteorologiske institutt i 40 år.

Hesselberg voks opp på Voss, der far hans var prest. Etter at han i 1899 tok eksamen ved Voss middelskole, flytta familien til Sunnmøre, medan Theodor byrja på gymnaset i Trondheim. Han tok examen artium i 1902, vart cand.real. i 1908 og dr.philos. i 1912 ved universitetet i Kristiania. Han arbeidde som assistent hos professor Vilhelm Bjerknes frå 1908 til 1915. Under Bjerknes arbeidde han i 1908 til 1912 i Kristiania og frå 1912 til 1915 i Leipzig. Han var medarbeidar i Vilhelm Bjerknes sin Dynamic Meteorology and Hydrography og skreiv mange avhandlingar, særleg innan dynamisk meteorologi, men òg om klimatologi. Mest kjend er arbeida hans og B. J. Birkeland om klimaendringar gjennom dei siste 200 åra. Saman med Olaf Devik utvikla han grafisk-matematiske metodar for å analysere rørsler i atmosfæren. Av dei viktigaste arbeida hans var ei avhandling av drifta til cirrusskyer, undersøkingar av indre friksjon i atmosfæren, samanhengen mellom trykkvariasjonar og rørsler av lågtrykk og samanhengen mellom trykk- og temperaturvariasjonar i atmosfæren.

Frå 1915 til 1955 var han direktør for Det norske meteorologiske institutt. Han var president for Den internasjonale meteorologiske organisasjon (IMO) frå 1935 til 1946. For å fremje samarbeid innan geofysikken danna Hesselberg og andre geofysikarar Den geofysiske kommisjon i 1918, som gav ut Geofysiske publikasjoner, som han lenge var redaktør ro.

I direktørtida til Hesselberg ekspanderte Det norske meteorologiske institutt sterkt, særleg vart vêrvarslingstenesta utbygd. Han spelte ei leiande rolle i det internasjonale samarbeidet i heile perioden frå 1919 til 1955. Han vart internasjonal respektert ikkje minst for innsatsen med å omskape IMO til SN-organisasjonen Den meteorologiske verdsorganisasjon (WMO).

Hesselberg var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Geografisk Selskaps råd og fleire utanlandske vitskapsakademi. Han var kommandør av den italienske Kroneorden, offiser av den franske Æreslegionen og vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1937.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]