Theodora II av Austromarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Theodora II (fødd omkring 805/807 i Elissa i Paflagonia, død tradisjonelt sett til 11. februar 867 i Konstantinopel) var ei bysantinsk keisarinne, gift i 830 med keisaren Theofilos og regent etter at han døydde i mange år. Ho er ein helgen innan ortodoks kristendom.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Theodora var dotter av Marinos og Theoktiste. Theodora var syster av Bardas og Petronas, og dessutan av systrene Kalomaria, Sofia og Irane. Irane skal ha gifta seg med Sergios, bror av patriark Fotios I av Konstantinopel.

I 829 blei Theophilos keisar. Han var då 16 år og ugift. Året etter utropte stemora hans Eufrosyne eit brudesyn. Potensielle bruder frå kvar av themene i riket reiste frå heimtraktene sine til Konstantinopel, og Theodora var blant dei. Diktaren Kassia skal òg ha vore med.

5. juni 830 gifta Theodora seg med keisar Theophilos i Hagia Sophia. Keisaren regjerte fram til han døydde i 842. Deretter blei Theodora regent.

Det var under hennar regentskap at det vart sett i gang ei kraftig forfølging av den paulicianske heresien. [treng referanse]

Theodora kjempa forgjeves mot styret til Bardas.

I 855 blei ho fråteken makta på hans oppmoding, og blei seinare dømt for å ha intrigert mot han. Ho blei send til eit kloster som nonne.

Ho blei heilagkåra for handlingane sine i biletstriden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Klaus-Peter Todt: «Theodora II av Austromarriket» i Biographisch-Bibliographisches Kirchenlexikon (BBKL). Band 11, Herzberg 1996, ISBN 3-88309-064-6, Sp. 924–929.
  • Erwin Fenster: Theodora. In: Biographisches Lexikon zur Geschichte Südosteuropas. Band 4. München 1981, S. 298
  • Effenberger, Arne. "Images of Personal Devotion: Mosaic and Steatite Icons." In Byzantium: Faith and Power (1261-1557), edited by Helen C. Evans, 209-214. New York: Metropolitan Museum of Art, 2004.
  • Garland, Lynda (1999). Byzantine Empresses: Women and Power in Byzantium, AD 527–1204. London and New York: Routledge. ISBN 978-0-415-14688-3
  • Herrin, Judith (2001). Women in Purple:Rulers of Medieval Byzantium. London: Phoenix Press. ISBN 1-84212-529-X