Theodorid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theodorid

Theodorid I måla av Fabrizio Castello (1560-1617).
Fødd393
Død20. juni 451
DødsstadDe katalauniske marker
GravstadMarne
Gift medFlavia Valiana
DynastiBalti-dynastiet
BornEurik, Thorismund, Theodorid II, Federick, Ricimer, Himnerido, wife of Rechiar

Theodorid eller Theoderik var konge over vestgotarane frå 418 til 451. Han var son eller verson av Alarik.

Theodorid si tid som konge var uvanleg lang. Stundom vart visigotane kalla ut som bandsmenn for romarane, og slost mot andre germanske folk, mellom dei Vandalane i Spania. Men i 422 sytte kong Theodorid for at gotarhæren svikta romarane, og veik unna, slik at vandalane vann, utan at dette førte til noka endring i romersk politikk. Keisar Honorius døydde alt i 423.

Visigotane nytta høvet til nye herjetokt i Gallia, og omlægra Arles, som var hovudstaden i det romerske Gallia, med jamne mellomrom dei følgjande åra. Slik var visigotane i stadige trefningar med romarane som budde i Gallia, førte av Aëtius, som var Magister Militum der i dei åra.

Dette at gotarhæren årvisst drog ut, svekka dei på sikt, og mot slutten av 430-åra vart dei hardt trengde. Det kom til fredstingingar, og det var like før kong Theodorid mista makta i 439.

Trass i alle desse trettene stilte visigotane opp som bandsmenn for romarane att i Slaget på Katalaunarmarka i 451, mot Attila og Hunarane. Attåt visigotane, slost og frankar, britar, sarmatar, burgundar og saksar på romersk side, saman med ein alanarhær, som vart sette mellom dei andre fylkingane av di ingen heilt våga stole på alanane. Visigotane hadde kvia seg noko for å slost under Aëtius, sidan dei så lenge hadde kjempa mot han, men dei gjekk med i slaget etter godt diplomati.

"Jordanes skriv: So førte då kong Teodorid ein uteljande her av vesegotar i striden. Heime lét han etter fire søner, Friderik og Evrik, Retemeris og Himnerit; han tok med seg til stridsfelagar berre dei eldste, Torismud og Teodorid. Ein gild her, ein trygg studnad, eit hugnadsamt fylgje å ha deim til hjelpesmenn, som ein fjågt gjeng beinast i fårane med! ...

Der fann kong Teodorid ein tidleg bane; han reid gjenom heren og eggja mennene, då vart han riven av hesten og vart nedtrødd av sine eigne; men andre segjer at han fall for spjutet åt Andag, ein av Ostrogotane, som då fylgde Attila... Då skilde vesegotane seg frå alanane og sette inn på hunehopen, og hadde so nær felt Attila".(Gotesoga, omsett av Sigmund Skard)

Theodorid åtte mange born: Thorismund, Theodorid, Friderik, Eurik, Retemer eller Ricimer, og Himnerit. Dei eldste sønene hans vart kongar i tur og orden etter einannan. Det store talet på søner og ingen klår arverekkje skapte trette mellom dei, noko ein òg såg seinare i frankarriket. Attåt hadde Theodorid ei rekkje døtrer, som han gifte bort til andre germanske hovdingar og fyrstar (og romerske stormenn).

Theodorid i litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Skildringa av Theodorids fall er truleg bakgrunnen for skildringa av fallet til kong Théoden i boka Ringdrotten av J.R.R. Tolkien. Somme kjelder fortel òg at sonen Thorismund, den neste kongen, vart lyft på skjold av hærfolka sine, noko som er mint i teikneserien Asterix.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]