There's No Other (Like My Baby)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«There's No Other (Like My Baby)» er ein song skriven av Phil Spector og Leroy Bates og først spelt inn i 1961 av jentegruppa The Crystals med Spector som produsent.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Barbara Alston song førstevokal, som ho gjorde på dei neste to Crystals-utgjevingane «Uptown» og «He Hit Me (It Felt Like a Kiss)». Singelen var den første som kom ut på Spector sitt eige Philles Records og debuterte på Billboard Hot 100 i november 1961 og nådde 20. plassen i januar 1962. Songen var basert på gospelsongen «There's No Other Like My Jesus».

Pengekrangel[endre | endre wikiteksten]

Etter The Crystals spelte inn «There's No Other» med Spector, gav Spector ut songen på det nyoppretta selskapet sitt,Phillies Records, trass i at han opphavleg arbeidde med The Crystals for Liberty Records. The Crystals fekk ikkje betaling av Spector for «There's No Other».[1]

Beach Boys-versjonen[endre | endre wikiteksten]

There's No Other (Like My Baby)
Singel av The Beach Boys
A-side

«The Little Girl I Once Knew»

Utgjeve 8. november 1965
Innspelt 1965
Sjanger Rock
Lengd 3:05
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Phil Spector, Leroy Bates
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
«California Girls»
(1965)
There's No Other (Like My Baby) «Barbara Ann»
(1965)


«There's No Other (Like My Baby)» vart spelt inn av den amerikanske gruppa The Beach Boys. Han kom ut i 1965 på albumet deira Beach Boys' Party! Heile gruppa medverkar på vokal, men Brian Wilson song meir enn dei andre. Songen vart òg gjeven ut 8. november 1965 som B-sida på «The Little Girl I Once Knew». Songen nådde 20. plassen på hitlista i USA.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Musso, Anthony P. (2007). Setting the Record Straight. AuthorHouse. s. 150. ISBN 9781425959869. Henta 21. februar 2018.