There's a Place

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
There's a Place
Singel av The Beatles
frå albumet Please Please Me
A-side «Twist and Shout»
Utgjeve 22. mars 1963
Innspelt 11. februar 1963,
EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 1:49
Selskap
Låtskrivar(ar) McCartney–Lennon
Produsent George Martin
The Beatles sine amerikanske singlar-kronologi
«I Want to Hold Your Hand»
(1963)
There's a Place «Can't Buy Me Love»
(1964)


«There's a Place» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney og først gjeven ut på debutalbumet til The Beatles, Please Please Me i 1963. Lennon og McCartney syng begge solovokal på songen, og George Harrison syng korvokal. I USA vart songen gjeven ut på Introducing... The Beatles (Vee-Jay Records) og som B-sida til «Twist and Shout».

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Tittelen var inspirert av Leonard Bernstein og Stephen Sondheim sin «Somewhere» frå West Side Story, som inneheld linja: «There's a place for us». McCartney innrømde at han eigde albumet med musikken frå filmen då han skreiv «There's a Place» og at han var inspirert av denne.[1] Songen vart skriven heime hos McCartney i Forthlin Road og vart spelt på konsertane til bandet i 1963.[2] Songen vart spelt inn 11. februar 1963 i løpet av ti forsøk under den første av tre innspelingsdagar for Please Please Me. Seinare vart det lagt munnspel på innspelinga.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lydteknikar var Norman Smith

Personell perIan MacDonald[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein coverversjon vart gjeven ut av Flamin' Groovies.
  • The Smithereens gav ut ein versjon av songen i 2008 på albumet deira, B-Sides The Beatles.[6]
  • Charly García spelte inn ein versjon for konsertalbumet Estaba en llamas Cuando Me Acosté (1995).
  • Ein versjon vart gjeven ut av det amerikanske punkebandet The Dickies i 1998 på albumet deira, Dogs From the Hare that Bit Us.
  • Gabrielle Aplin song ein verrsjon for BBC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]