There's a Hole in My Bucket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tekst og melodi til «Wenn aber!» i Allgemeines Deutsches Kommersbuch

«There's a Hole in My Bucket» (alternativt «...in the Bucket») er ei europeisk og amerikansk folkevise som er kjend i engelske, franske, nederlandske, tyske og danske utgåver. På dansk kan songen heita «Der' hul midt i spanden», på tysk «Ein Loch ist im Eimer» eller «Wenn aber!» og på fransk «Chère Élise». Han blir ofte framstilt som ein barnesong.

Songen er ein dialog mellom to figurar, vanlegvis ei kvinne og ein mann. Kvinna kan ha namn som Liza, Liese eller Elise. Mannen kan ha ulike namn som Georgie,[1][2] Henry, Heinrich, Johnny, Willy eller Eugène, eller vera namnlaus.[3][4]

Samtalen skildrar ein fastlåst diskusjon om ei bøtte. Den eine fortel at bøtta har hol, den andre seier han skal fiksa henne. Den første spør korleis, den andre forklarer steg for steg. Til dømes kan ein bruka høy til å tetta bøtta, men høyet må kuttast med øks, øksa treng å slipast med slipestein, slipesteinen treng væting og til å væta han treng ein vatn i ei bøtte.

Opphav og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Den eldste kjende versjonen av songen verker vera frå den tyske samlinga Bergliederbüchlein frå rundt 1700).

Wenn der Beltz em Loch hat –
stop es zu meine liebe Liese
Womit soll ich es zustopfen –
mit Stroh, meine liebe Liese.

When the jug has a hole –
stop it up my dear Liese
With what shall I stop it –
with straw my dear Liese.

I seinare tyske kjelder blir songen attgjeven med tittelen «Heinrich und Liese» og omtalt som ein folkesong frå Hessen. På 1800-talet blei han sungen som studentsong ved Kommers-samlingar, og han blei trykt i Kommersbuch frå 1858. Den kjende songboka Deutscher Liederhort (3 band, 1856–1894), redigert av Ludwig Erk og Franz Magnus Böhme, inneheld songen, og knyter han til den flamske songen «Mooy Bernardyn» («Wat doet gy in het groene veld ?»). Den tyske songen blei endå meir utbreidd etter å ha vore med i den kjende Wandervogel-songboka Der Zupfgeigenhansl i 1909.

George Korson si Pennsylvania Songs and Legends (1949) inneheld ein song med meter som liknar meir på moderne engelske versjonar. Han byrjar slik:

Wann der Tschock awer en Loch hot
Liewer Georgie Liewer Georgie,
Wann der Tschock a wer en Loch hot?
Dummer Ding, dann schtopp'n zu!

When the jug has a hole
Dear Georgie, dear Georgie
When the jug has a hole
'Stupid thing, then stop it up!

Denne songen blei samla inn i 1940, og er eldre enn nokon kjend engelskspråkleg versjon. Dette tyder på at songen fyrst var ein tradisjonell «Pennsylvania Dutch», det vil seia tysk, song. Ed McCurdy samla han inn i 1958 på Children's Songs. I boka Where Have All the Flowers Gone: A Singer's Songs, Stories, Seeds, Robberies (1993) omtalar Pete Seeger songen som ein opphavleg tysk song, «Lieber Heinrich».[5]

Songs Along the Mahantongo: Pennsylvania Dutch Folksongs (1951) av Boyer, Buffington, & Yoder, har ein versjon:

Was soll ich koche, liewer Hei,
Liewer Heinrich, liewer Heinrich?
Was soll ich koche, liewer Heinrich,
Was dann?

What should I cook, dear Henry,
Dear Henry, dear Henry?
What should I cook, dear Henry,
Tell me what. (literally: What then?)

Ulike versjonar og innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I 1953 skreiv det britiske komikarparet Flanders and Swann ein parodi av songen kalla «There's a Hole in My Budget». Songen viste til det britiske budsjettunderskotet, og hadde statsministeren Winston Churchill og finansministeren Rab Butler i rollene som høvesvis Henry og Liza. Dei spelte inn songen att i 1974 med namna oppdaterte til Harold Wilson og Denis Healey.[6]

Harry Belafonte og Odetta framførte songen saman på fjernsyn på Tonight with Belafonte i 1959. Dei gav ut songen som singel i 1960, og innspelinga nådde 32. plassen på UK Singles Chart i september 1961.[7]

Burl Ives spelte inn ein versjon av songen som kom ut på plata Cheers i 1959.[8]

I ein episode av The Dean Martin Show frå 1966 song Dean Martin og George Gobel ein versjon av song på fjernsyn.[9] Han blei også framført av Jim Henson som Henry og Rita Moreno som Liza på Sesame Street.

M. Bukovič har skrive tjekkisk tekst til songen som ligg nær den engelske versjonen i tekst og rim.[10] Denne versjonen blei først sungen av gruppa Fešáci i 1977 med Michal Tučný som vokalist.

Den israelske låtskrivaren Dan Almagor skreiv ein hebraisk versjon som blei spelt inn i 1961, songen av Yossi Banai og Yona Atari.

Den danske songen er blitt framført av Dirch Passer og Lily Broberg.

Engelsk tekst og melodi[endre | endre wikiteksten]

{ \key g \major \time 3/4 \partial 4 a'8 \noBeam a' | b'4 d' d' | e'8 g'4. d'4 | e' g' d' | e' g' a'8 \noBeam a' | b'4 d' d' | e'8 g'4. d'4 | e' g' fis' | g'2 | \bar "|." } \addlyrics { There's a hole in my buc -- ket, dear Li -- za, dear Li -- za, There's a hole in my buc -- ket, dear Li -- za, a hole. }

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. White, Newman (1962). The Frank C. Brown collection of NC folklore: vol. V: The music of the folk. Duke University Press. s. 463. 
  2. Ffion Mercer Dip. c.o.t. (1984). Song Book: words for 100 popular songs. Speechmark Publishing. s. 4. 
  3. Daniel, Katinka (1973). Kodály Approach. Belwin Hills Publishing Corp. s. 28. 
  4. Schiller, Pam (1998). The Values Book: teaching 16 basic values to young children. Gryphon House. s. 115. 
  5. Seeger, Pete (1993). Where Have All the Flowers Gone: A Singer's Songs, Stories, Seeds, Robberies. ISBN 9781881322016. 
  6. Paine, Jocelyn (1992). The Logic Programming Tutor - Jocelyn Paine - Google Books. ISBN 9781871516098. Henta 26 September 2014. 
  7. «HARRY BELAFONTE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 18. august 2020. 
  8. «Burl Ives - Cheers», Discogs (på engelsk), henta 3. oktober 2020 
  9. «George Gobel / Vikki Carr / Phil Harris». TV.com. Arkivert frå originalen 13. november 2018. Henta 2. oktober 2020. 
  10. Jánský, Petr, red. (1994). Já, písnička (på tsjekkisk) I.. MUSIC CHEB. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til "Wenn der Pott nu awer" ved Wikisource (de).