There Goes My Baby av The Drifters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
There Goes My Baby
Singel av The Drifters
B-side «Oh My Love»
Utgjeve 24. april 1959
Innspelt 6. mars 1959
Sjanger Soul, R&B, doo-wop
Lengd 2:17
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Benjamin Nelson, Lover Patterson, George Treadwell, Jerry Leiber, Mike Stoller
Produsent Jerry Leiber og Mike Stoller
The Drifters-kronologi
«Drip Drop»
(1957)
There Goes My Baby «(If You Cry) True Love, True Love»
(1959)


There Goes My Baby
Singel av Donna Summer
frå albumet Cats Without Claws
B-side «Maybe It's Over»
Utgjeve 1984
Sjanger Pop, soul, R&B
Lengd 4:05
Selskap Geffen (U.S.)
Låtskrivar(ar) Benjamin Nelson, Lover Patterson, George Treadwell, Jerry Leiber, Mike Stoller
Produsent Michael Omartian
Donna Summer-kronologi
«Love Has a Mind of Its Own»
(1984)
There Goes My Baby «Supernatural Love»
(1984)


«There Goes My Baby» er ein song skriven av Ben E. King (Benjamin Nelson), Lover Patterson, George Treadwell, Jerry Leiber og Mike Stoller, og produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller for The Drifters.[1] Dette var den første singelen til den andre utgåva av the Drifters (tidlegare kjend som 5 Crowns), som tok dette namnet i 1958 etter at manageren George Treadwell sparka dei gjenverande medlemmane av den originale besetninga.

Leiber og Stoller nytta ein heilt annan produksjonsmetode enn Ahmet Ertegun og Jerry Wexler hadde nytta med den originale Clyde McPhatter-leia Drifters. Kombinasjonen av den nye stilen og den nye gruppa, nådde songen andreplassen på Hot 100 og førsteplassen på Billboard R&B-lista og Cash Box-lista sommaren 1959.[2] The Atlantic Records release was King's debut recording as lead singer of the group. The personnel on the original recording included Mike Stoller on piano, King Curtis on sax, Wendell Marshall on bass, and Sticks Evans on drums & tympani.

Songen vart nytta i revyen «Smokey Joe's Cafe».

Song[endre | endre wikiteksten]

Teksten har ein laus struktur, nesten i fri form på ei tid då ein rimande tekst nesten var obligatorisk. Akkompagnementet består av ein fiolinseksjon som spelar saksofon-liknande riff i rock and roll-stil. Solovokalen er gospelstil i høgt toneleie.[3]

(There goes my baby) Whoa-oh-oh-oh-oh
(There goes my baby) Yeah, yeah, yeah,yeah
(There goes my baby) Whoa-oh-oh-oh
(There she goes) Yeah! (There she goes)[1]


Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga introduserte ideen om å bruke strykarar, ein brasiliansk baion og utførleg produksjon[1] på ei R&B-innspeling for å forsterke den kjenslemessige krafta til svart musikk. Dette peikte ut retninga for den komande tida til soul etter kvart som populariteten til doo-wop-vokalgrupper nådde eit høgdeunkt. Phil Spector studerte denne produksjonsmetoden under Leiber og Stoller.[4]

Songen vart rangert på 193. plass på lista til Rolling Stone frå 2004 over dei 500 beste songane gjennom tidene og på 196. plass på lista frå 2010. Han har vorte spelt inn av mange andre artistar.

Donna Summer-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Donna Summer-versjonen av «There Goes My Baby» var den første singelen frå albumet hennar Cats Without Claws frå 1984. Singelen vart ein liten hit og nådde 21. plassen på US Hot 100, og Topp 20 på R&B-lista i USA. Summer-versjonen av er i electro-pop-stil og det vart laga ein musikkvideo der Summer og ektemannen Bruce Sudano spelar eit uheldig par ved utbrotet av andre verdskrigen. Med denne singelen fekk Summer den 19. og nest siste, singelen inne på Topp 40 i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gilliland, John (1969). «Show 14 - Big Rock Candy Mountain: Rock 'n' roll in the late fifties. [Part 4] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. Henta 26. september 2013. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 173. 
  3. Gillett, Charlie (1996). The Sound of the City: The Rise of Rock and Roll ((2nd Ed.) utg.). New York, N.Y.: Da Capo Press. s. 192–194. ISBN 0-306-80683-5. 
  4. Holly George-Warren &, Anthony Decurtis (Eds.) (1976). The RollingStone Illustrated History of Rock & Roll (3rd Edition utg.). New York: Random House. s. 148–149. ISBN 0-679-73728-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]