There Goes My Everything

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
There Goes My Everything
Singel av Jack Greene
frå albumet There Goes My Everything
B-side «Hardest Easy Thing»
Utgjeve Oktober 1966
Sjanger Country
Selskap Decca
Låtskrivar(ar) Dallas Frazier
Produsent Owen Bradley
Jack Greene-kronologi
«Ever Since My Baby Went Away»
(1966)
There Goes My Everything «All the Time»
(1967)


«There Goes My Everything» er ein popsong skriven av Dallas Frazier og publisert i 1965. Songen er mest kjend med ein versjon frå 1966 av Jack Greene som låg sju veker på toppen av den amerikanske countrylista og totalt 20 veker på lista.[1] Singelen nådde 65. plassen på Billboard Hot 100. Songen vann òg fleire prisar, mellom anna årets singel og årets song under CMA Awards. I tillegg vann albumet songen kom ut på prisen for årets album, og Greene vann prisen for årets mannlege vokalist. «There Goes My Everything» vert i dag rekna som ein countrystandard og er blitt spelt inn av mange artistar.

Songen[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar om eit par som går frå kvarandre, men årsak er eit mysterium. Songaren seier han kan høyre ei stemme som kallar han «darling», som verkar urimeleg når eit par kranglar medan dei flyttar frå kvarandre. Songen skildrar kjenslene til songaren, medan kjærasten går frå han. Han forstår kor mykje ho meinte for han no når han mistar ho - «There goes my reason for living/There goes the one of my dreams/There goes my only possession/There goes my everything».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 65

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 143. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 296. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]