Theresa Eslund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theresa Eslund
Personleg informasjon
Fødd 20. juli 1986
Fødestad Danmark
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
–2002 Hvidovre
2003–2008 Ballerup-Skovlunde
2009–2017 Brøndby 87 (13)
2017 Vålerenga 22 (2)
2018–2019 Seattle Reign 41 (1)
2018–2019Melbourne City (lån) 12 (0)
2020–2021 Brøndby 29 (3)
Landslag
2008–2020 Danmark 133 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Theresa Eslund (fødd Theresa Nielsen fødd 20. juli 1986) er ein dansk tidlegare fotballspelar.

Spelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Nielsen var med å vinne den danske Elitedivisionen med Brøndby ei rekkje gongar. I 2012 vart ho kåra til årets kvinnelege fotballspelar i Danmark.[1]

Før 2017-sesongen signerte Nielsen for Vålerenga i Toppserien. Ho vart i 2017 rangert som nr. 52 på lista over dei 200 beste kvinnelege fotballspelarane i verda av The Offside Rule, ein podcast av The Guardian.[2][3] Ho spela totalt 26 kampar og scora to mål for Vålerenga i 2017-sesongen, og var med på å spele laget til cupfinale.[4]

I januar 2018 signerte Nielsen for amerikanske Seattle Reign FC.[5] I november 2019 vart det kjent at Eslund vende tilbake til Brøndby.[6]

I mai 2021 kunngjorde Eslund at ho la opp som fotballspelar.[7]

Eslund spela 133 kampar for det danske A-landslaget, og scora fem mål.[8] I EM 2017 scora ho målet som sende Danmark til semifinale etter å ha slege Tyskland 2–1.[9] Danmark tok til slutt sølv i meisterskapen.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Eslund gifta seg i 2018, og i 2019 bytta ho etternamn frå Nielsen til Eslund.[10][11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trolle, Steen (12. november 2012). «THERESA NIELSEN ÅRETS FODBOLDSPILLER». Fodbold for piger (på dansk). Henta 16. september 2022. 
  2. «52. Theresa Nielsen». The Offside Rule (på engelsk). 15. desember 2017. Henta 16. september 2022. 
  3. «The Top 100 Women’s Footballers of 2017 – Results». The Offside Rule (på engelsk). 11. desember 2017. Henta 16. september 2022. 
  4. Fotballforbund, Norges. «Theresa Nielsen - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 16. september 2022. 
  5. FC, Reign (31. januar 2018). «Seattle Reign FC Sign Danish International Theresa Nielsen». Medium (på engelsk). Henta 16. september 2022. 
  6. «Inden topbrag: Theresa Nielsen tilbage i Brøndby-trøjen». brondby.com (på dansk). Henta 16. september 2022. 
  7. «Dansk landsholdslegende stopper karrieren - TV 2». sport.tv2.dk (på dansk). 23. mai 2021. Henta 16. september 2022. 
  8. DBU. «Landsholdsdatabasen». DBU (på dansk). Henta 16. september 2022. 
  9. «Vålerenga-spiller sørget for dansk EM-bragd». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 16. september 2022. 
  10. Gronemann, Steffen (8. februar 2018). «Dansk EM-helt er blevet gift: ’En dag, jeg aldrig vil glemme’». www.bt.dk (på dansk). Henta 16. september 2022. 
  11. «Landsholdsprofil vender retur til Brøndbys kvindehold». Midtjyllands Avis (på dansk). Henta 16. september 2022.