Hopp til innhald

Therese Sessy Åsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Therese Sessy Åsland
Personleg informasjon
Fødd 26. august 1995
Fødestad Noreg
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Djurgården
Nummer 11
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2011–2012 Klepp 37 (4)
2013 Avaldsnes 7 (0)
2013–2015 Klepp 56 (6)
2016–2018 Røa 64 (10)
2019 LSK Kvinner 22 (2)
2020–2021 Kristianstad 44 (9)
2022 Brann 22 (6)
2023 Madrid CFF 8 (0)
2023– Djurgården 35 (9)
Landslag
2010 Noreg J15 3 (1)
2011 Noreg J16 9 (5)
2011–2012 Noreg J17 8 (0)
2013 Noreg J19 5 (1)
2014–2019 Noreg U23 12 (0)
2018– Noreg 6 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. november 2024
‡ Landslagsmål oppdatert 17. januar 2023

Therese Sessy Åsland (fødd 26. august 1995) er ein norsk fotballspelar frå Stavanger, som spelar for den svenske klubben Djurgårdens IF.[1]

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Åsland spelte for Klepp i Toppserien, før ho gjekk til Avaldsnes[2] før 2013-sesongen. Ho fekk sju kampar for Avaldsnes før ho returnerte til Klepp. I 2016 gjekk ho til Røa, der ho spelte i tre sesongar.

Åsland gjekk til LSK Kvinner før 2019-sesongen, der spelte ho samtlege av kampane laget hadde i Toppserien og var med å vinne Toppserien 2019, i tillegg til Noregsmeisterskapen 2019 der hun skåra i cupfinalen.[3]

Før 2020-sesongen gjekk Åsland til det svenske topplaget Kristianstads DFF. I sin fyrste sesong i klubben var ho med å ta bronse i serien, og ho vart kåra til årets midtbanespelar i Damallsvenskan.[4]

I 2022 melde Åsland overgang til Brann og vart med det den fyrste signeringa til Brann sitt kvinnelag nokonsinne.[5]

I januar 2023 vart det kjent at Åsland hadde signert for den spanske klubben Madrid CFF.[6]

I juli 2023 signerte Åslaand for den svenske klubben Djurgårdens IF.[1]

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Åsland har kampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Åsland debuterte for A-landslaget borte mot Japan, 11. november 2018.[7]

Åsland var med i den norske troppen til VM i Frankrike 2019.[8]

Therese er veslesyster til ishockeyspelaren Patrick Åsland og dotter til tidlegare ishockeyspelar Glenn Åsland.

Åsland har vore open om at ho lever med sjukdommen polycystisk ovariesyndrom (PCOS).[9]

  1. 1 2 «Välkommen Sessy Åsland!». Djurgården Fotboll. 4. juli 2023. Henta 4. juli 2023.
  2. ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  3. ↑ Therese Sessy Åsland hos kanafiransen.
  4. ↑ «Therese (25) fra Stavanger kåret til Årets midtbanespiller i Sverige». www.aftenposten.no (på bokmål). Henta 22. februar 2022.
  5. ↑ «Her er Brann-kvinnenes første signering: – Tror jeg kan bli enda bedre her». www.aftenposten.no (på bokmål). Henta 22. februar 2022.
  6. ↑ «Oficial : Therese Åsland ya es del Madrid CFF». Web Oficial Madrid CFF (på spansk). 6. januar 2023. Henta 6. januar 2023.
  7. ↑ Fotballforbund, Norges. «Debuterte på A-landslaget». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 22. februar 2022.
  8. ↑ «Her er Norges VM-tropp». www.aftenposten.no (på bokmål). Henta 22. februar 2022.
  9. ↑ Hoel, Yasmin Sunde (8. desember 2020). «Landslagsspilleren fikk høre at hun var «for stor» – så ble den skjulte sykdommen oppdaget». NRK (på bokmål). Henta 22. februar 2022.