These Foolish Things av Bryan Ferry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
These Foolish Things
Studioalbum av Bryan Ferry
Utgjeve 5. oktober 1973
Innspelt Juni 1973
Sjanger
Lengd 43:46
Selskap Island
Produsent
Bryan Ferry-kronologi
These Foolish Things Another Time, Another Place
(1974)


These Foolish Things er debutalbumet til Bryan Ferry som soloartist, gjevne ut medan han framleis var solovokalist og frontmann i Roxy Music. Albumet kom ut i oktober 1973 på Island Records i Storbritannia og Atlantic Records i USA. Det vert rekna som ein annan stil enn Roxy Music sidan det utelukkande består av coverversjonar, hovudsakleg standardar. These Foolish Things selde godt og fekk god kritikk. Det nådde femteplassen på UK Albums Chart og selde til gullplate i mai 1974.[1]

Dei fleste av songane på albumet var Ferry sine personlege favorittar og strekte seg frå standardar frå 1930-åra via Elvis Presley i 1950-åra til Bob Dylan og The Rolling Stones.[2]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Då Ferry snakka om albumet i 1973 sa han: «Det er ei særs variert samling. Eg har gjeve opp å prøve å tiltale alle samstundes. Somme vil like det av ei grunn, og andre av ein annan grunn. Og somme vil truleg mislike det for feil årsaker, sjølv om eg håpar at den generelle meininga kjem fram. Det er underhaldningsverdien. Trur eg.»[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
Christgau's Record GuideA−[5]
OverdoseA−[6]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]

Robert Christgau meinte at Ferry «både undergraver den oppblåste idealismen på Bob Dylan sin 'A Hard Rain's a-Gonna Fall' og stadfestar den essensielle krafta i songen», etablerer Lesley Gore sin «It's My Party» som ein protestsong, og med versjonen sin av «These Foolish Things», «minner oss på at pop berre er, vel, tåpelege ting, og av dei ikkje berre kjem forut for Andy Warhol, men rock and roll sjølv.»[5] I 1983 skreiv Dave Marsh i The New Rolling Stone Record Guide:

These Foolish Things set Lesley Gore opp mot Bob Dylan, og ikkje berre for effekten sin del. Ferry ser på pop som eit slags kontinuum, som strekkjer seg over alle slags Tin Pan Alley- og Brill Building-handverk og innlemmer syn så radikale som Dylan sitt og så banale som Gore sitt. Innafor ein slik tanke er det ikkje lett å skilje kva som fortener å bli avvist som «søppel» og kva som fortener å bli forhøgd til «kunst». Og slike omgrep blir ofte bestemt av konteksten på ein slik måte at rekkjefølgja kan snuast om etter eige ønskje. Ved å endre tempo og syngje kvar song med ein uttrykkslaus, kjenslemessig tomheit han stort sett unngår med Roxy, eksponerer Ferry desse emna så effektivt som ein popsongar nokon gong har gjort i historia.[9]

AllMusic-skribenten Ned Raggett sa at gjennom These Foolish Things «ber den umiddelbare gjenkjennelege silkerøysta til Ferry alt på perfekt vis, og den totale kjensla er leiken og feirande», og kalla albumet «eit av dei beste av sitt slag av nokon artist.»[4] Rob Sheffield hylla i The New Rolling Stone Album Guide i 2004 albumet som eit «konseptuelt og musikalsk tour de force».[8] I 2010 hadde Rhapsody ført opp These Foolish Things som ei av dei beste coveralbuma gjennom tidene.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«A Hard Rain's a-Gonna Fall» (Bob Dylan-song frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan (1963))Bob Dylan5:19
2.«River of Salt» (Ketty Lester-song frå albumet Love Letters (1962))Irving Brown, Bernard Zackery, Jan Zackery1:48
3.«Don't Ever Change» (cover)Gerry Goffin, Carole King2:15
4.«Piece of My Heart» (Erma Franklin-song frå ein singel frå 1967)Jerry Ragovoy, Bert Berns3:06
5.«Baby I Don't Care» (cover)Jerry Leiber, Mike Stoller1:50
6.«It's My Party» (Lesley Gore-song frå albumet I'll Cry If I Want to (1963))Walter Gold, John Gluck jr., Herb Weiner2:00
7.«Don't Worry Baby» (The Beach Boys-song frå albumet Shut Down Volume 2 (1964))Brian Wilson, Roger Christian4:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Sympathy for the Devil» (The Rolling Stones-song frå albumet Beggars Banquet (1968))Mick Jagger, Keith Richards5:50
9.«The Tracks of My Tears» (The Miracles-song frå albumet Going to a Go-Go (1965))William «Smokey» Robinson jr., Warren Moore, Marvin Tarplin3:04
10.«You Won't See Me» (The Beatles-song frå albumet Rubber Soul (1965))John Lennon, Paul McCartney2:32
11.«I Love How You Love Me» (The Paris Sisters-song frå 1961)Barry Mann, Larry Kolber3:02
12.«Loving You Is Sweeter Than Ever» (Four Tops-song frå albumet On Top (1966))Ivy Jo Hunter, Stevie Wonder3:06
13.«These Foolish Things» (cover)Jack Strachey (musikk), Eric Maschwitz (tekst)5:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Bryan Ferry – produsent
  • John Porter – produsent
  • John Punter – produsent, lydteknikar
  • Steve Nye – lydteknikar
  • Andy Arthurs – assisterande lydteknikar
  • Nicholas De Ville – design
  • Karl Stoecker – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[11] 18
Nederlandske album (MegaCharts)[12] 10
Britiske album (OCC)[13] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Nederlandske album (Album Top 100)[14] 70

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[1] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «British album salstrofé – Bryan Ferry – These Foolish Things». British Phonographic Industry. Henta 18. juli 2021.  Enter These Foolish Things in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  2. http://www.vivaroxymusic.com/albums_3.php
  3. MacDonald, Ian (8. september 1973). «Party Fun from an Old Poseur». NME. 
  4. 4,0 4,1 Raggett, Ned. «These Foolish Things – Bryan Ferry». AllMusic. Henta 18. juli 2021. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (1981). «F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  6. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: Second Card». Overdose. Henta 18. juli 2021 – via tomhull.com. 
  7. «Bryan Ferry: These Foolish Things». Q (159): 158. December 1999. 
  8. 8,0 8,1 Sheffield, Rob (2004). «Bryan Ferry». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 296–97. ISBN 0-7432-0169-8. 
  9. Marsh, Dave (1983). «Bryan Ferry». I Marsh, Dave; Swenson, John. The New Rolling Stone Record Guide. Random House/Rolling Stone Press. s. 173–74. ISBN 0-394-72107-1. 
  10. Farrar, Justin (23. februar 2010). «Rhapsody's Favorite Covers Albums». Rhapsody. Arkivert frå originalen 31. juli 2010. Henta 1. august 2010. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 111. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. "Bryan Ferry – These Foolish Things". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 18. juli 2021.
  13. "19731028 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 18. juli 2021.
  14. «Jaaroverzichten – Album 1973». dutchcharts.nl. Henta 9. april 2021.