Thin Air av Peter Hammill
Thin Air Studioalbum av Peter Hammill | ||
Utgjeve | Juni 2009 | |
Innspelt | August 2008 – mars 2009 | |
Sjanger | Kunstrock | |
Lengd | 46:48 | |
Selskap | Fie! | |
Produsent | Peter Hammill | |
Peter Hammill-kronologi | ||
---|---|---|
Singularity (2006) |
Thin Air | Consequences (2012)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
BBC Music | (positiv)[2] |
Thin Air er det 32. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på hans eige Fie! Records i juni 2009. Det var opphavleg berre tilgjengeleg digitalt på nettsida til Burning Shed Records.
Som med det førre albumet hans, Singularity, spelar Hammill alle instrumenta, skreiv alle songane og produserte heile innspelinga sjølv.
Hovudtempaet på albumet er forsvinning, som Hammill fortalte til musikkmagasinet Mojo i februar 2009: «det vart raskt klårt at det sterke, tematiske bandet gjennom songane var forsvinning, tap, endring, forskjellige former for forskuving.»[3]
Eit anna tema som går att i mange av songane er World Trade Center og bilete av fly, sjølv om Hammill har nekta for «nokre direkte» referansar til 9/11.[4]
Songen «Your Face on the Street» var inspirert av forsvinninga til Melanie Hall i Bath, der Hammill budde. Noko av teksten var skriven på tida då Hall forsvann, og då albumet kom ut var ho enno ikkje funnen. Seinare vart ho funnen drepen.[5]
I følgje François Couture i AllMusic er Thin Air: «... kanskje mindre eksperimentelt enn Singularity, men meir dystrare – og meir samanhengande og konsistent.» Songane har «nesten ingen perkusjon, berre akustisk gitar, piano, nokre krokete elektriske gitarlinjer, bass, og korvokal, sungen på den måten som har blitt varemerket hans».[1]
Plateomslaget var designa av Paul Ridout, ved hjelp av stillbilete frå videoverket hans «Minutely Observed Horizon».[6]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Peter Hammill.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Mercy» | 6:21 |
2. | «Your Face on the Street» | 5:21 |
3. | «Stumbled» | 4:48 |
4. | «Wrong Way Round» | 2:40 |
5. | «Ghosts of Planes» | 5:23 |
6. | «If We Must Part Like This» | 4:38 |
7. | «Undone» | 4:25 |
8. | «Diminished» | 6:11 |
9. | «The Top of the World Club» | 7:03 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Peter Hammill – vokal
Teknisk[endre | endre wikiteksten]
- Peter Hammill – lydteknikar, miksing (Terra Incognita, Wiltshire)
- Paul Ridout – design, fotografi
Notes[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Thin Air (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Couture, François. Thin Air av Peter Hammill på Allmusic
- ↑ Easlea, Daryl. «BBC – Music – Review of Peter Hammill – Thin Air». Henta 9. august 2020.
- ↑ «Mojo piece». Henta 9. august 2020.
- ↑ «Sofa Sound – Newsletters». www.sofasound.com. Henta 9. august 2020.
- ↑ «Sofa Sound – Newsletters». www.sofasound.com. Henta 9. august 2020.
- ↑ Ridout video på YouTube