Think About Things

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Think About Things»
Song av Daði og Gagnamagnið
Land Island
Språk Engelsk
Utgjeve 10. januar 2020
Innspelt 2019
Sjanger EDM, synth rock, elektropop
Lengd 02:53
Låtskrivar(ar) Daði Freyr Pétursson
Produsent Daði Freyr Pétursson, Arna Lára Pétursson, Bassi Ólafsson, Aron Ingi Albertsson

«Think About Things» (islandsk tittel: «Gagnamagnið», norsk omsetjing: datamengda) er ein song frå 2020 av den islandske songaren Daði Freyr Pétursson og bandet hans Gagnamagnið. Songen vart gjeven ut 10. januar 2020 under sin islandske tittel, og den engelske versjonen vann den islandske songtevlinga Söngvakeppnin laurdag 29. februar 2020. Med sigeren vart «Think About Things» det islandske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Daði Freyr Pétursson og har ei islandsk tekst med tittelen «Gagnamagnið», og ei engelsk tekst med tittelen «Think About Things». Dei to tekstene har ulike innhald. Medan den islandske teksta handlar om at bandet Gagnamagnið kjem frå framtida for å redda verda med sin splitter nye dans, handlar den engelske teksta om dottera til låtskrivaren, som vart fødd i 2019.[2] I eit intervju uttala Daði sjølv at han såg på den engelske versjonen som «den verkelege utgåva av songen».[3]

« Teksta til «Think About Things» er ei av dei mest personlige eg har skrive. Songen handlar om veslejenta mi, som vart fødd i april i fjor. I teksta snakkar eg om kjensla du har dei fyrste dagane og vekene når du veit at du elskar denne personen av heile ditt hjarta, sjølv om de eigentleg ikkje har noko særleg samhandling. »

Den islandske versjonen vart gjeven ut 10. januar 2020, medan den engelske versjonen deltok i den islandske songtevlinga Söngvakeppnin, den islandske versjonen av Melodi Grand Prix. I tevlinga deltok låten i den andre semifinalen laurdag 15. februar, og den vann til slutt finalen laurdag 29. februar.[4] Den engelske versjonen vart dimed det islandske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 så EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5] Island skulle ha delteke i semifinale 2 torsdag 14. mai 2020, men fekk aldri delteke i tevlinga.

Før Eurovision Song Contest 2020 vart avlyst, trekte fans, presse og veddemålsbyrå fram «Think About Things» som ein vinnarkandidat.[6][7] Då Noreg og Sverige arrangerte alternative Eurovision-finalar i mai 2020, vann «Think About Things» avrøystinga i begge land.[8][9]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«Think About Things har teke seg inn på fleire hitlister rundt om i Europa.

Liste (2020) Høgste

plassering
Belgia (Ultratip Flandern) 3
Island (Tónlistinn)[10] 1
Irland (Irish Singles Chart)[11] 3
Skottland (Official Charts Company)[12] 10
Sverige (Sverigetopplistan)[13] 33
Storbritannia (UK Singles Chart)[14] 34

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Gagnamagnið / Think about things» (på engelsk). 17. januar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  3. «Daði Freyr: “I originally wrote the song in English to me that is the real version of the song”» (på engelsk). Henta 1. mars 2020. 
  4. «Daði & Gagnamagnið win Söngvakeppnin with "Think About Things"» (på engelsk). 29. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  6. «Odds Eurovision Song Contest 2020». Henta 16. mai 2020. 
  7. «Iceland Is the Favourite to Win Eurovision 2020» (på engelsk). 3. mars 2020. Henta 16. mai 2020. 
  8. Brennås, Maiken Amanda (15. mai 2020). «Island ble Norges favoritt» (på norsk bokmål). Henta 16. mai 2020. 
  9. «Island fick Sveriges tolva i alternativa Eurovision» (på svensk). 14. mai 2020. Henta 16. mai 2020. 
  10. «TÓNLISTINN – LÖG». Tónlistinn. Henta 25. mars 2020. 
  11. «IRMA – Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 22. mai 2020. 
  12. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 25. mai 2020. 
  13. «Veckolista Singlar, vecka 21». Sverigetopplistan. Henta 22. mai 2020. 
  14. «think about things | full Official Chart History | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 25. mai 2020.