This Boy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
This Boy
av The Beatles
A-side
Utgjeve 29. november 1963
Innspelt 17. oktober 1963
Sjanger
Lengd 2:13
Selskap
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«She Loves You»
(1963)
This Boy «Can't Buy Me Love»
(1964)


«This Boy» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles, skriven av John Lennon[3][4] (og tilskriven Lennon–McCartney). Han kom ut i november 1963 som B-side til den britiske Parlophone-singelen «I Want to Hold Your Hand». Songen finst òg på den amerikanske albumet Meet the Beatles! frå 1964. The Beatles framførte songen live den 16. februar 1964 for den andre framføringa deira på The Ed Sullivan Show.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen var Lennon sitt forsøk[3][4] på å skrive ein song i same stil som Motown-stjerna Smokey Robinson,[5] særskild songen hans «I've Been Good To You», som har ein liknande doo-wop-akkordsekvens, melodi og arrangement. Melodien og arrangementet har òg somme likskapar til «You Don't Understand Me», ei B-side til ein singel av Bobby Freeman.[6]

Ein instrumental versjon av «This Boy», orkestrert av George Martin, vart nytta som bakgrunnsmusikk under ein scene med Ringo Starr i filmen A Hard Day's Night. Stykket, med tittelen «Ringo's Theme (This Boy)», kom ut på singel, men nådde ikkje salslistene i Storbritannia.[7] Singelen nådde derimot 53. plassen på den amerikanske singellista i 1964.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

The Beatles spelte inn «This Boy» den 17. oktober 1963. Same dagen spelte dei inn «I Want To Hold Your Hand» og ein versjon av «You Really Got a Hold On Me». Dei brukte femten forsøk på å spele inn «This Boy» etterfølgd av to overdubbingar. Songen vart spelt in med ein avrunda slutt, men vert tona ut under miksinga den 21. oktober.[8] To av opptaka vart slått saman til det endelege masteropptaket.[4]

Eit konsertopptak av songen frå Two of a Kind i 1963 kom ut på Anthology 1 og to ufullstendige forsøk frå den opphavlege innspelinga vart gjeven ut på singelen «Free as a Bird».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Robson & Jerome spelte inn songen det sjølvtitulerte albumet deira frå 1995. Albumet deira låg på toppen av den britiske albumlista, samstundes som The Beatles sitt Anthology 1, som innheld ein versjon av songen, kom ut og gjekk inn på andreplassen..[9]

The Smithereens spelte inn songen i 2007 på albumet deira Meet The Smithereens!

Algernon Cadwallader spelte inn songen på Cover Up - A Covers Compilation av Biff Swenson.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pedler, Dominic (2010). The Songwriting Secrets Of The Beatles. Omnibus Press. s. 81–82. ISBN 9780857123466. 
  2. «The Beatles - This Boy - AllMusic». AllMusic. Henta 23. november 2014. 
  3. 3,0 3,1 Harry 1992, s. 650.
  4. 4,0 4,1 4,2 MacDonald 1998, s. 92.
  5. Sheff 2000, s. 193.
  6. All Together Now, the ABC of the Beatles songs and albums, David Rowley (2013), page 183–84
  7. The Beatles Record Collection 2011.
  8. The Beatles Bible 2008.
  9. «Official UK Albums Chart Top 100 - 26. november-2. desember 1995». Official Charts. Henta 18. august 2015. 
  10. «Freebies: Two New Mixtapes Offer Covers of ‘N Sync, Springsteen, INXS, Beasties, and 23 More Artists!».