This Christmas av Donny Hathaway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
This Christmas
Singel av Donny Hathaway
B-side «Be There»
Utgjeve 1970
Innspelt 1970
Sjanger Jul, R&B
Lengd 3:51
Selskap Atco Records
Låtskrivar(ar) Donny Hathaway (som «Donny Pitts») og Nadine McKinnor
Donny Hathaway-kronologi
«The Getto - Part 1»
(1970)
This Christmas «You've Got a Friend» (duett med Roberta Flack)
(1971)


«This Christmas» er ein song av den USA-amerikanske jazzmusikaren Donny Hathaway, gjeven ut i 1970 av Atco Records. Songen fekk fornya interesse i 1991 då han var med på samleplata Soul Christmas[1] og har sidan blitt ein moderne julestandard, og American Society of Composers, Authors and Publishers har rapportert at songen er den 30. mest framførte julesongen gjennom tidene.[2]

Phil Upchurch har sagt at det er «den absolutt beste julesongen skriven av ein afroamerikanar». Han vart skriven av Hathaway og Nadine McKinnor.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«This Christmas» vart spelt inn i Audio Finishers Studio på Ontario Street i Chicago hausten 1970.[1] Ric Powell sa at Hathaway var «i særs godt humør under innspelinga og at han «visste kva han ønskte å gjere musikalsk og kva innverknad songen skulle ha» sidan det vart ein afroamerikansk julesong.[1] Nadine McKinnor sa ho følte seg «velsigna som har skrive ein song med Donny som feirar mogelegheitene og forventningane til jul og all moroa og den lukkelege tida», og at skrivinga av songen «var Guds plan. Gud var i planen. Og Donny Hathaway var eit geni.»[4]

«This Christmas» vart gjeve ut på singel i 1970, men selde dårleg,[5] og nådde berre Julesingellista til Billboard ei enkel veke den 23. desember 1972, med ein 11. plass.[6] I 1991 hadde Atco Records med songen på den nye utgåva av samlealbumet sitt Soul Christmas.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Etter samleplata Soul Christmas i 1991 byrja mange andre artistar å spele songen, særleg pop- og R&B-artistar. Før denne utgjevinga hadde artistar som The Temptations, Gladys Knight & the Pips, og Patti LaBelle, som kalla eit julealbum opp etter songen, spelt inn songen. Diana Ross spelte inn songen i 1974 og denne vart først gjeven ut på Motown Records-samlealbumet Christmas in the City i 1993.

Andre innspelingar av songen er gjort av Gloria Estefan (1993), Christina Aguilera (2000), Destiny's Child (2001), Harry Connick jr. (2003), Aretha Franklin (2008), Cee Lo Green (2012), Lady Antebellum (2012), Pentatonix (2012), John Travolta og Olivia Newton-John (2012) og Mary J. Blige (2013). Ein versjon av Chris Brown for filmen med same namn (2007) nådde 62. plassen på Billboard Hot 100.[7] Denne versjonen var med på lista til AccuRadio over dei fem verste julesongane.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hoekstra, David (13. desember 2009). «Donny Hathaway's «This Christmas"». Chicago Sun-Times. Henta 7. november 2015. 
  2. «ASCAP Unwraps the Top 30 Holiday Songs of the Century». ASCAP. Henta 7. november 2015. 
  3. «This Christmas - Donny Hathaway». AllMusic. Henta 7. november 2015. 
  4. Waldron, Clarence (24. desember 2007). «Writer Of «This Christmas» Song Describes Its Timeless Appeal». Jet. 
  5. Hildebrand, Lee (1994). Stars of Soul and Rhythm & Blues. Billboard Books. s. 93. 
  6. Whitburn, Joel (2004). Christmas in the Charts (1920-2004). Wisconsin: Record Research Inc. s. 39. ISBN 0-89820-161-6. 
  7. «Chris Brown - Chart History». Billboard. Henta 7. november 2015. 
  8. Bowden, Eric. «Which States Have the Most Holiday Spirit?». AccuRadio. Henta 7. november 2015.