This Is Our Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«This Is Our Night»
Singel av Sákis Rouvas
frå albumet This Is Our Night
B-side «Right on Time»
«Out of Control»
Land Hellas
Språk Engelsk
Utgjeve 12. februar 2009
(Sjå utgjevingshistorie)
Innspelt September 2008–januar 2009
Sjanger Elektropop og dance
Lengd 2:59
Selskap Minos EMI
Låtskrivar(ar) Dimítris Kontópoulos, Craig Porteils og Cameron Giles-Webb
Produsent Dimítris Kontópoulos
Sákis Rouvas-kronologi
«Zíse ti zoí»
(2007)
«This Is Our Night» «Spáse to khróno»
(2009)


«This Is Our Night» (engelsk for Dette er vår natt) var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, framførd på engelsk av Sákis Rouvas. Songen er skriven av Dimítris Kontópoulos, Craig Porteils og Cameron Giles-Webb, og vart gjeven ut 12. februar 2009. «This Is Our Night» vart teken med på nyutgjevinga av albumet Írthes, This Is Our Night, i 2009.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Hellas i Eurovision Song Contest 2009[endre | endre wikiteksten]

«This Is Our Night»
Hellas i Eurovision Song Contest 2009
Land Hellas
Artist(ar) Anastásios Rouvás jr.
Alias Sákis Rouvás
Språk Engelsk
Komponist(ar) Dimítris Kontópoulos
Låtskrivar(ar) Craig Porteils og Cameron Giles-Webb
Resultat
Plass 1

15. juli 2008 vart Sákis Rouvás valt internt av Ellinikí Radiofonía Tileórasi til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2009. I den nasjonale uttakinga framførde Róuvas tre songer, mellom dei «This Is Our Night», på engelsk. Songen fekk 81 prosent av røystane og vann. Rouvás fekk representere Hellas med «This Is Our Night».

Eurovision Song Contest 2009[endre | endre wikiteksten]

«This Is Our Night»
Eurovision Song Contest 2009
Land Hellas
Artist(ar) Anastásios Rouvás jr.
Alias Sákis Rouvás
Språk Engelsk
Komponist(ar) Dimítris Kontópoulos
Låtskrivar(ar) Craig Porteils og Cameron Giles-Webb
Resultat
Semifinalepoeng 110
Semifinaleplass 4
Finalepoeng 120
Finaleplass 7
Hellas i Eurovision Song Contest
«Secret Combination»
(2008)
«This Is Our Night» «OPA»
(2010)

Hellas deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2009 og enda på fjerdeplass med 110 poeng; tolv frå Kypros og Albania, ti frå Serbia og Nederland, seks frå Ungarn, Moldova, Frankrike og Spania, fem frå Slovakia og Estland, fire frå Latvia, Slovenia, Aserbajdsjan, Litauen, Ukraina og Russland, tre frå Kroatia, to frå Polen og Danmark og eitt frå Noreg. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på sjuandeplass med 120 poeng; tolv frå Albania, Bulgaria og Kypros, ti frå Armenia, åtte frå Romania, sju frå Kroatia og Malta, seks frå Tyskland og Serbia, fem frå Bosnia-Hercegovina, Storbritannia, Belgia og Kviterussland, fire frå Russland, Slovenia og Ungarn, to frå Sverige, Montenegro og Sveits og eitt frå Spania og Nederland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda femteplass med 151 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med 93 poeng. Av di Hellas enda på topp 10 for sjette år på rad vart landet det nest mest vellukka deltakarlandet det siste tiåret til tross for at dei ikkje deltok i 2000.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

  • Digital nedlasting
  1. "Right on Time" – 3:05
  2. "This Is Our Night" – 2:59
  3. "Out of Control" – 3:01
  • CD-singel
  1. "This Is Our Night" – 2:59
  2. "Right on Time" – 3:05
  3. "Out of Control" – 3:01

Utgjevingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Selskap Format
Hellas 12. februar 2009 Minos EMI Radiosingel
25. februar 2009 Minos EMI Digital nedlasting
Kypros 12. februar 2009 Minos EMI Radio single
Belgia 23. mars 2009 Minos EMI Radiosingel
23. mars 2009 Minos EMI Digital nedlasting

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2009) Plassering
Swedish Singles Chart[1] 30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Mal:Greske songar i Eurovision Song Contest Mal:Songar i Eurovision Song Contest 2009