This Old Heart of Mine (Is Weak for You)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
This Old Heart of Mine (Is Weak for You)
Singel av The Isley Brothers
frå albumet This Old Heart of Mine
Utgjeve 12. januar 1966
Innspelt Hitsville U.S.A. (Studio A); 1965
Sjanger Soul, pop
Lengd 2:46
Selskap Tamla
54128
Låtskrivar(ar) Holland–Dozier–Holland
Sylvia Moy
Produsent Brian Holland
Lamont Dozier
The Isley Brothers-kronologi 
«Love Is a Wonderful Thing»
(1966)
This Old Heart of Mine (Is Weak for You) «Take Some Time Out for Love»
(1966)


«This Old Heart of Mine (Is Weak for You)» er ein song av The Isley Brothers frå 1966 som vart ein hit for dei då dei var på Motown-etiketten Tamla. Med Ronald Isley på solovokal nådde «This Old Heart of Mine» 12. plassen på Billboard Hot 100 og sjetteplassen på Billboard R&B Singles-lista.[1]

I Storbritannia nådde songen 47. plassen i april 1966, men gjekk inn att på lista i 1968 og nådde då tredjeplassen i november, den høgaste plasseringa gruppa fekk der..[2]

Songen vart skriven av hovudlåtskrivarlaget til Motown, Holland–Dozier–Holland, i lag med Sylvia Moy. Innspelinga var produsert av Brian Holland og Lamont Dozier, og var opphavleg meint for The Supremes (som seinare spelte inn sin eigen versjon på albumet The Supremes A' Go-Go). Singelen vart den einaste store hitten til gruppa medan dei var på Motown, som dei forlet i 1969 for å starte sitt eige selkap, T-Neck. Tammi Terrell spelte òg inn songen for Irresistible i januar 1969.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

This Old Heart of Mine
Singel av Rod Stewart
frå albumet Atlantic Crossing
B-side

«All In the Name of Rock 'n' Roll»

Utgjeve November 1975
Sjanger pop
Lengd 4:04
Selskap Riva
Låtskrivar(ar) Holland–Dozier–Holland
Sylvia Moy
Produsent Tom Dowd
Rod Stewart-kronologi 
«Sailing»
(1975)
This Old Heart of Mine «Tonight's the Night (Gonna Be Alright)»
(1976)
-kronologi
«Dynamite»
(1989)
This Old Heart of Mine «Downtown Train»
(1989)


Rod Stewart-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1975 gav Rod Stewart ut ein versjon av songen som nådde 83. plassen i USA. I 1989 gav Stewart ut ein annan versjon av songen i ein duett med Ronald Isley sm nådde 10. plassen på amerikanske Billboard Hot 100-lista og fem veker på toppen av Adult Contemporary-lista.[3] Den seinare versjonen var produsert av Bernard Edwards og Trevor Horn og kom ut på Warner Records.

Årslister
Liste (1990) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[4] 22

Luv'-versjonen[endre | endre wikiteksten]

This Old Heart Of Mine
Singel av Luv'
Utgjeve 1992
Innspelt 1992
Sjanger Dance
Lengd 4:03
Selskap JAM
Låtskrivar(ar) Holland–Dozier–Holland
Sylvia Moy
Produsent Jacques Zwart (a.k.a. E. Mergency)
Luv'-kronologi 
«The Last Song»
(1991)
This Old Heart Of Mine «Megamix '93»
(1993)


«This Old Heart of Mine» var den 25. singelen til den nederlandske jentegruppa Luv', gjeve ut i 1992 på nederlandske JAM. Det var den siste innspelinga med besetninga Marga Scheide, Carina Lemoine og Diana van Berlo før den originale trioen kom saman att i 1993.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1966 vart songen spelt av The Zombies, i 1975 av Bettye Swann (ikkje gjeve ut før 2014), i1978 av Flame, i 1983 av Randy Crawford, i 1990 av The Contours, i 2010 av A Loss For Words, i 2012 av Stefanie Heinzmann og i 2014 på Dublin to Detroit av irske Boyzone.

Soulgruppa The Impressions gav ut sin «Can't Satisfy» i 1966. Motown meinte at songen var for lik «This Old Heart Of Mine» og saksøkte. Dei vann søksmålet og Curtis Mayfield måtte oppføringa av låtskrivarar me Motown-laget Holland-Dozier-Holland og Sylvia Moy for songen sin. Uansett vart «Can't Satisfy» ein hit på R&B-lista for gruppa og nådde 12. plassen der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 277. 
  2. Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952-2004 (1st utg.). London: Collins. s. 383. ISBN 0-00-717931-6. 
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 233. 
  4. «Top 100 Hit Tracks of 1990». RPM. Henta 26. november 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]