Thomaí Apérgi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomaí Apérgi
Fødd23. desember 1988 (35 år)
FødestadTinos
FødenamnΘωμαή Απέργ
OpphavHellas
Aktiv2012–
Sjangerjazz
Instrumentvokal
PlateselskapPanik Records
Verka somsongar, jazzmusikar

Thomaí Apérgi (fødd 23. desember 1988 i Tínos) er ein gresk songar. Apérgi gjorde sin første profesjonelle debut under Panik Records i 2012 med hennar fyrste singel «What's Your Name (Mia vradiá)». Ho er òg kjend for å ha delteke i EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest i Malmö i Sverige.

I april 2013 var ho ein av deltakarane i den fyrste sesongen av Your Face Sounds FamiliarANT1.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

EUROSONG 2013 - a MAD show[endre | endre wikiteksten]

Apérgi deltok i EUROSONG 2013 - a MAD show med songen «One Last Kiss», og var ein av favorittane til å vinne. Ho enda derimot på tredje- og nest sisteplass, og fekk ikkje representere Hellas i Eurovision Song Contest 2013.

EUROSONG 2015 - NERIT & MAD show (60 khrónia musikí)[endre | endre wikiteksten]

Saman med Legend vil Apérgi delteke med «Jazz & sirtáki» i EUROSONG 2015 - NERIT & MAD show (60 khrónia musikí), den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]