Thomas-François Dalibard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas-François Dalibard
Fødd5. november 1709
comté du Maine
Død1778
NasjonalitetKongedømet Frankrike
Yrkefysikar, naturvitar
EktefelleFrançoise-Thérèse Aumerle de Saint-Phalier Dalibard

Thomas-François Dalibard (fødd 1709 i Crannes-en-Champagne i Frankrike, død 1799) var ein fransk fysikar.

Han møtte Benjamin Franklin i 1767[1] under ei av reisene til Franklin i Frankrike, og det vert sagt at dei vart vener.

I 1750 publiserte Franklin eit forslag til eit eksperiment for å avgjere om det fanst elektrisitet i lyn. Han foreslo å strekkje ein leiar inn i ei sky som såg ut til å kunne gje torevêr. Om det fanst elektrisitet i skya, ville leiaren kunne dra dette ut frå ho.

Elektrisitetseksperiment[endre | endre wikiteksten]

Dalibard omsette forslaget til Franklin til fransk og i mai 1752 utførte han eksperimentet med hjelp av ei 13 meter høg metallstang ved Marly-la-Ville. Det vert sagt at Dalibard nytta vinflasker for å jorde stange, og han klarte å trekkje ut elektrisitet frå ei låg sky. Det er ikkje kjend om Franklin sjølv utførte dette eksperimentet.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]