Thomas Carlyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Carlyle
Thomas Carlyle lm.jpg
Fødd4. desember 1795
Ecclefechan
Død5. februar 1881
London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Skottland
Områdefilosofi, historie, matematikk
Yrkelingvist, litteraturhistorikar, historikar, omsetjar, matematikar, filosof, essayist, skribent, litteraturkritikar, romanforfattar, lærar
InstitusjonarUniversity of Edinburgh
Alma materUniversity of Edinburgh
Annan Academy
EktefelleJane Welsh Carlyle
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Thomas Carlyle (4. desember 17955. februar 1881) var ein skotsk historikar og forfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Carlyle var fødd i Ecclefechan i Dumfriesshire.[1] Han studerte ved Universitetet i Edinburgh og forsørgde seg sidan som folkeskulelærar og seinare som informator. Han skulerte seg til ein omfattande kunnskap om tysk skjønnlitteratur og filosofi, og blei med tida ein av dei aller fremste kjennarane av tysk romantikk i England. Mellom anna skreiv han ein omfattande biografi om Schiller og omsette Wilhelm Meisters Lehrjahre av Goethe.

I 1821 gjekk han gjennom ei åndeleg krise som gav han søvnlause netter, men som på sikt styrkte han og fekk han til å tru på ei guddommeleg verdsordning.

I 1826 gifta han seg med Jane Baillie Welsh (1801–1866) og busette seg på garden hennar i Craigenputtock i ein aude del av den skotske landsbygda. Der skreiv han den delvis sjølvbiografiske og i England særs høgt skatta Sartor resartus (1836), der han skildra den religiøse tvilen sin. Han fekk seg eit namn med verket sitt om den franske revolusjonen, The French Revolution: A History (1837).

Åra 1837–1840 gav han ei rekke forelesningar, mellom anna On Heroes, Hero-Worship, and The Heroic in History.[2] Han skreiv òg fleire pamflettar, som Brev og taler av Cromwell (1845), der han gjekk til åtak på liberalismen.

1858–1865 skreiv han eit omfattande verk om Fredrik den store, History of Frederick the Great.

Dei historiske verka hans er kjenneteikna av sterk innleving om miljø så vel som personar, men var òg tidvis sarkastiske i stilen.

I 1865 blei Carlyle rektor for Universitetet i Edinburgh, som var den fremste heideren ein kunne få i Skottland på denne tida. Innsettingstalen hans fekk stor gjennomslagskraft og førte til at bøkene hans fekk stor tyding og blei sterkt etterspurde.

Innverknaden hans på engelsk kulturliv var særs stor, og forfattarar som Robert Browning, Charles Dickens og John Ruskin vart sterkt påverka av han. Verket hans om den franske revolusjonen var til dømes inspiration for Dickens sitt verk A Tale of Two Cities (1859).[3]

Etter at kona hans døydde i 1866 las han dagbøkene hennar og forstod då til si store sorg at han ved å ha vore ein arbeidsnarkoman hadde gjort livet hennar fattig på gleder og at ho i heile ekteskapa deira hadde følt seg mislykka og forstumma.

Han samanfatta livet sitt i boka Reminiscences, som kom ut etter at han døydde. Her skildra han seg sjølv frå ein ufordelaktig synsvinkel og kunne ikkje tilgi seg sjølv for å ha neglisjert kona si og ønska hennar.

Huset hans i London på Cheyne Row i Chelsea der han budde har vore eit museum sidan 1886.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thomas Carlyle and Dumfries & Galloway». D&G online. Henta 9. juli 2020. 
  2. Carlyle, Thomas (1841). On Heroes, Hero-worship, & the Heroic in History. New York: D. Appleton & Co. s. 34. The history of the world is but the biography of great men. 
  3. «Thomas Carlyle | British essayist and historian». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 13. desember 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Thomas Carlyle
Wikisource

Originaltekst av Thomas Carlyle ved Wikisource.