Thomas Cook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Cook
Thomas.Cook.jpg
Fødd 22. november 1808
Derbyshire
Død

18. juli 1892
Leicester

Thomas Cook på Commons

Thomas Cook (22. november 180818. juli 1892) var ein engelsk forretningsmann og grunnleggjaren av det første reisebyrået i verda.

Cook var frå Melbourne i Derbyshire i England. Han vart med i avhaldsrørsla som ung, og i samband med dette organiserte han rimelege «selskapsreiser» for medlemmane. Den første var ei togreise 5. juli 1841 frå Leicester til Loughborough, der 500 britiske avhaldsfolk var med. Han grunnla deretter reisebyrået Thomas Cook and Son. I 1872 organiserte han den første selskapsreisa jorda rundt, som varte i 222 dagar, og tidleg på 1870-talet lanserte han òg dei første reisesjekkane og internasjonale rundreisebilletter.

Særleg Cooks reiser til Austen var populære, og inkluderte alt frå tolk og transportmiddel til telt. Reisebyrået arrangerte til og med pilegrimreiser til Mekka.

Cook-familien var eigarar av reisebyrået fram til 1928.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]